|
Jenter og gutar har ganske ulike strategiar for å handtera
livet etter at foreldra døyr. Særskilt gjeld dette korleis dei
klarar seg økonomisk. Jentene jobbar i stor grad med husarbeid
for slektningar mot mindre pengesummar, eller dei får kost og
losji i byte for arbeid. Eg finn dette både i mitt eige arbeid
og i andre undersøkingar, seier Hellen Apila. Ho tek mastergraden
i Gender and Development ved Senter for kvinne og kjønnsforskning,
UiB, og studerer barn av foreldre som er døde i aids.
Medan jentene blir rekrutterte til hushaldsarbeid, må gutane
sjå etter arbeid i den offentlege sfæren. Dei driv ofte med vasking
av bilar, riving av hus, hagearbeid, flytting eller varelevering.
Både gutar og jenter kan få stipend for å gå på skule, men
skilnaden her ligg i kva type utdanning dei satsar på. Medan jentene
vel kurs som dei kan nytta i hushaldssfæren, blir gutane ofte
bilmekanikarar, handtverkarar eller økonomar, seier Apila.
Vil ha jenter som fosterborn
Ho meiner det er større sjanse for at gutar endar opp på gata
enn jentene. Når ein slektning har valet mellom å ta seg av ei
jente eller ein gut, vil dei oftare velja ei jente fordi dette
gjev billeg arbeidskraft i heimen.
Å "adoptera" ein gut gjev færre fordelar for fosterfamilien.
Gutane kan kosta meir, også fordi dei tradisjonelt sett går til
dei dyraste skulane og vel yrkesvegar som krev lengre utdanning.
Dersom gutar har valet mellom å leva i hushald som er styrt av
born og å bu på gata, vel dei ofte det siste, seier Apila. Ein
annan faktor som gjer at gutane i større grad enn jentene ender
på gata er seksualiteten deira.
Generelt blir jenter tidlegare seksuelt modne enn gutane,
og i afrikanske land er dei også seksuelt aktive mykje tidlegare.
På grunn av dette er det mange jenter som vel å gifta seg tidleg
som ein strategi for å klara seg. På denne måten vil truleg ektemaken
ta seg av søskena hennar også. Gutane derimot vil ikkje kunna
ha dette valet og vil i større grad bli overlatne til seg sjølve
om ikkje nokon bidreg med hjelp. Ein tredje faktor er at jentene
lett kan finna arbeid som hushjelp ("housegirls"). Dette er arbeid
hjå ikkje-slektningar og dei kan få betalt mindre pengesummar.
Dette gjev også tak over hovudet, sjølv om forholda ikkje treng
å vera gode. At gutar får slikt arbeid er svært sjeldan, seier
Helen Apila. Ho har også funne at mange av borna og særskilt
jentene er utsett for seksuelle overgrep i fosterheimane
sine eller i jobbane som "housegirls". Desse overgrepa aukar også
sjansen for hiv-smitte.
|