Nr 4 - 2002

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 


Celler på hjernen

Forskarar blir gjerne assosiert med asosial-liknande nerdar som gjer nitidige studiar av noko komplett uforståeleg for alle andre enn dei sjølve, eller? Kor spennande kan til dømes mikroskopiske nerveceller eigentleg vere?

Tekst:  Marit Eikemo   Foto: Helge Hansen

– Heilt utruleg spennande, konstaterer medisinstudent Einar Vik-Mo. 

Han slår i hel forskarmyten ved første handtrykk. Vik-Mo er ein såkalla ung og dynamisk mann med mange jarn i elden. I tillegg til å vere medisinstudent på siste året, går han vakter på nevrologisk avdeling og er aktiv i studentorkesteret "Mediscinsk Blæse et Spadserensemble". På toppen av dette har Vik-Mo fått midlar av Forskingsrådet til ei femti prosent forskarstilling, tilknytta eit større prosjekt med fleire involverte. 20 timar i veka er han derfor å finne på laben ved Dei prekliniske institutta ved UiB.  

Eit postvesen i hjernen

– Eg slepp å ta meg ekstrajobb i kassa på Rimi eller noko liknande. Eg kjem i kontakt med mange usedvanleg flinke og engasjert menneske. Eg har det rett og slett gøy i tillegg til å tene pengar på det, smiler han.

Forskingsprosjektet som Vik-Mo er involvert i, gjer kort fortalt studiar av nerveceller og kva mekanismar som ligg til grunn for å etablere kommunikasjon mellom desse. 

Sa du spennande?

– Ja, men dette er forsking på basalvitskapleg nivå med rotter og cellekulturar som modellar. Det er ikkje alltid like lett for andre å skjøne rekkevidda av det vi driv med. Det er mykje ukjent kunnskap mellom det vi held på med no og fram til vi ein gong kan dra nytte av denne kunnskapen i behandling av pasientar. Hjernen består av nerveceller som kontaktar kvarandre, og det er i desse kontaktpunkta alt ein kan gjere blir til. Avhengig av kvar, korleis og når nervecellene kontaktar kvarandre, får ein ulike variantar av alt frå rørsle til minne. Vi prøver å finne ut kva som skjer når slike nerveceller veks og kontaktar kvarandre. Kjenner vi desse mekanismane, vil vi kanskje kunne påverke dei. Kanskje kan denne forskinga få positive konsekvensar for ryggmargskader og Alzheimers på sikt, seier han entusiastisk. 

– Men då er vi langt unna det eg driv på med her til dagen, legg han til og viser små glasplater som inneheld så små hjernevev at ein knapt kan sjå dei med berre auga.

Vik-Mo merker cellene med tungmetall som gull og bly for å kunne studere dei ulike delane av kommunikajons-maskineriet i nervecellene. Han samanliknar nervecellene med postvesenet når han peikar og forklarer på pedagogisk vis: 

– Det skjer stadig ei kjemisk signaloverføring mellom nerveceller. Desse cellene har lange utløparar som gjer at dei kan kommunisere med kvarandre over lange avstandar. Vi kan jo tenke oss at slike kontaktpunkt er som postkassar, og at informasjonen som skal overleverast er som ein pakke. 

- Ja?

- Det er viktig for nervecella at rett informasjon blir overført frå ei celle til ei anna, til rett stad og rett tid. Om enkelte av postkassane er meir fordelaktige enn andre, må fleire pakkar leverast dit. Andre er mindre viktige, og skal ha færre, eller andre pakkar. Enkelte postkassar blir til og med tømt og lagt ned. Eg studerer korleis "pakkane" kjem dit dei skal, kvifor eit nevron tek kontakt med eit anna, kva som regulerer styrke på kontakten, og når og kvar kontakten skal skje. 
 

Det vanskelege valet

Det er langt frå heimplassen Matre i Masfjorden til laben på dei prekliniske institutta i Bergen. Einar Vik-Mo helsar på forskarkollegaer der han spring fram og tilbake mellom hyllemeter med glaskolbar, sterilbenkar, mikroskop og andre forskareffekter. Har forventninga til forskarlivet innfridd? 

