Nr 5 - 2002


Articles
in English

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings-
områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

Å undertrykkja fortida kan føra til sjukdom i ein nasjon, på same vis som undertrykte minne kan gjera det hos eit menneske. Det skriv Enver Djulman, redaktør av boka Den vanskelige forsoningen. Sanningskommisjonar og rettsoppgjer skal hjelpa tidlegare fiendar til å handtera fortida slik at det blir mogleg å utvikla ei felles framtid. Men kva for strategi er den beste, og er forsoning i det heile tatt mogleg? Denne utgåva av UiB-magasinet vil prøva å gje eit glimt inn i dette fagfeltet.

Forskning og forsoning – Fleire fagmiljø på Universitetet i Bergen er involvert i forsking på politiske konfliktar og forsoning. I denne utgåva møter me mellom anna psykolog Marit Netland som undersøker korleis eksponering for politisk vald påverkar palestinske barns psykologiske utvikling. Korleis det skal gå med framtida for dette samfunnet når borna har så mange traumatiske opplevingar, og kva for opplevingar som er verst, er ikkje lett å forstå og det krev inngåande kjennskap til historien og kulturen deira.

I denne utgåva kan du også bli med til Bosnia, ein ung og splitta nasjon med enorme utfordringar etter krigen i 1992-1996. Mange analytikarar er svært pessimistiske med tanke på framtida. Men det finst også optimistar – og menneske som på tross av ufattelege personlege tragediar under krigen greier å reisa seg, og greier å sjå ei framtid for seg og borna sine i Bosnia. UiB er engasjert i forsoningsarbeidet i det tidlegare Jugoslavia gjennom prosjektet "The Politics of Democratic and Welfare Development in South Eastern Europe: A Network for Research and Education". Å byggja og styrka nettverka mellom akademikarar frå heile det tidlegare Jugoslavia vil forhåpentlegvis kunna vera eit lite bidrag i denne prosessen.

Les mer her.

 
Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen