
Vi vil bidra til at forsking om sakprosa
får eit meir solid teoretisk og lingvistisk fundament,
seier forskarane Kjersti Breivega og Kjersti Fløttum. |
Franskprofessor Kjersti Fløttum leiar det NFR-finanserte prosjektet
"Kulturell identitet i akademisk prosa: nasjonal eller disiplinavhengig"
(KIAP) som skal gå frå 2002-2004. Prosjektet har deltakarar frå
både NHH og HIT-senteret (humanistisk informasjonsteknologi) i
tillegg til Romansk institutt.
"Så langt jeg kan forstå, er denne analysen neppe holdbar".
Kunne dette dømet vore henta frå kva som helst vitskapleg artikkel?
Neppe, seier Kjersti Fløttum, ut frå dei foreløpige
resultata våre ville det vera overraskande om dette dømet stamma
frå ein medisinsk artikkel. For det første er forfattaren veldig
klart til stades, i tillegg er det eksplisitt henvising til og
kommentar av analysen til ein annan forskar, seier Fløttum som
har henta dømet frå ein norsk lingvistisk artikkel.
Forskargruppa vil undersøkja om det fins noko som kan kallast
kulturell identitet i akademisk prosa. For å finna svar på dette
brukar dei analyser som set individa "bak" forskinga og
deira meiningar og haldningar i fokus. Dei undersøkjer lingvistisk
korleis og i kva grad forfattaren kjem til uttrykk i teksten,
korleis og i kva grad andre forskarar får høve til å manifestera
seg i tekstane og korleis artikkelforfattaren "sel" forskinga
si.
På sikt vil denne forskinga avdekkje om det fins ein norsk (eller
engelsk, eller fransk) akademisk identitet. Eller om identitet
i større grad er knytt til disiplin.
Pilotstudie
Vi ser etter språklege verkemiddel som kan knyttast til argumentasjon
og som kan synleggjera kulturell likskap og ulikskap mellom ulike
språk og fag. Vi ser på engelsk, fransk og norsk forskingsformidling
innanfor dei tre disiplinane medisin, sosialøkonomi og lingvistikk.
Etter å ha gjennomført ein pilotstudie meiner vi å ha grunnlag
for å kunna seia at det er størst likskap mellom vitskaplege artiklar
frå same fagområde eller disiplin (i motsetnad til artiklar på
same språk), seier Kjersti Fløttum.
Forskargruppa skal no undersøkja 500 vitskaplege artiklar frå
medisin, økonomi og lingvistikk, gjennom så vel kvantitative som
kvalitative analysar. Artiklane blir samla i eit elektronisk korpus
med hjelp av fagfolk ved HIT-senteret. Det språktekno-logiske
perspektivet skal også førsteamanuensis Trine Dahl, NHH, arbeida
særskilt med.
Ekskluderande medisinarar?
Pilotstudien pågjekk eit halvt år og tok for seg 18 tekstar frå
medisin, økonomi og lingvistikk, seks frå kvart språk. Funna peikar
mot tre hypotesar: Den eine er hypotesen om dei 'nøytrale´,
lite uttrykksfulle medisinarane, og som ikkje gjev plass for
stemmene til andre forskarar. Her er eitt døme frå eit fransk
medisinsk tidsskrift:
"Des études révèlent que la prévalence de l'asthme se situe
entre 3¹ et 7² dans la population adulte et dépasse
10 % chez les enfants³."
(Studier avdekker at prevalensen av astma ligg mellom 3¹
og 7² prosent hos vaksne og overstig 10 prosent hos
barn³.)
Dette illustrerer det vi har funne både i engelske, norske
og franske medisinske tidsskrift. Nemleg at studiane ein nemner
blir vist til kun gjennom fotnotetall, at dei ikkje blir dregne
med i ein 'diskusjon', seier Kjersti Fløttum.
Vidare gjev pilotstudien grunnlag for hypotesen om dei be-skjedne
økonomane. Dei unngår å framheva seg sjølve gjen-n-om eigne oppfatninger
knytta til bruk av førstepersonspronomen:
"Jeg vil starte med å se på pris- og produksjonsutviklingen
på et frikonkurransemarked."
Bruken av førstepersonspronomen er her knytt til ein metakommentar
(om korleis forskaren disponerer innholdet i teksten), ikkje til
eiga mening om eit eller anna høve.
Den tredje hypotesen som har vakse fram etter pilotstudien er
den om dei argumenterande lingvistane. Dette på grunnlag av at
dei gjerne trekker stemma til andre forskarar inn i teksten. Av
og til er dette for å tilbakevisa deira resultat eller synspunkt;
"In this paper I argue that we should abandon a speech act
theory approach […]."
D for diskusjon
Kor kan ein så leita etter årsakene til faglege skilnader i
uttrykksmåte? Korleis blir det slik at du er kva du skriv?
Medisinarar skriv standardisert. Artiklane er bygd opp
etter IMRAD-strukturen (Introduction, Method, Results and Discussion).
