|
"Vi kan spise oss til kugalskap" skriv Bergens Tidende fredag
7. desember 2001. Avisa har intervjua nobelprisvinnar i medisin
Stanley B. Prisner om kugalskap og Creutzfeld Jacobs syndrom og
slår det opp med dramatisk overskrift og ditto bilete. Prisner
har forska på prionar og deira rolle i utviklinga av kugalskap,
og vi får vita at mykje framleis er usikkert både når det gjeld
korleis sjukdomen utviklar seg hos dyr og korleis den vert overført
til menneske. Trass i auka kontrollar kan vi difor vi ikkje vera
trygge på at kjøtet vi et er sjukdomsfritt.
Aviser og blad er fulle av liknande oppslag om negative helseverknader
av ulike slags matvarer og om usynlege farar som maten vi et bringar
med seg. Kugalskap-syndromet er ikkje unikt i denne samanhangen,
berre meir dramatisk, fordi det kan gje oss ein dødeleg sjukdom
det ikkje finst medisinar mot.
Kva skjer med oss når vi les slikt? Droppar vi laurdagsbiffen
etter å ha lese om kugalskap dagen før eller kjenner vi berre
et svakt ubehag som vi svelgjer ned med den første slurken raudvin?
Påverkar media sine oppslag om risiko ved mat oss og i så fall
korleis?
Slike spørsmål er noko av utgangspunktet for forskingsprosjektet
"Mat, kjønn og miljø i det austlege Sentral-Europa". Med fokus
på korleis nokre utvalde tsjekkiske familiar handterer helse,
- og risikospørsmål i høve til mat, studerer eg samanhengar mellom
daglegdags matstrev, familierelasjonar, (mat)- kultur, og nasjonal
og internasjonal matvarepolitikk. Interessa for desse problemstillingane
fekk eg under doktorgradsarbeidet mitt om postkommunistisk transformasjon
på den tsjekkiske landsbygda. Eg vart då merksam på kor viktig
spørsmålet om mat og reinleik var for folk der. Folk driv eit
intensivt kjøkenhagebruk til eige forbruk og mange er opptekne
av kvalitetsforskjellar mellom eigenproduserte matvarer og "industrimaten".
I denne nye studien utforskar eg vidare skiljet mellom "heimematen"
og "industrimaten" og ser det i samband med andre liknande skilje
(t.d. mellom tsjekkisk og utanlandsk mat) og med meir vidtfemnande
førestellingar om kva som er sunt og kva som ikkje er det. Ein
viktig grunn til at mat i Tsjekkia er eit interessant studieobjekt
er dessutan at landet er midt oppi ein omstillingsprosess der
tilpassing til EU er eit nøkkelord. EU-tilpassinga har mykje å
seie både for import og eksport av mat og for nasjonal matvarepolitikk
og -kontroll.
Prosjektet mitt baserer seg på eit kvalitativt datamateriale
samla i perioden juni - november 2001, i byen Plzen og på landsbygda
i Sør-Bøhmen. Presentasjonen som følgjer er smakebitar frå dette
ferske stoffet. Eg vil visa nokre glimt av kva som skjedde då
kugalskapen kom til landet.
Tsjekkia har til no vore eit land fritt for alvorlege dyresjukdommar
og utan større matvareskandaler på rullebladet. Rett etter eg
byrja prosjektet mitt, ja, faktisk dagen før eg skulle dra i felten
på datainnsamling, kom meldinga om at også Tsjekkia var blitt
ramma av kugalskap. Det første tilfellet vart oppdaga i eit slakteri
aust i landet. Eit par månader seinare vart eit nytt slakteri
ramma. I vekene etter oppdaginga av det første tilfellet var avisene
fulle av artiklar både om dette spesielle tilfellet og om sjukdomen
generelt. Veterinær-styresmaktene sette straks i gong tiltak.
Alle dyr på garden det sjuke dyret kom frå vart slakta og nye
reglar for kontroll av slaktedyr og handtering av såkalla risikomateriale
vart innførde. Pressa informerte sjølvsagt både om tiltaka og
om sjukdomen; korleis den viser seg og kva delar av dyret som
vert rekna for å vera mest farlege. Mange aviser gav også tilrådingar
om kva ein burde unngå om ein frykta sjukdomen. Det vart sagt
at foredla produkt som pølser, kjøtpålegg, posteiar og gelatin
kan vera risikable men at reint kjøt bør vera nokså trygt; prionane
har til no berre vorte påviste i hjerne, ryggmarg og innvolar.
