|
For låg utvinningsprosent er årsaka til at svært verdfulle ressursar
blir liggande att i oljereservoar under havbotnen. Forskarar ved
Universitetet i Bergen ønskjer å møta denne utfordringa med etablering
av eit Senter for framifrå forsking. Senteret vil få namnet Center
for Integrated Petroleum Research, og vil bli eit samarbeidsprosjekt
mellom seks institutt ved UiB. Som einaste forskingsmiljø på petroleumsteknologi
i Noreg gjekk søknaden frå UiB vidare til siste og avgjerande
runde i kampen om å bli Senter for framifrå forsking.
Senteret er meint å vera tverrfagleg, men likevel gå i djupna
på kvart enkelt fagfelt, seier Arne Skauge, forskingsdirektør
for petroleum ved Unifob og leiar for det planlagde SFF-senteret.
Innanfor petroleumsindustrien har grunnforsking altfor lenge
vore neglisjert til fordel for kortsiktig anvendt forsking. Dette
svekkar Noreg sitt teknologiske nivå over tid og kan gje store
samfunnsøkonomiske tap, seier Skauge.
Vi vil produsera olje dei neste femti åra, og gass dei neste
hundre. Vi ser ein tendens til at studentar trur at oljeforsking
ikkje er noko å satsa på for framtida, men det meiner eg er feil.
Vi vil halda på med petroleumsteknikk i fleire generasjonar til.
Store utfordringer i nye felt
Då oljeproduksjonen kom i gong i Noreg på byrjinga av 1970-
og 80-talet, fann ein store reservoar som til dømes Statfjord
og Oseberg. Desse store felta var, sammenlikna med nye felt som
er funne, relativt lette å utvinna og det har vore mogleg å få
opp ein stor prosentdel av olja dei inneheld. Eit anna godt døme
på store felt var det første feltet som vart funne på norsk sokkel,
Ekofisk. Dette feltet vil det ta meir enn 80 år å tømma.
I dei seinare åra har ein ikkje funne fleire store felt, men
ei rekke små felt som det er langt vanskelegare å få god utvinning
frå, seier Skauge. Han fortel at dei nyare felta er svært komplekse,
og at det difor krev ein større forskingsinnsats å intensivera
utvinninga frå desse.
I dag utvinn vi meir olje enn vi gjer nye funn. Om ein samanliknar
med å setja pengar i banken, er det meir uttak enn innskudd. Petroleumsforsking
har fått større prioritet dei siste åra, ikkje minst fordi det
er den industrien som har størst potensiale for inntening. Eit
anna moment er at forsking på utvinningsteknikk ikkje kan venta,
mellom anna fordi det er ein svært begrensa tidsperiode for produksjon
frå enkelt oljefelt.
Har du forlate eit felt, kan du ikkje gå tilbake. Difor er
det viktig å auka utvinninga medan ein er der. Med eit SFF-senter
kan vi også sikre en kontinuitet i forskning og teknologiforståing
i ein industri som er veldig skiftande, påpeikar Skauge.
Mykje å vinna på tverrfagleg samarbeid
Vi må få meir olje ut frå grunnen. For mest mogleg lønsemd
må vi få så mykje som mogleg ut av kvart enkelt reservoar. Vi
skal utvikla betre modellar for å forutsjå kvar olja er enn det
som er gjort til no, seier Skauge.
Ofte misser ein noko om ein jobbar over faggrensene. Vi ønskjer
å gjera dette på ein ny måte der vi jobbar tverrfagleg med komplekse
problem, seier Skauge.
Om ein skal ta inn ei detaljert geologisk skildring i ein matematisk
modell, så kan ein missa mykje informasjon. Det er viktig å vita
kva parameter i den geologiske beskrivinga som har størst innverknad
på straumen av vatn, olje og gass i oljereservoaret. Dette problemet
er svært komplisert og er i høg grad tverrfagleg. Det er difor
viktig å vera tverrfagleg, men utan samtidig å mista djupna i
forskninga. Innanfor det nye SFF-senteret vil vi difor satsa på
å utdanna nye forskarar som har ei brei forståing av problema
innan oljeutvinning, samtidig med at dei forskar innanfor nisjar
der dei er spesialistar, forklarar Skauge
Omlag tretti personer frå Matematisk institutt, Fysisk institutt,
Geologisk institutt , Geofysisk institutt, Institutt for mikrobiologi
og Kjemisk institutt er ivolverte. Nokre vil bli verande i sitt
fagmiljø, og andre ikkje. Hovedtemaa som vil bli handsama er såkalla
dynamisk reservoarkarakterisering, oppsprukne reservoar, reservoar
monitorering, fleirfase straum i heterogene reservoar og utvikling
av metodar for meir effektiv utvinning.
Vil dela forskingsresultat
I det planlagde senteret legg dei opp til samarbeid som óg går
ut over landegrensene, og det vil bli arrangert årlege arbeidsseminar
der deltakarar som arbeider med beslekta problemstillinger vil
bli inviterte;
Alt er ope og kan publiserast.
Den tida er forbi da forskingsresultat skulle haldast
hemmelege, seier Skauge. Noreg tener mellom 200 og 300 milliardar
per år på oljeutvinning i Nordsjøen. I strategidokumentet OG21
som er utarbeida etter oppdrag frå Olje- og energidepartementet
heiter det at Noreg har eit betydeleg potensiale for å utvinna
meir olje. Å henta ut desse verdiane vil krevja omfattande teknologisk
utvikling, og Universitetet i Bergen ønskjer altså å bidra til
dette.
|