Nr 5 - 2002

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Lang veg heim

Sjølv om mykje er bygd opp att, er det ikkje vanskeleg å sjå spora etter den nær fire år lange krigen i Bosnia-Hercegovina. Om lag 250 000 menneske vart drepne og 1,8 millionar flykta - anten internt eller til utlandet. Så godt som alle familiar vart råka.  

Tekst:Kristin Hjertaker   Foto: Helge Hansen

Dzemal Sokolovic ved brua i fødebyen sin Konjic, ein gammal bosnisk by som ligg på grensa mellom Bosnia og Hercegovina. Konjic var den første opne byen i Bosnia etter krigen, det vil seia den første som mottok flyktningar uansett etnisk bakgrunn. Premien var rask utanlandsk støtte til gjenoppbygging.

Saman med eit par hundre bosniarar busett rundt om i Europa og no på veg til ferie i heimlandet, landar eg på flyplassen i Sarajevo. Der er også den første skinande blanke minnetavla.Med store bokstavar står namna til åtte franske soldatar som gav livet for freden under kampane rundt den strategisk viktige flyplassen. Åtte franske liv.

Like utanfor passkontrollen står forventningsfulle og nystrokne born og vaksne som ventar på slektningar og vener dei ikkje har sett på lenge. Som bur tusenvis av kilometer unna, over seks år etter at krigen tok slutt. Klemmar og kyss, latter og gledestårer pregar den vesle ankomsthallen. Kva har dei opplevd, og kva for liv har dei no?

Langs vegen inn til byen køyrer me forbi mange tydeleg nybygde hus og moderne kontorbygg i glas og betong.Men også sønderskotne høghus, ruinhaugar og uendeleg mange veggar pepra med kulehol. Sniskyttarane er forsvunne, dessverre er det så mange andre som også er borte – mange av dei mest ressurssterke bosniarane dryger med å dra heim – anten fordi dei ikkje har nokon heim eller arbeid å koma tilbake til, eller fordi krigen har gjort dei uønska der dei budde før. Tusenvis av born har fått viktige år av oppveksten i eit anna land og har for lengst slått rot der. Då blir det verre å forklara at ein skal "heim".

Ein time frå Sarajevo ligg den vesle byen Konjic.Her møter me Dzemal Sokolovic, til dagleg forskar på Rokkansenteret og Institutt for samanliknande politikk ved UiB, men no tilbake i fødebyen sin for å leia ein stor konferanse om demokrati og menneskerettar i multi-etniske samfunn. Konferansen vert halden for femte gong. Dzemal var professor ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Sarajevo og politisk aktiv på toppnivå like før krigen braut ut. Frå han flykta frå byen saman med familien i november 1992, har han opphalde seg hos utanlandske kollegaer, først i Slovenia, så i Tyskland og Østerrike og frå 1994 i Noreg, i Bergen.Mesteparten av tida har han vore tilknytta Institutt for samanliknande politikk.Han har det bra i Noreg, og familien har slått seg til ro på sett og vis.Men han vil gjerne "heim" –- om det let seg gjera.

Å kunna venda tilbake, også for dei som er minoritetar på den gamle heimstaden sin, vil vera testen på om det verkeleg kan bli forsoning i Bosnia og elles i det tidlegare Jugoslavia, meiner mange. For Dzemal og familien hans har det tatt mange år berre å få nøkkelen til leiligheita dei eig i Sarajevo. Ei dame som sjølv var fordriven frå sitt eige husvære, overtok leiligheita og haldt fram med å bu der lenge etter at familien Sokolovic formelt hadde fått tilbake retten til å bu der.Men vender familien tilbake no når dei har ein stad å bu?

– Me må ha noko å leva av, og det er vanskeleg for oss å koma inn att på arbeidsmarknaden etter så mange år utanlands, seier Dzemal og kona Aida. Å få tilbake det ein rettmessig har krav på av eigedelar ein mista i krigen, og å kunna få ei stabil inntekt vert av mange sett på som dei viktigaste føresetnadene for å venda tilbake. Og ikkje minst – eit sosialt nettverk. Det siste er vanskelegast å oppnå for dei såkalla minoritetsflyktningane, dei som kjem frå område som etter krigen er dominert av ei anna etnisk gruppe enn dei sjølve. Som følgje av Dayton-avtalen som til slutt gjorde slutt på den blodige krigen, vart Bosnia-Hercegovina delt i to om lag like store delar; ein muslimsk-kroatisk føderasjon (føderasjonen) og ein serbisk del (Republika Srpska). Bosnia er difor eitt land som består av to delar (entitetar) og med tre dominerande folkegrupper. Ingen veit den eksakte fordelinga mellom desse, men ved den siste folketeljinga før krigen hadde Bosnia 44 prosent bosniakar (muslimar), 31 prosent serbarar og 17 prosent kroatar. Resten var andre folkeslag.

