Nr 1 - 2002

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Håpar på positive ringverknader

– Så langt har prosessen med Senter for framifrå forsking vore ein stor suksess for UiB og Bergen generelt. Ikkje berre har me fått mange gjennom til neste runde, men mange av dei som ikkje kom vidare, har fått svært gode evalueringar.

Tekst: Hilde Kvalvåg og Kristin Hjertaker

Det seier tidlegare prorektor Sigmund Grønmo. Han har hatt ein sentral rolle som leiar for forskingsutvalet til Kollegiet, og som leiar for arbeidet med Handlingsplan for fagleg profilering og kvalitetsutvikling ved UiB.

Grønmo er oppteken av at universitetet no stiller opp med ressursar og apparat for å bistå dei som er komne gjennom til siste runde med å styrka søknadene framfor finaleheatet.

– Eg ser det også som viktig at sentra me til slutt får, blir organiserte og utvikla på ein slik måte at dei får størst mogleg ringverknader for universitetet. Dei må ikkje berre bli viktige for forskinga dei sjølv driv, men kunna styrka forskingsmiljøa i noko større breidde. Ei slik integrering av desse sentra i universitetet generelt, blir overmåte viktig, seier Grønmo.

Også dei fagmiljøa som ikkje kjem gjennom som Senter for framifrå forsking kan få utbytte av konkurransen, meiner Grønmo.

– Me må sørga for at dei positive evalueringane som svært mange av søkjarane har fått, vert utnytta på ein god måte i andre samanhengar, seier han.

Ikkje motsetning

Den einaste faren Grønmo ser ved ordninga med Senter for framifrå forsking, er at ho kan koma til å gå på bekostning av dei små fagmiljøa.

– Det ville vera ei ulukke dersom dette skulle føra til ei utarming av viktige, men små miljø. Dette må me passa på at ikkje skjer, understrekar Grønmo.

Han viser til føresetnaden om at pengane til SFF skal koma frå den nye forskingsfondet – og at ressursane dermed skal bestå av såkalla friske pengar.

– Eg er svært positiv til tiltaket med SFF, og ser ikkje nokon motsetnad mellom det å betra tilhøva og moglegheitene for spissane samstundes med at ein tek vare på mangfoldet, seier Grønmo.

– Mangfaldet er ein føresetnad for at ein skal oppdaga og få utvikla spisskompetansen, sluttar han.

 

 

Professor og tidlegare prorektor Sigmund Grønmo.

Mer om finalistene:

I den europeiske sivilisasjonens vugge

Datasikkerhet på høyt nivå

Havets økosystem – et viktig puslespill

Vil finne årsakene til psykiske lidelser

Vil sikre Norges fiskerifremtid

Vil gi bedre klimaprognoser

Markedet som middel i miljøpolitikken

Kan tena milliardar på betre utnytting av oljeressursane

Den europeiske kulturarven

Fra empiri til teori til industri

Betre vilkår for dei beste

Håpar på positive ringverknader

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen