
Odd-Bjørn Fure er forskningsstipendiat ved Holocaust-senteret på Bygdøy.
|
Konsensusen om avgjerande hendingar og skillelinjer
i krigsåra har bidratt til å tildekka viktige meiningsskilnader
på andre felt. Den norske historieforskinga
har berre tatt for seg det som er flatterande for
det nasjonale sjølvmedvitet. Det som kan setja heile
den nasjonalstatlege utviklinga i eit dårleg lys, har blitt
tabuisert. Det er pinleg å måtta seia at Noreg er det
einaste landet kor det vart deportert jødar frå kor det
ikkje er ein einaste vitskapleg biografi om emnet. Det
var ikkje berre den tyske politiske makta og Quisling
sine folk som var med på deportasjonane. Også ordinære
politifolk og til dømes Statistisk sentralbyrå spelte
ei viktig rolle, seier Fure. Han meiner dei som hadde
begått utilbørlege handlingar under deportasjonen av
jødane ikkje fekk same straff som dei som hadde spela
på lag med nazistane. Her er eit traume og den norske
staten har ennå ikkje heilt og fullt vedkjent seg denne
belasta fortida, seier Fure.
17.august tok den tidligare UiB-professoren til i si
nye stilling som forskingsdirektør for det nye
Holocaust-senteret i Oslo som skal inn i Villa Grande,
Quisling sin gamle residens. Det nye senteret skal sjå
på den norske Holocaust-historia frå ulike innfallsvinklar,
samt rette fokus mot folkemord, brot på menneskerettane,
antisemittisme og stillinga til livssynsminoritetar
i Noreg. Når senteret er ferdig bygd opp, skal
det ha ein stab på 15-20 personar frå ulike fagfelt. I dei
fleste europeiske land og i USA finst det allereie slike
senter.
Eit nøkkelord for Fure er universelle verdiar. I si eiga forsking
har han dei siste tiåra fordjupa seg i sivilisasjonshistorie.
Han er oppteken av kva føresetnader som må til for at det kan
utviklast siviliserte åtferdsstandarder mellom individ, etniske
grupper, nasjonar, statar og større kulturkrinsar. Og omvendt
kva føresetnader som er til stades når slike sivilisasjonssamanbrot
oppstår, slik det sist skjedde på Balkan på 1990-talet.
Ved Holocaust-senteret skal forskarane utvikla kunnskap om
sivilisasjonssamanbrot, slik at dei kan ropa varsko når grunnleggande
menneskerettar blir truga på nytt. For korleis kan
slike samanbrot hindrast? Det er her dei universelle kriteria for
sivilisert åtferd kjem inn i biletet. Mellom anna må det vera ei
grunnleggjande respekt for menneskerettar, og folk må vera viljuge
til å forhandla og finna kompromiss og ein må unngå å
bruka vald, seier Fure som er ein tilhengjar av den nye internasjonale
straffedomstolen.
Dette er eit av dei største sivilisasjonshistoriske framstega
nokon gong, ikkje minst fordi dei fleste utfordringane vi står
overfor i dag sprengjer rammene til nasjonalstaten, hevda Fure
nyleg i eit intervju.
|