På demokratikonferansen i Konjic møtest over 100 forskarar og andre interesserte frå meir enn 20 land for å utveksla kunnskap og knytta nye kontaktar.Mange av føredraga omhandlar Bosnia,men også andre land og samfunn vert debattert.Her sit studentar og forskarar frå Serbia, Kroatia, Slovenia og Bosnia side om side. Jamvel to godt vaksne herrar som deltok på kvar si side i krigen i Bosnia finn plass ved same bord på eit av seminara.Her er kjølege analysar frå utanlandske analytikarar side om side med engasjerte og meir personlege debattinnlegg, noko som gjev konferansen temperatur og dreg luftige teoriar ned på jorda.

– Eg er evig optimist, smiler Nina Karic, som valde å venda tidleg tilbake etter flyktningopphald i Noreg.Ho og mannen har ho bygd opp att huset som ligg fint til i ei skråning ovanfor Konjic. Under krigen var ho einaste operasjonssjukepleiar mellom Sarajevo og Mostar, og all vanleg kommunikasjon var blokkert. I periodar jobba ho 24 timar i døgeret, og måtte utføra alle slags oppgåver i det kirurgiske teamet ho var ein del av.

– Det var uråd å kombinera dette med familieliv. Eg arbeidde som sjukepleiar så lenge det gjekk, men valde å senda sonen vår til foreldra mine, nær grensa til Kroatia.Men det var problem også der, og dei vart internerte i to ulike leirar.Heldigvis greidde dei å koma seg ut av landet, først til Kroatia og seinare til Noreg, fortel Nina. Det tøffaste for Nina var at ho fekk melding om at familien truleg var drepne - først ti dagar seinare fekk ho melding via ein radioamatør om at dei var hamna i Noreg. Etter to månader kom ho etter –- akkurat tidsnok til å få feira niårsdagen til sonen, det var i juli 1994.

– Det var ubeskriveleg. Eg trengte lang tid på å venna meg til at alt var i orden, fortel Nina.

Bosnia har påfallande mange og store kyrkjegardar. Dette er ein av fleire muslimske kyrkjegardar i Sarajevo, like ved stadion frå Olympiske leikar i 1984.

Etter to år, i 1996 drog ho og sonen heim.Dei mange store påkjenningane pregar heile familien, og særleg sonen som på grunn av krigen ikkje fekk sjå faren sin på fem år.Han måtte byrja heilt på nytt då han kom tilbake frå Noreg, og var blitt ein framand i Konjic. Den første tida etter krigen var økonomien bra, no slit også Nina og familien meir.Men Nina gjev seg ikkje. No ser ho fram til å byrja å jobba som sjukepleiar att, denne gongen på ein nystarta privat poliklinikk.Nina tek oss med ut på den nybygde balkongen og fortel stolt om planane for huset som ligg fint til med utsikt over Konjic. I nabolaget bur mange av dei same som før krigen, både serbarar, kroatar og bosniakar.

– Eg snakkar med dei som vanleg.Det er ikkje noko problem. Det største problemet vårt no, er den høge arbeidsløysa, seier ho.

Kan henda var blomane av plastikk, blomane som låg til pynt under ei plate med namna til 39 journalistar og årstala 1992-1995.Me skjønar ikkje språket, men minneplata ved inngangen til det store tv- og radioselskapet i Sarajevo er ikkje til å ta feil av. Tryggingstiltaka er omfattande og tilsynelatande unødvendige no,men røynslene frå nesten fire år med krig og beleiring gav arbeidstilhøve me ikkje har føresetnader for å forstå. I ei overdimensjonert betongblokk som husar 1500 tilsette i eit slags Bosnias NRK viser Arjana Tafro Boljabasic oss rundt og gjev små glimt av kva utfordringar både samfunn og media strir med etter krigen.Ho er svært oppteken av kva for bilde folk i Noreg og andre vestlege land har av det bosniske samfunnet.