– Eg har alltid vore glad i naturfag og syntest det verka spennande med forsking alt då eg gjekk på vidaregåande. Den gong kunne eg sjølvsagt ikkje førestille meg kva forskinga innebar. Eg håpar eg skal greie å kombinere forsking og arbeid med pasientar, men dette ser eg kan bli vanskeleg, seier Vik-Mo, som har ambisjonar om å gå vidare på doktorgrad når han er ferdig med turnustenesta. 

– Medisinfaget går i stadig meir avansert retning. Det blir nesten umogleg å halde seg oppdatert på den vitskaplege utviklinga samtidig som ein skal arbeide med pasientar. Derfor må eg vel gjere eit val. Det er synd at det skal vere slik, for eg likar jo å arbeide med pasientar, og vil i det lengste prøve å halde ein jamn kontakt mellom forsking og praksis. Korkje forsking eller pasientarbeid er noko ein kan gjere halvvegs. For å drive god forsking må eg stadig oppdatere meg, og eg ville ikkje vore min eigen pasient dersom eg etter tretti år med berre forsking blei freista til å arbeide med pasientar igjen, seier han.

Derfor gler han seg til å kome i turnusteneste, å gjere alle dei tinga han har lese om på faget. Fikse inngrodde tåneglar til dømes.

– Ja, det blir gøy. Ein skal ikkje kimse av småkirurgien, seier Vik-Mo. 
 

Kick på kongress

Sjølv om forskinga til Einar Vik-Mo verkar aldri så spesialisert, ønskjer han å kunne konkurrere med andre forskarar rundt om i verda. Målet er å kome først med eit banebrytande resultat:

– Det hadde vore deilig å kunne "plante flagget først på fjelltoppen", men vi veit veldig godt at det like gjerne kan vere nokon andre som blir først. Det er ein del av gamet og spenninga. Kvar månad tikkar det inn nye resultat, noko som gjer naturfagleg forsking utprega dynamisk. Til samanlikning kan det gå tiår mellom nye oppdagingar innanfor andre felt, seier Einar Vik-Mo. 

Det er ikkje mange andre yrkesgrupper som i løpet av så kort tid i faget får høve til å treffe dei aller fremste i verda på sitt felt. I november søkte Vik-Mo om midlar til å reise på ein kongress i San Diego saman med 25 000 andre hjerneforskarar, der han mellom anna fekk høyre nobelprisvinnarar halde føredrag.

– Det var eit kick å sitte i salen og høyre på dei fremste forskarane i verda og samtidig greie å henge med på det som blei sagt, å få innsyn i det som skjer heilt framme i utviklinga, seier han. 
 

Manisk depressiv livsstil

Einar Vik-Mo karakteriserer forskarlivet som ein slags manisk-depressiv livsstil. Han kan vere høgt oppe etter fjorten dagars intenst arbeid med å merke ulike celler når resultatet blir bra. Men det motsette skjer også. 

– Eg kan snuble med ei eske merka celler slik at alt kjem i uorden. Då er alt arbeidet bortkasta og eg må begynne på nytt igjen. Vi kan gjerne snakke om konsekvensane av forskinga, om forståing av minnet, men vi kjem ikkje særleg langt dersom vi snublar med cellene på veg til elektronmikroskopet, ler han. 

Dermed understrekar Vik-Mo dei viktige basiskriteria i forskinga - uavhengig av teknologiske framsteg. Han tviler til dømes på at medisinen i framtida vil kunne revolusjonere like mykje som handhygiena i si tid gjorde. Dette til tross for at kunnskapsmengda innan faget er blitt så stor at ein stakkars forskar umogleg kan greie å halde seg oppdatert på alt. 

– Det hjelper pasienten lite kva vi finn ut om kvite blodceller, dersom kirurgen ikkje vaskar hendene, seier han.   

Vindauga mot framtida

På veggene på labben heng bilete frå fagfestar og vitseteikningar om den fysiologiske oppbygginga av kvinner og menns hjerner.