Korleis reagerte folk på denne informasjonen? Statistikken viser
at det har vore ein klår nedgang i forbruket av storfekjøt i Tsjekkia,
ein nedgang som byrja då problemet dukka opp i England og som
akselererte etter at sjukdomen kom til landet. Av kvinnene eg
intervjua om temaet var det mange som gav uttrykk for at dei hadde
endra syn på storfe etter at kugalskapen kom til landet. Ein god
del hadde redusert forbruket sitt av storfekjøt og nokre hadde
i alle fall for ein viss periode slutta å kjøpa
stykker av reint kjøt. Det var likevel få som gav uttrykk for
at dei hadde droppa pølser og kjøtpålegg og ingen som fortalde
om systematiske forsøk på å unngå alt laga av storfekjøt, t.d.
foredla produkt som gelatin og buljong.
Her kjem det fram eit paradoks. Dei eg intervjua verka godt informerte
om sjukdomen. Likevel kuttar dei først ut det som av ekspertar
blir presentert som minst farleg, nemleg det reine kjøtet. Korleis
kan dette ha seg? For det første har det å gjera med storfekjøtet
si rolle i det tsjekkiske kjøkenet. Tsjekkia er ikkje nokon biffnasjon.
Dersom storfe kjem på bordet, blir det helst servert i ulike typar
av kraftige sausar der sausen er det viktige og kjøtet til ein
viss grad let seg byta ut. Særleg på landsbygda er folk vande
med å bruka det kjøtet dei sjølve produserer til ulike føremål.
Ingen aler opp storfe heime og difor kan rettar som etter kokeboka
skulle vore servert med storfe godt koma på bordet med svin eller
kanin som erstatning. Ei anna viktig forklåring på at det reine
kjøtet forsvinn først, er at det symboliserer dyret på ein heilt
annan måte enn t.d. salamipølsa eller geléen. Når ein ser eit
rått og "blodig" kjøtstykke går tankane raskt til kua eller oksen
på slaktebenken og dermed til det ein har høyrt om slakting og
sjukdomar i det siste. Einskilde av informantane mine fortel om
kroppslege reaksjonar av avsky i møtet med kjøtet. Sjølv om dei
eigentleg hadde tenkt seg eit stykke storfekjøt til middag så
framkalla synet av kjøtet i slaktedisken tankar om kugalskap og
dermed ulyst. Meir foredla produkt har ikkje den same spontane
effekten fordi dei ikkje skapar same slags assosiasjonar til det
"dyriske".
Mine data tyder altså på at matstellet hos mange familiar har
endra seg etter at kugalskapen kom, men at overstrykingane dei
har gjort i menyen er av meir symbolsk karakter heller enn basert
på nøye vurderingar om risiko og helse. Mange folk eg tala med,
var opptekne av dei større samanhengane kring utviklinga av sjukdomen
og særleg årsakene til at sjukdomen kom til landet. Tsjekkia har
hatt ein relativt streng kontroll med import og produksjon av
storfekjøt. Britisk kjøt har t.d. ikkje vorte importert sidan
1994 og fôr av beinmjøl har vore forbode dei par siste åra. Ei
tid etter oppdaginga av det første tilfellet kom pressa med spekulasjonar
om at det smitta dyret hadde fått overført sjukdomen via feittsubstansar
i fôr importert frå Vest-Europa. Eit annan teori som kom opp,
ikkje i pressa, men i "folkesnakket", la skulda på tyske næringsinteresser.
Det første tilfellet vart oppdaga på eit stort og delvis tyskeigd
slakteri og det vart sagt at dei positive prøvene var planta i
slakteriet av representantar frå landbruksnæringa i Tyskland.
Dette hadde dei gjort for å oppheva konkurransefordelen Tsjekkia
til då hadde hatt i høve til tysk storfeproduksjon som alt for
lenge sidan hadde vorte ramma av kugalskap.
Særleg den siste påstanden er tvilsam og minner meir om ein vandrehistorie
enn ei vitskapleg prova forklåring. Det at slike teoriar kjem
opp fortel oss likevel noko viktig. Det viser ambivalensen mange
vanlege tsjekkarar kjenner overfor "vesten" og ikkje minst skepsisen
dei har til ei EU-tilpassing der Tsjekkia heilt klart framstår
som den svake part. Mange har dessutan personlege erfaringar som
arbeidstakarar i dei etter kvart svært mange tyskeigde bedriftene
i landet. Ikkje alle desse erfaringane er positive; mange har
svært tøffe arbeidsvilkår og kjenner seg utnytta av arbeidsgjevaren
sin.
Mat handlar ikkje berre om næring. Det dreier seg også om kulturell
identitet og grenser mellom "oss" og "dei andre". I dette feltet
kjem "grenselause" sjukdomar som kugalskap inn og skaper vanskar
både for styresmaktene og for husmora. Eit nærblikk på kugalskap
i Tsjekkia viser korleis sjukdomen bringar fram ulike slags dilemma
både for den einskilde og i storsamfunnet. På den eine sida rører
den ved det nasjonale problemet om å ta vare på "vårt eige" i
ei tid då dørene står på vidt gap. På den andre sida pressar den
fram eit eksistensielt dilemma: korleis nyta "livets gleder" og
samstundes halda redsle for sjukdom på avstand og avskykjensler
i sjakk?
|