|
Dette sa professor Jon Hellesnes (UiTø) i føredraget "Normalitetsideologi
og tilpassingspress" under konferansen om Norm og normalitet i
medisinsk forsking i Bergen i mars. Hellesnes hevda at helseprofesjonar
er i ferd med å gå i det åndelege landskapet som kyrkja tidlegare
representerte. Livskriser er sjukeleggjort, og trua på at menneska
kan kontrollere alle kåra vi lever under står sterkt.
Veksten i helseforretningane fortel om helsefikseringa i samfunnet
som nærmar seg eit religionssubstitutt, i følgje Hellesnes. Vi
vil ha ei forsikring om å vere friske, og då blir kampen mot det
unormale meir skjerpa, og toleransen for avvik blir mindre.
Guds nåde
Objektiveringa av menneskeleg forhold, fører til ein illusjon
om at avgrunnen mellom er og bør blir stadig mindre, og at legevitskapen
opphever Humes lov om umoglegheita av å sameine fakta og vurdering.
Tannregulering av barn og unge er eit eksempel på at er og bør
umerkeleg har gått i kvarandre.
Alle blir rolege når legen deira seier at "alt ser normalt
ut". Det blir nesten som å få nåde hos Gud, sa Hellesnes.
I følgje Hellesnes finst det to fortolkarar av normalitet med
stor autoritet. For Durkheim er normalitet det motsette av det
sjukelege. For Galton derimot, blir normalitet tolka både positivt
og negativt: I intelligenstestar vil til dømes det unormalt høge
vere positivt, medan det unormalt låge er negativt. Det unormale
er det eksepsjonelle medan det normale blir tolka som noko middelmådig.
Begge desse oppfatningane er ideologisk sterke, og ein kan
med hell spele den eine ut mot den andre. Dermed kan ein få mellombels
fred for dei disiplinerande ekspertane og dei endå verre mediefolka
som masar om det normale seint og tidleg.
Den patologiserte vondskapen
Normalitetsideologien inneber ei realitetsflukt og ei bortforklaring
av vondskapen, fordi vondskap blir oppfatta som sjukeleg. Dette
inneber samtidig ein idé om at mennesket er naturleg godt. Denne
objektiveringa er samtidig med på å umyndiggjere menneska. Vi
spør alltid kva som kan drive ein gjerningsmann bak ei illgjerning,
og vi får ei psykologisk eller biologisk forklaring. I denne forståinga
av vondskap blir Hitler og Stalin sett på som psykopatologiske
kasus.
Men når nokon handlar moralsk akseptert, er det ingen som spør
kva som driv dei. Det blir ein asymmetri i spørjemåten, som gjer
forbrytaren til eit ikkje-ansvarleg kasus, og på den måten bortforklarer
vi vondskapen. Når ingen er vonde, blir verda oppfatta som ein
mindre farleg stad å vere, sa Hellesnes.
Utopiske scientistar
I det biomedisinske miljøet finst det vitskapleg kompetente
subkulturar, eller utopiske scientistar, som Hellesnes kallar
dei. Dette er ikkje stjerner i miljøet, men dei er der og vi må
forhalde oss til dei. Denne subkulturen er vitskapsfolk som arbeider
med kloning og omprogrammering av menneske, og det som kanskje
kan bli starten på ein ny art. Hellesnes nytta høvet til å avslutta
sitt føredrag med å minne om at det er dei som føreslår det drastiske,
som har bevisbyrden. Det er ikkje vi, skeptikarane, som må legge
fram bevis for at forslaga ikkje er skadeleg for menneska.
|