Mastergradsstudentane Jørn
Ivar Klungsøyr frå Noreg og Espérance
N. Kashala har studiekameratar frå over 20 land på
Senter for internasjonal helse. Espérance er lege og
arbeider til vanleg på universitetssjukehuset i Kongo. |
Jørn Ivar er utdanna sjukepleiar og har i tillegg 30 vekttal
i informatikk og informasjonsvitskap. Interessa for arbeid i utviklingsland
har han hatt lenge. Som barn budde han til saman 10 år i
Etiopia der foreldra var misjonærar, og i fjor var han tilbake
som hjelpearbeidar under svoltkatastrofen. 6000 underernærte
born vart følgde opp ein gong i veka, og Jørn Erik
fekk førstehands kjennskap til mange av utfordringane som
ligg i slikt arbeid.
Eit stort problem er å kvalitetssikra data som vert
samla inn ute i felten. Når ein skal undersøkja omfanget
av til dømes underernæring i eit område, må
ein sikra seg sikkelege utval for undersøkinga. Med papirbasert
datainnsamling har det hendt at medhjelparane har teke turen til
næraste kafé eller til ein hjelpestasjon og fylt
ut skjemaet der, utan å få eit skikkeleg representativt
utval for situasjonen i eit område. Det kan gje svært
misvisande data, som igjen kan føra til at ein ikkje får
sett inn rette ressursar på rett stad. Eg har sett døme
på at ulike datainnsamlarar har fått svært ulike
resultat i same område; frå at mellom fem og ti prosent
av borna var underernærte, til at 30 prosent var underernærte,
fortel Jørn Ivar.
Datahjelp i felten
Som del av mastergraden sin vil han difor prøver å laga eit nytt
system basert på informasjonsteknologi som kan bidra til ei
betre kvalitetssikring av slik datainnsamling. Systemet skal kombinera
bruk av små handhaldne datamaskiner (pda) og gps. Dette vil
kunne gje sikre opplysningar om kvar utvala kjem frå
og dermed vil det bli lettare å få rette data som grunnlag
for avgjerder om kvar hjelpa bør setjast inn, og kor store
behova for hjelp er.
Men eg veit jo ikkje om dette kjem til å fungera
i praksis. Det store spørsmålet er om hjelpearbeidarane
ute i felten vil greia å bruka dette systemet, og om teknologien
er god nok. Men dette er noko av det eg vil prøva ut når
eg forhåpentlegvis får testa det til hausten, seier
Jørn Ivar som enno ikkje har finansieringa av prosjektet
sitt heilt i boks.
Planar og ambisjonar skortar det i alle fall ikkje på. Han har
alt tenkt å halda fram på Cih med doktorgrad, om det lét
seg gjera. Og så ut i felten att?
Kanskje kjem eg til å gå inn i ein av dei
store bistandsorganisasjonane. Det er i alle fall ei stor utfordring
å prøva å gjera desse organisasjonane meir
effektive, seier Jørn Ivar.
Ønskjer fleire norske studentar
Så langt har dei aller fleste studentane ved Senter for internasjonal helse
kome frå utviklingsland. Nye finansieringsordningar gjer at
det no er aktuelt å ta opp fleire norske studentar i tillegg
til dei utanlandske, og direktør Gunnar Kvåle ved Cih
har alt fleire interessante søkjarar til neste opptak.
Me identifiserer rettleiar ved opptak og skreddersyr progam
til kvart einskild student. Slik vil det også vera for dei
norske, fortel Kvåle.
Medan Cih tidlegare berre kunne ta opp 3-4 norske studentar, reknar
han med at senteret i framtida vil kunna ta opptil 10 per år. Kvåle
ønskjer seg fleire norske studentar, både fordi han synest
fleire burde engasjera seg i helse- og utviklingsrelatert arbeid og fordi
fleire norske studentar ved senteret truleg vil bidra til at dei utanlandske
studentane lettare finn seg til rette.
Moglegheitene for å få jobb med ei slik utdanning vil kunna
vera mange og varierte. Det vil høva spesielt bra dersom ein ønskjer
å jobba med internasjonal helse i norske eller internasjonale organisasjonar.
Norske studentar som tek mastergrad ved senteret, har gjerne bakgrunn som sjukepleiar,
fysioterapeut eller farmasøyt. Dei får då ein
engelsk Master of Philosophy in Health Science. For dei som til
dømes er lege frå før, er det vanlegvis mest
aktuelt med doktorgrad.
|