Nr 1 - 2002

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Betre vilkår for dei beste

– Me vil satsa på dei fremste forskingsmiljøa me har, og gje dei ein sjanse til å bli endå betre, seier strategidirektør Kari Kveseth i Norges forskningsråd.

Tekst: Kristin Hjertaker   Foto: Forskingsrådet

Forskingsrådet satsar tungt på den nye ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) for å fremja kvaliteten i norsk forsking. Dei gode skal bli endå betre ved at dei får ekstra ressursar over 5-10 år som gjer at dei kan konsentrera seg om langsiktig grunnforsking, og sleppa å bruka så mykje tid og krefter på å karra til seg stadig ny og ofte kortsiktig forskingstøtte. Konsentrasjon av innsatsen og kontinuitet i forskinga må til for å verta synleg internasjonalt, ifølgje Kveseth.

Men ho avviser at SFF-satsinga vil øydeleggja for resten av forskings-Noreg. Ho viser til at den planlagde støtta til SFF er på 100 millionar kroner årleg, medan summen som går til forsking (gjennom Forskingsrådet) totalt er på 3,5 milliardar kroner.

– Det er vanskeleg å finna den rette balansen mellom å satsa på breidde- og spissmiljø, men eg trur me er langt frå å satsa for mykje på spissane i Noreg, seier Kveseth.

Set krav til vertane

Strategidirektøren understrekar likevel at ein ikkje kan satsa så mykje på spisane utan at det går utover breidda. Forskingsrådet forventar at universiteta og dei andre vertsinstitusjonane som "eig" dei nye sentra, viser i praksis at dei vil satsa strategisk og økonomisk på sentra sine. Dersom eit universitet skulle få fleire SFF, vil det kunna gå med ein stor del av universitetet sine eigne forskingsmidlar. Både evne og vilje ved vertsinstitusjonane til å satsa kjem til å telja med i den siste og avsluttande vurderinga av dei 40 finalistane. Endeleg avgjerd om kven som får den ettertrakta statusen som SFF er venta i slutten av juni i år. I og med at sentra vert tidsavgrensa skal også planar for vidareføring eller avvikling av dei omsøkte sentra, vurderast. Kveseth meiner det er naturleg at vertsinstitusjonane har ein opptrappingsplan for eiga satsing på eit SFF, og at ein planlegg for tida etter at Forskingsrådet si støtte er over.

Støtta på 10-20 millionar kroner i året vil i første omgang verta gjeven for 5 år. Etter tre og eit halvt år, skal det gjennomførast ei evaluering som får innverknad på om senteret får forlenga statusen som SFF i yttarlegare fem år. Etter 10 år er det definitivt slutt.

– Forskingsrådet må vera dynamisk og stimulera ulike miljø i ein avgrensa periode. Me kan ikkje binda opp store ressursar permanent. Tanken er å ha ein ny SFF-runde om nokre år, som vil kunna gje moglegheiter til nye forskingsmiljø, seier Kari Kveseth .

– Kva for kriterier blir avgjerande når de skal plukka ut vinnarane?

– Tre element vert særleg vektlagde: for det første forskarane, kva dei har publisert og oppnådd internasjonalt, for det andre leiinga ved senteret, at også den er anerkjent og for det tredje at det må finnast ein samla forskingsplan. Det er ikkje godt nok med planar for dei einskilde forskarane når målet er å samla ressursane i større grad enn før, opplyser Kveseth. Ho legg til at kravet til ein samla forskingsplan kjem til å verta vektlagt endå meir no i den siste runden.

Kvaliteten avgjer

– Når dei tre største universiteta har gått vidare med like mange SFF-kandidatar kvar til finalen, er det grunn til å tru at også andre moment enn forskingskvaliteten har innverknad på resultatet. Tek Forskingsrådet distriktsomsyn i denne konkurransen?

– Ingen skal forbigå kvalitetskriteria. Det vil i siste runde likevel bli ei form for fordeling, både når det gjeld fagleg profil og geografisk plassering av sentra. Dersom to kandidatar stiller så å seia likt, vil utvalet som avgjer saka kunna sjå på om fagområdet eller instusjonen som er aktuell, har fått fleire senter frå før, seier Kveseth.

Det er den same internasjonale komitéen som stod for utsilinga – førre runde, som vurderer dei 40 kandidatane som er med i finalen. Dei vurderer søkjarane ut frå reine vitskaplege kriterier. I siste instans kjem altså eit utval som er oppretta av hovudstyret i Forskingsrådet inn og avgjer saka på grunnlag av instillinga til den internasjonale ekspertkomitéen. Hovudstyreutvalet vert leia av Frøydis Langmark, som også er leiar av hovudstyret.

Oppstarten av dei nye sentra vert så snart det er praktisk mogleg etter avgjerda som truleg fell i slutten av juni. Mot normalt manglar det ikkje pengar for å kunna starta opp tiltaket. Frå det nye forskingsfondet er 100 millionar kroner i året avsett til SFF.

 

 

Fakta

I slutten av juni avgjer Forskingsrådet kven som får status som Senter for framifrå forsking i Noreg. Av dei 40 finalistane er ni senterkandidatar frå UiB, og ein tiande eit samarbeid mellom UiB, SNF og NHH. Mellom 5 og 10 senter skal opp-rettast. Talet er avhengig av kor mange utstyrstunge, dyre fag som får SFF-status.

 

Strategidirektør i Norges Forskningsråd Kari Kveseth

Mer om finalistene:

I den europeiske sivilisasjonens vugge

Datasikkerhet på høyt nivå

Havets økosystem – et viktig puslespill

Vil finne årsakene til psykiske lidelser

Vil sikre Norges fiskerifremtid

Vil gi bedre klimaprognoser

Markedet som middel i miljøpolitikken

Kan tena milliardar på betre utnytting av oljeressursane

Den europeiske kulturarven

Fra empiri til teori til industri

Betre vilkår for dei beste

Håpar på positive ringverknader

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen