Nr 3 - 2002

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

- Ikkje forskingspoliti

Det nyoppretta forskingsetiske utvalet ved UiB (redelighetsutvalget) ynskjer ikkje å bli sett på som strenge overvakarar, men som eit organ som skal hjelpe forskingsmiljøa og førebyggje splid og vondt blod.

Tekst: Silje Gripsrud

Det har vore aukande merksemd kring forskingsetikk i Noreg dei siste åra. Rett etter tusenårsskiftet blei det etter initiativ frå Kyrkje,- undervisnings- og forskingsdepartementet sett ned ei arbeidsgruppe som skulle kome med framlegg om prinsipp og retningslinjer for eit forskingsetisk utval på nasjonalt plan. Parallelt tok arbeidet til med å etablere tilsvarande utval ved fleire av forskingsinstitusjonane.

– Å ta opp fusk i forsking er enormt sensitivt, kanskje like sensitivt som saker som gjeld seksuell trakassering. Sjølv om vi ved UiB kjenner få episodar i begge høve, får kvart tilfelle ofte svært triste konsekvensar, seier professor Bente Gullveig Alver.

Ho har jobba med det nasjonale utvalet og vore med i den kollegieoppnemnde arbeidsgruppa ved UiB som skulle utvikle prosedyrar for forskingsetiske utfordringar meir generelt.

På bakgrunn av tilrådingane frå denne gruppa vedtok kollegiet å oppnemne eit forskingsetisk utval med prorektor som leiar og Alver som fast medlem. Ho har ni år bak seg i Den nasjonale forskingsetiske komitéen for samfunnsfag og humaniora (NESH) og har der vore med på utforminga av dei forskingsetiske retningslinjene som kollegiet har vedtatt skal gjelde ved UiB. Ho karakteriserer arbeidet med vedtekter og framgangsmåtar for utvala som svært utfordrande og vanskeleg.

– I saker om ureielege handlingar må det takast omsyn til at det er vanskeleg både å vere den som klagar og den som det blir klaga på. Det er viktig at slike saker blir tatt opp raskt på det lokale nivået og løyst her, om det er mogleg. Snakk i korridorane hjelper ingen.

Eit lite, men aukande problem

I 1997 kom det ein rapport om fusk i forsking frå dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Dette var den første breie undersøkinga av forskingsmoralen til norske forskarar og studentar. Der kom det fram at tjue prosent av respondentane hadde gjort noko dei sjølve rekna som irregulært i løpet av dei siste ti åra. Det blei store oppslag i media, men mange i forskingsmiljøa reiste tvil om dei metodane som hadde vore brukte i undersøkinga. Debatten om fjær og høns var i gong. - Er det rett at det blei stor ståhei for ingenting?

– Saka fekk jo eit litt feilaktig sensasjonspreg i pressa, men eg trur mange blei overraska over at det fantest fusk i forskinga i det heile tatt. Idealet er at forskinga skal byggje på høge moralske standardar, og tanken på at forskarar kan vere noko anna enn heiderlege personar som arbeider for å fremje kunnskap og kvalitet, har ein vondt for å ta inn over seg. Men der er knapt nokon god grunn til å tru at forskarar er meir moralske enn andre. Vi er blitt tvinga til å innsjå at ein òg i forskingssamanheng kan bli freista til å ta snarvegar til suksess. Sjølv om tala er låge her til lands, er det mykje som tyder på at det kan bli fleire tilfelle av ureieleg forskingsåtferd, i alle fall om ein samanliknar med statistikken frå andre land. Eg har tru på at etableringa av utvala vil føre til klårare medvit om forskingsetiske problem og dermed kan ha ein førebyggjande effekt, seier Alver.

Må slåss med kollegaer om midlar

Alver meiner at karrierejag og hardare konkurranse om pengar til forsking kan medverke til at fusk kan bli eit problem. Ho understrekar likevel at ureielege handlingar i forsking ikkje er noko nytt fenomen. Men tidlegare har ein ikkje hatt same innsyn i forskinga som ein har i dag. Før sat forskarane på glasberget og reiste så å seie på diplomatpass. Allminneleggjeringa og synleggjeringa av forskinga og forskarane gjennom mellom anna media si rolle i forskingsformidlinga, har gjort at brot på god vitskapleg praksis er lettare å få auge på no enn tidlegare. Forskingsmiljøa er òg blitt meir internasjonale. Seminar, konferansar og samarbeid på tvers av landegrensene gjer at miljøa blir meir gjennomsiktige, og det skjerpar kontrollen.

– Kan forskingssamarbeid både internasjonalt og lokalt såleis vere med på å førebyggje fusk?

– Ja, eg har tru på at organiseringa av forskingsgrupper gjer risikoen for ureielegheit mindre. Samarbeid og eit godt arbeidsmiljø gjer det nok òg moralsk vanskelegare å gå bak ryggen på kollegaer. Men det viktigaste tiltaket er etter mi meining å få inn forskingsetikk i utdanninga, allereie på grunnivå. No er opplæringa integrert i doktorgradsutdanninga, men eg meiner det er naudsynt å bevisstgjere studentane om forskingsetiske spørsmål frå starten av. Mi erfaring er at den yngre garde kanskje er meir opptekne av dette enn dei eldste forskarane er.

Rettstryggleik og rapporteringsredsle

Det har lenge eksistert etiske komitear for helsefagleg forsking, både lokalt og nasjonalt. Erfaringa er at det er ytterst få som rapporterer inn saker dei meiner er ureielege. I den nasjonale undersøkinga frå 1997 svara over halvparten av dei som blei spurde at dei var redde for å oppleve negative sanksjonar dersom dei melde frå om fusk.

– Om ein forskar bli skulda for fusk, slår det ofte tilbake på heile miljøet. Derfor blir det gjerne lagt lok på slike saker. Konflikten spreier seg likevel, og plutseleg har miljøet delt seg i fraksjonar. I arbeidet med retningslinjene for utvalet har vi derfor lagt vekt på at terskelen for å melde frå om ureielege handlingar skal vere låg. Oppdagar ein alvorleg brot på god vitskapleg praksis, skal det rapporterast. Samstundes er det svært viktig å ta vare på rettstryggleiken til den som blir klaga på, seier Alver.

Meiner ein at ein forskar har fuska, skal ein normalt ta det opp med instituttstyraren først, og om ein opplever å ikkje bli høyrt, skal ein leggje saka fram skriftleg for dekanen. Blir ikkje saka løyst, verken på instituttnivå eller fakultetsnivå, skal ho vidare til det forskingsetiske utvalet. Men om institutt eller fakultet finn at ei sak er svært alvorleg, kan ein velje å la utvalet få saka direkte. Utvalet skal òg sjølv kunne ta initiativ til å sjå nærare på saker som ikkje er innrapporterte. Dei skal drøfte eventuelle sanksjonar og gi råd til arbeidsgjevaren i slike høve. Det kan til dømes kome på tale å trekkje tilbake publikasjonar eller bremse forskingsmidlar.

– Alle saker som gjeld ureieleg forsking skal få ei grundig handsaming. Det skal samtalast med partane, ein jurist skal sikre at rettstryggleiken for partane blir overhalden og ein person med kompetanse innan det aktuelle fagområdet skal hentast inn som ekspert i kvart tilfelle.

Det nasjonale utvalet for reieleg forsking skal fungere som ein slags høgsterett. Saker som ikkje kan løysast på institusjonsnivå, blir tekne opp her. Det nasjonale utvalet skal òg ha som oppgåve å føre statistikk over innrapporterte tilfelle på landsbasis. Løpande debatt No skal utvalet vere med og sjå til at det blir laga nettsider som tek opp forskingsetiske problemstillingar. Alver ynskjer også at det via nettsidene blir etablert diskusjonsgrupper som tek for seg aktuelle døme på problematisk og tvilsam forskaråtferd. Det er naudsynt å halde i gong debatten på alle nivå.

– Ein kan ikkje berre lære forskingetiske retningslinjer utanatt eller sove med dei under hovudputa. Den einskilde forskaren må i kvar einskild situasjon og i alle fasar i forskingsprosessen reflektere over kva som krevst i rolla som forskar.

 

 

FAKTA

Ureielig forskning: Brot på god vitskapleg planlegging, i kollegavurdering, i analyse og i rapportering på måtar som kan villeie om resultata av forskinga. Villeiinga kan óg gjelde spørsmålet om kven det er som har ytt bidrag til forskinga. Vitskapleg ureieligheit omfattar ikkje utilsikta feil eller fagleg usemje.

Medlemmer i utvalet ved UiB: Prorektor Rune Nilsen (leiar), Bente Gullveig Alver, ein jurist som skal oppnemnast og eit medlem med kompetanse på det aktuelle fagområdet i kvar einskild sak.

Epost:
bente.alver@ikk.uib.no

 

Tema: Etikk

Risikokunnskap – ein helserisiko

Den nye religionen

Etisk veiviser i medisinsk forskning

 

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen