|
I Noreg føregår det omfattande forsking på årsaker til sjukdom
hos born gjennom den store Mor og barn-undersøkinga. Prosjektet
som er eit samarbeid mellom Nasjonalt folkehelseinstitutt og Medisinsk
fødselsregister ved UiB er no oppe i 10 000 born men målsetjinga
er heile 100 000 born. No startar analysane, og om eitt til to
år kan me venta oss dei første resultata.
Medisinarar, psykologar og kulturforskarar studerer barn og barndom
frå ulike vinklar. I denne utgåva vert eit utval av den forskinga
på barn som føregår ved UiB presentert. Kontrasten er stor mellom
leikande, harmoniske barn i norske barnehagar eller temaparkar
og foreldrelause born utan håp som følgje av hiv/aids-katastrofen
i det sørlege Afrika. Men me håpar at dei utvalde prosjekta kan
visa litt av det mangfaldet som finst innanfor dette feltet, og
kanskje kan stimulera til auka interesse og status for forsking
på barn. Målet for mykje av denne forskinga vil direkte eller
indirekte vera å bidra til ein betre barndom og ei betre framtid
for borna.
Les mer her.
|