I slike artiklar skal ein til dømes ikkje diskutera før ein kjem
til D, seier Kjersti Fløttum.
Å referera til andre kun med fotnotetal er særeige for medisinarane.
Dei slepp nesten aldri til andre forskarar i eigen tekst. I dei
medisinske artiklane er det heller ikkje mykje bruk av førstepersonspronomen.
Fløttum tolkar dette som eit ønske om at teksten skal framstå
som "rein" og "nøytral", og i tråd med ei tradisjonell oppfatning
om korleis vitskapsformidling skal vera, nemleg nøktern, ikkje-subjektiv.
Spissformulerte humanistar
Den tidlegare forskinga til Kjersti Breivega gjev vidare ein
peikepinn på at kulturfaga i større grad enn medisin er spissformulerte
og polemiske. Dei framtrer med mykje argumentasjon, og ein fører
ein dialog ved sitering.
Den kulturfaglege artikkelen er ikkje standardisert på same
måte som dei medisinske, men likevel eksisterer det også tekst-normer
her. Den kulturfaglege artikkelen er prega av jamn argu-mentasjon,
men større fridom til å velja stil. I visse disiplinar, som til
dømes historie blir den personlege stilen framelska, og er i mange
høve eit kriterium for god historieframstilling, seier Kjersti
Breivega. Ho har vore med på pilotprosjektet og skal no jobba
full tid som post.doc i KIAP-prosjektet.
Resultata frå pilotprosjektet peikar i retning av at dei
øko-nomiske artiklane plasserer seg mellom desse to "ekstremane".
I den grad økonomane brukte personleg pronomen var det reint teknisk;
Vi skal her presentere. Vårt første inntrykk var at på
den eine sida nærmar dei seg naturvitskaplege artiklar i struktur,
men samstundes inneheld dei argumentasjon.
Den foreløpige konklusjonen etter pilotundersøkinga er at likskapen
mellom artiklane til ein fransk medisinar og til ein norsk medisinar
er større enn mellom artiklane til ein norsk medisinar og ein
norsk lingvist, seier Fløttum.
I forskingsprosjektet blir kulturell identitet definert i for-hold
til bruk av språklege verkemiddel, og kun det. Poenget er at prosjektet
skal vera lingvistisk. Tidlegare forsking på området har i stor
grad vore gjennomført innafor pedagogiske, tematiske eller litteraturvitskaplege
perspektiv, påpeikar Kjersti Fløttum.
Artiklane som blir analyserte blir henta frå anerkjende tidsskrift
som British Medical Journal, Journal of International Economics,
Tidsskrift for den Norske Lægeforening og Langue Française.
Nærmar seg journalistikken
Amerikanske forskarar meiner at vitskaplege tekstar
nærmar seg journalistikken. Kjenner de att dette i det stoffet
de har jobba med?
Vi har ikkje nok resultat til at vi kan seia så mykje
konkret om det, men eitt døme på dette er kanskje at medisinske
artiklar no ofte blir skrivne med ingress. Det som også er nytt
er at det er ein større tendens til allereie innleingsvis å nemna
dei viktigaste resultata, seier Breivega.
Vi ser at forskarane "sel" si eiga forsking gjennom å
fram-heva eigne data, metodar og resultat som gode, originale,
for-målstenlege og så vidare, seier Fløttum. Forskargruppa
vil i analysen identifisera kva ord som er mest vanlege for å
"selja" forskinga si.
Trass i kommersialiseringspresset på akademia har KIAP-forskarane
likevel så langt ikkje funne at tonen i fagartiklar er meir aggressiv
enn før. Engelske og franske forskarar i tidlegare tider kunne
vera ganske så krasse i tonen.
I den spede starten til naturvitskapane var artiklane ekspressive
og hadde eit anekdotisk preg. I byrjinga hadde artiklane form
av brev, og at brevsjangeren er eit viktig førelegg for den vitskaplege
artikkelen kan ein sjå til dømes i tidsskriftet Nature, der artiklane
framleis heiter letters.
I dag er dei naturvitskaplege artiklane svært stringente og
det er ikkje mykje som minner om personleg form. Slik sett har
det skjedd ei utvikling i løpet av dei 3-400 åra denne sjangeren
har eksistert, seier Kjersti Breivega. I doktorgradsarbeidet sitt
har ho mellom anna fokusert på den medisinske artikkelen.
Kva rolle spelar globalisering for sameining av fagidentitet
over landegrensene?
Det er vanskeleg å svara på. Medisin har til dømes vore standardisert
lenge. Truleg kan dette knyttast til globaliserings-tendensar
på slutten av det førre hundreåret. I dag finn vi i alle høve
same ordforråd, same lengde og same oppbygnad i den medisinske
artikkelen.
Frå inn- og utland er det kome fleire førespurnader om å knyta
seg til prosjektet. Og prosjektgruppa vil i 2003 arrangera eit
seminar med tittelen;" En forskers hensikt med å skrive en vitenskapelig
artikkel å informere, å overbevise, å selge ?"
|