– Krigen skuldast aggresjon og dårleg økonomi, ikkje etniske eller religiøse motsetningar, hevdar ho.

– Ekstreme nasjonalistar eller fanatiske religiøse finst det over alt, det er ikkje spesielt for vårt land.Dei største utfordringane våre no er høg arbeidsløyse, dårleg fungerande industri og altfor mykje byråkrati.

I krigen arbeidde Arjana som radiojournalist i den multikulturelle redaksjonen i radio- og tv-selskapet, men ho vegrar seg for å fortelja om konkrete episodar.No har ho forlate journalistikken.

– Eg har mista mange år av livet mitt, vore alvorleg sjuk, har mista kollegaer og har hatt faren min i konsentrasjonsleir. Det gjer noko med ein.Men det blir heilt feil å spørja om tilgjeving eller forsoning er mogleg,meiner Arjana.

– Ei mor som har mist sonen sin, har alltid eit born for lite.Ho sørgjer over barnet sitt, uansett korleis eller kvifor ho har mist det. Slik er det berre.

Det viktigaste som skjer no, med tanke på fortida, er det som føregår i Haag; at krigsforbrytarane kjem for retten. Kva sonen hennar og andre bosniske born skal læra i historietimane om 1990-talet og krigane i Bosnia og nabolanda, får det bli opptil historikarane å ta seg av,meiner Arjana. Sjølv har ho ei moderne livsforståing: det som tel er ikkje kva for religiøs eller etnisk bakgrunn du har, men kven du er som menneske.

– Under krigen tenkte eg heller ikkje på etniske skilnader, berre på å gjera ein god jobb.Det profesjonelle er det som tel på jobben,me har alltid hatt ein multi-etnisk eller multi-kulturell redaksjon, forklarer Arjana.

Vrbanja bru i Sarajevo har eit felles minnesmerke for to unge kvinner med ulik etnisk bakgrunn. Begge vart drepne på brua dagen før Sarajevo vart beleira.

Den nye tv-kanalen som opna i mai i år, Public Broadcasting Service (PBS), er ledd i gjennomføringa av den sivile delen av Dayton-avtalen. Med eit ungt og uredd mannskap skal nyheitsredaktør Haris Kulenovic prøva å samla det no todelte Bosnia til eitt tv-rike. Konseptet er å ha dei utan røynsle framfor kamera, og dei med røynsle bak.

Etter nokre månader med daglege nyheitssendingar skal dei frå årsskiftet utvida til å senda heile døgeret.Utfordringane er mange, men Kulenovic er optimist og meiner røynslene så langt viser at dei kjem til å greia seg. Til no har kanalen bygd opp distriktskontor som sender direkte frå Banja Luka og Mostar, og det blir fleire etter kvart. Potensialet er stort, og det trengst mange slike brubyggjarar.

Som i så mange andre krigar er bruer og andre viktige kommunikasjonar noko av det første som vert råka. Bruer som har knytta menneske og bydelar saman i hundrevis av år. I Mostar vart den vakre brua i gamlebyen øydelagd i dei harde angrepa på byen. På veg ned til restane av den vakre brua og brutårna står skrifta på veggen: Don't forget! Men kva skal hugsast – og kva bør gløymast?

– Tenk på kor lang tid det norske samfunnet har brukt på å forsona seg med tyskarane og det som skjedde under andre verdskrigen. Problemet vårt i Bosnia er at me gløymer for lett.Denne gongen kan me ikkje gløyma! seier Dzemal Sokolovic.

 

 

 

Sarajevo arrangerte Olympiske leikar 1984 og søkjer på nytt for 2010. Byen var beleira frå april 1992 til slutten av 1995. Sarajevo er no som før multi-etnisk, men det har vore stor utskifting av folk. Byen er no prega av internasjonale hjelpeorganisasjonar, noko som gjer det lettare å få jobb der enn på landsbygda og i mindre byar.

Tema:
Forskning og forsoning

Fiender og brobyggere

Vil rokke ved den norske sjølvkjensla

Valde bosnia etter studietur

En ødelagt oppvekst – en fredelig fremtid?

Synlege sår: Dzemal Sokolovic (nest øvst) opplevde sjølv krigen på nært hald gjennom dei første åtte månadene av beleiringa av Sarajevo før han og familien flykta. Seks år etter krigen er han i byggjebransjen – han byggjer nettverk mellom akademikarar i dei nye statane frå det tidlegare Jugoslavia.

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen