
Det kjennest både skremmande og godt når forskninga får politiske konsekvensar, seier universitetsstipendiat Line Ytrehus
Epost: line.ytrehus@sek.uib.no
|
Når Noreg no får eit gradssystem meir tilpassa ein internasjonal
standard og samstundes ser på tiltak for å betre kjennskapen til
høgare utdanning i dei ulike landa, kan dette verke positivt for
intellektuelle flyktningar i Noreg. Kanskje vi gjennom internasjonaliseringa
blir meir merksame på kompetansen deira og finn løysingar for
å nytte dei på arbeidsmarknaden, seier universitetsstipendiat
Line Ytrehus ved Senter for europeiske kulturstudier (Sek). Ho
er i gong med eit forskningsprosjekt der ho gjennom mellom anna
livshistorieintervju med flyktningar frå Midtausten, Aust-Europa
og Latin-Amerika, ser på korleis desse byggjer nettverk og skapar
seg ein identitet i eksil.
Diskriminerande system
Dei siste åra har det vore fleire politiske utspel for å å betre
systemet for godkjenning av utanlandsk utdanning. Noreg var til
dømes eit av dei første landa som slutta seg til Lisboa-konvensjonen,
som er eit samarbeid mellom Unesco, Europarådet og EU på dette
området. Men gode intensjonar til tross, flyktningane meiner at
det i mange høve er fordommar som hindrar dei i å få jobb som
står til kvalifikasjonane deira.
At ein med hovudfag i samfunnsfag frå eit norsk universitet
har søkt på 650 stillingar utan å få jobb innanfor fagområdet
sitt - i motsetnad til alle dei andre frå same kullet viser
kor utbreidt kvardagsrasismen er i Noreg, meiner Ytrehus.
Når den norske debatten fokuserer på språkproblem og at flyktningane
ikkje har rett kompetanse for å fylle stillingar her, er det mykje
for å kamuflere kor omfattande diskrimineringa eigentleg er, hevdar
Ytrehus, men legg til at det sjølvsagt ikkje er lett å stadfeste
dette.
Dei eg intervjua har gjerne ei oppleving av det norske systemet
som urettferdig og diskriminerande, og fleire hevdar at Noreg
ikkje legg til rette for integrering. Ventetida på asylmottaka
er lang, og etterpå blir flyktningane gåande som sosialklientar
medan dei ventar på å få jobb. Dei intellektuelle flyktningane
kjem ofte frå over- eller middelklasse der dei har hatt ein leiande
posisjon. Då er det ikkje lett å takle at dei her blir sett på
som sosiale kasus.
Politisk påverknad
I 1998 laga Line Ytrehus ein rapport på oppdrag frå Bergen Kommune,
der ho kartla korleis innvandrarar opplevde møtet med offentlege
instansar i kommunen. Undersøkinga peika mellom anna på at mange
kjende seg mistrudde sidan dei måtte fortelje flukthistoria si
gong på gong til ulike etatar. Fleire reagerte óg på at dei blei
plasserte i kommunale bustader der nabolaget ofte er prega av
store sosiale problem. Sjølv om dette er meint som ein overgangsperiode,
er det mange som blir verande i denne situasjonen i mange år sidan
det er så vanskeleg å få jobb. Etter kvart som tida går med avvising
og mangel på norske nettverk, risikerer dei å miste trua og sjølvrespekten.
Rapporten Avmakt blei underlag for den kommunale handlingsplanen
for integrering, der det blei vedteke å samordne ein rekke instansar
som har med integreringa å gjere. Ytrehus seier at det kjennest
både skremmande og godt når forskinga får politiske konsekvensar.
Ønske om å betre situasjonen for flyktningane er ei drivkraft
for forskinga hennar.
Ein ting er at forskingsresultata kan styrke den politiske
vilja for å betre integrasjonsprosessen, noko anna er at folk
flest i dag ikkje verkar bry seg om flyktningane sin bakgrunn.
Politiske flyktningar, som mine informantar er døme på, har jobba
aktivt mot udemokratiske og undertrykkande regime i heimlanda.
På 1970-tallet var nordmenn generelt meir engasjerte i denne kampen.
Det blei oppretta organisasjonar der nordmenn og flyktningar arbeidde
saman for å betre situasjonen for politiske fangar i desse landa,
til dømes Chileaksjonen. No kjenner flyktningane seg meir aleine
med kampen og traumene når dei kjem til Noreg. Kampsakene som
dei blei kasta i fengsel for og som nesten kosta dei livet, blir
ikkje sett på som like viktige no som før. Når identiteten deira
som politisk aktiv og som arbeidstakar ikkje får støtte i eksil,
er det vanskeleg å få innpass i norske nettverk, og heimlengten
kan bli stor. Mange opplever Noreg som blodig urettferdig sidan
kunnskapen dei har som intellektuelle ikkje er tillagt verdi.
No blir dei ofte kategorisert som ressurssvake på grunn av ytre
kjenneteikn.
|