– Sjå på dette "romskipet" seier Vik-Mo og viser eit mikroskop frå sekstitalet, eit monster av eit klenodium som stadig er i bruk. "La bryteren stå", heiter det på ein lapp signert i 1976, eitt år før Einar Vik-Mo vart fødd. Med dette unntaket er både hans og dei fleste andre forskarar sin kvardag blitt meir og meir digitalisert. Ser vi bort frå den sosiale kontakten med dei andre forskarane, blir det mykje celler, rotter, mikroskop og pc i forskarkvardagen til Einar Vik-Mo. Vil han ikkje sakne den menneskelege kontakten? 

– Menneskeleg kontakt har ein jo også på laben, på same måte som om ein jobbar i butikk, eller kvar som helst elles. Som lege derimot, blir lagnaden til folk slått mot deg. Det går sterkt inn på meg å snakke med ein slagpasient som i løpet av samtalen misser språket, seier han for å nemne eit eksempel. Det er både skremmande og gjevande å kome så tett på menneske i dramatiske situasjonar. Som rein basalforskar må eg i stor grad seie frå meg dette vindauget mot alle desse lagnadene, seier Vik-Mo.

Som forskar derimot, har han eit vindauga mot framtida, mot det vi enno ikkje veit. Det er ikkje så reint lite forlokkande det heller.

– Ein må like å fabulere, av og til heilt vilt, og så teste fabuleringane ut på ein vitskapeleg måte. Kjempegøy, slår Einar Vik-Mo fast.

 

 

Student og forskar Einar Vik-Mo er lidenskapleg engasjert i hjerneceller – og korleis dei kommuniserer med kvarandre. Kanskje vil forskinga hans få positive konsekvenser for Alzheimer og ryggmargskader, eller kanskje kjem andre forskarar han i forkjøpet? Det er ein del av gamet og spenninga, i følgje Einar Vik-Mo.

Tema:
Studenten som forsker

Fornemmelser for snø

Angst for tannlegen?

Med rett til å formidle lov

 

FAKTA

Studentar i profesjonsstudia medisin, odontologi og psykologi kan søke om studentstipend av Norges Forskningsråd. 

Alle forskingstema og fagdisiplinar innan profesjonsstudia er likestilte. Føremålet med stipendet er at det skal styrke grunnlaget og moglegheitene for ei vidare forskarkarriere.

For eventuelle spørsmål kontakt:

einar.vik-mo@
student.uib.no
eller

Maren Gulbrandsen, mg@
forskningsradet.no
.
 

 

Ny forskarlinje på medisin

Forskarlinja ved Det medisinske fakultetet har oppstart hausten 2002. Føremålet er å fremje rekruttering til medisinsk forsking og utvikling. 

• 15 studentar blir tatt opp kvart år. Desse skal ved sida av medisinstudiet arbeide med eige forskingsprosjekt og gjennomføre ei forskarutdanning. 

• Studentane på forskarlinja får løna permisjon frå medisinstudiet for å få opplæring og drive forsking på heiltid i to semester. 

• Den normerte studietida blir utvida frå 6 til 7 år, medisinstudiet blir utvida med 40 vekttal. 

• Særoppgåva i cand.med.-studiet vil for forskarlinjestudentane vanlegvis vere nært knytt til forskingsarbeidet deira. 

• Forskarlinja gir 1 års reduksjon i ei eventuell spesialisering etter medisinstudiet. 

• Studentane ved forskarlinja får stipend frå Norges 

• Forskningsråd, for tida 80 000 for heilårsstipend og 40 000 for halvårsstipend. 

• Søknadsfrist er midten av andre studieår. 

 

For eventuelle spørsmål kontakt:

Prosjektleiar, professor Amund Gulsvik, amund.gulsvik@
med.uib.no
eller
tlf: 55973242.

Postdoktor Ida Helene Steen, ida.steen@ medfa.uib.no,
eller
tlf. 55 58 6320.

Kontorsjef Inger Hjeldnes Senneseth, inger.senneseth@
medfa.uib.no
, eller
tlf: 55 58 6671.  

 

 

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen