|
Nyleg gjekk skandalealarmen i Sverige. Ein son avdekka at mora
vart slått av pleiarane i ein omsorgsbustad. Sjølv om dette er
eit ekstremt tilfelle, set det søkelyset på at omsorgsbustaden
er ei eiga lita verd der graden av kontroll ikkje er like sterk
som i større institusjonar.
Forskarduoen Karen Christensen og Even Nilssen ved UiB held på
med ein studie av bufellesskap for psykisk utviklingshemma på
Vestlandet. Eit tydeleg trekk i datamaterialet er at små einingar
med få bebuarar gjer at det fort utviklar seg ulike maktkulturar.
Der set dei som har makta dagsorden for kva type omsorg som blir
dominerande.
Kvart hus sin filosofi
Gjennom analysen er vi i ferd med å komme fram til, og reindyrka,
nokre idealtypiske kulturar i bufellesskap. Her blir makt og kjønn
sentralt. Desse kulturane blir konstruerte gjennom eit samspel
mellom ei lang rekke faktorar. Ein av desse faktorane handlar
om ein slags filosofi i huset, som kan vera meir eller mindre
uttalt, seier Karen Christensen.
Nokre har til dømes som mål at kvar einskild av bebuarane skal
vera så aktive som mogleg. Her blir Marit tatt med på museum,
eller Per på kino. Ein gjer livet til ein kvardag der det heile
tida er aktivitet. Og desse ulike aktivitetane tek utgongspunkt
i kven den enkelte bebuar er- og kva dei klarer. I andre bukollektiv,
der til dømes bebuarane er sterkt svekka, kan rein pleie og stell
vera det dominerande.
Husmorkultur
Kva kultur som faktisk blir dominerande innanfor eit bufellesskap
er avhengig av kva for faktor som blir den avgjerande. Det kan
til dømes dreia seg om typen eller graden av funksjonshemming
hos bebuarane. Dei to forskarane har funne at i bufellesskap med
multihandikappa er det ein tendens til at det kan utvikla seg
ein husmorkultur. Det er fordi kommunikasjonen med bebuarane blir
så avgrensa at dei tilsette i staden konsentrerer arbeidet om
andre ting.
I slike bufellesskap blir normer og verdiar som ligg i husmorkulturen
dominante. Arbeidet handlar mykje om pleie og stell, laga mat,
mating, vasking av klær, og om å gjera det hyggeleg rundt bebuarane.
Den kompetansen som gjev makt i slike bufellesskap, er dermed
det som blir sett som tradisjonelt kvinnelege verdiar.
Menn unngår desse bufellesskapa. Dei konkurrerer ikkje om makta
når det handlar om husmorkulturelle verdier, seier Karen Christensen.
I andre bufellesskap vil den faglige overtydinga og praksis vera
avgjerande for kva kultur som utviklar seg.
Bruk av tvang er no lovregulert, men det er ulike retningar
for kva som er god og hensiktsmessig behandling av psykisk utviklingshemma.
Fins det ei klar faglig overbevisning i ei bestemt retning, kan
dette bli avgjerande for at ein fagleg kultur blir dominerande.
Oppfatninga ein har kan vera styrt av den fagutdanninga ein har,
men når først ein faglig kultur er etablert, kan dei sterkaste
representantane også finnast blant tilsette utan faglig teoretisk
bakgrunn.
Eit viktig aspekt ved omsorg for psykisk utviklingshemma er at
den ikkje er så kvinnedominert som mykje anna offentleg omsorg,
til dømes eldreomsorga. Vi fann at menn hadde større ønske om
makt i bufellesskap med ein fagleg kultur. Men studien tydeleggjer
også at kjønn ikkje i seg sjølv gjev makt, men i samspel med andre
ting.
"Eg går på Ole i dag, så tar du
Rita!"
Uansett kva som gjev makt i eit bufellesskap, og uansett om makta
blir brukt eller ikkje, er relasjonen mellom den tilsette og den
psykisk utviklingshemma altid ein maktrelasjon. Også språket uttrykker
makt;
Eg går på Ole i dag, så tar du Rita, er heilt vanlege
måtar å uttrykka seg på innanfor denne typen omsorg. Men makt
er ikkje bare negativ. Det fins heilt tydeleg positiv makt. Det
vil seia når den tilsette brukar makta til å finna fram til kva
som er bra for den enkelte psykisk utviklingshemma.
For å forstå makt i bufellesskap er det også viktig å trekkja
det institusjonelle nivået inn - her er det mange viktige ideologiske,
rettslege og organisatoriske føringar, seier Christensen.
Det har vore eit uttalt mål med denne buforma å få integrert
dei psykisk utviklingshemma i samfunnet. Men går ein inn i desse
bufellesskapa, er det som å komme inn i ei heilt anna verd, seier
UiB-sosiologen
|