 |

|  |
|
Det har blitt stadig vanlegare med medisinske forsøk
som involverer menneske frå den tredje verda, og det er slett
ikkje alltid kompensasjonen står i forhold til risikoen dei tek
ved å vera med i forsøka. Professor Reidar K. Lie ved Filosofisk
institutt står i spissen for EU-prosjektet CTC-Ethics som utarbeider
nye og meir brukarvenlege køyrereglar for medisinsk forsking i
utviklingsland. Målet er å auka det etiske medvitet blant politikarar
og forskarar i utviklingsland. Også på studiesida er UiB engasjert
på dette feltet. Det nye mastergradsstudiet Anvendt etikk vart
i fjor etablert i samarbeid med universiteta i Linköping og Aarhus.
|
|
Dei siste åra det vora aukande merksemd kring forskingsetikk
i Noreg. Både nasjonalt og lokalt vert det no etablert nye forskingsetiske
utval som både skal førebyggja og slå ned på tilfelle av fusk
i forskinga. Vi er blitt tvinga til å innsjå at ein òg
i forskingssamanheng kan bli freista til å ta snarvegar til suksess,
seier professor Bente Alver. Ho er fast medlem av det nyoppretta
forskingsetiske utvalet ved UiB og har også delteke i utarbeidinga
av forskingsetiske retningslinjer på nasjonalt nivå. Alver har
tru på at etableringa av utvala vil føra til klårare medvit om
forskingsetiske problem og dermed kan ha ein førebyggjande effekt.
I denne utgåva av UiB-magasinet kan du elles lesa om ein studie
av muslimske ungdomar i Oslo, om UiB si nye tungrekningsmaskin
og om trongen for systematisk kartlegging av faunaen langs norskekysten
og mykje meir.
Les mer her.
|
|
|
| |
|
 |