Frode Overland
Andersen har hovudfag
i samanliknande
politikk og
jobbar no som
førstesekretær ved
ambassaden i
Sarajevo.
|
Frode Overland Andersen (30) var ein av 14 studentar ved
Institutt for samanliknande politikk som i 1997 drog på studietur
til Bosnia saman med Dzemal Sokolovic.
Sju av oss arbeider i dag med Balkan på fulltid, fortel
Frode, som tek seg tid til ein liten prat med UiB-magasinet
innimellom møte, rapportskriving og andre oppgåver på
ambassaden.
Karrieren i utlandet starta med jobb som politisk analytikar
for Sfor (Nato-styrken i Bosnia) sommaren 1998.Våren
1999 gjorde han ferdig hovudoppgåva; ein samanliknande
studie av overgangen til demokrati i seks aust- og sentraleuropeiske
land. Så starta han på aspirantkurset i
Utanriksdepartementet, og fekk etter endt teori og praksisperiode
der jobb ved ambassaden i Sarajevo i august i fjor.
Men ambassadelivet er ikkje berre fine mottakingar og
glamour.
Du skal vita kva du gjer.Det er mykje arbeid,men det er
spennande. Særleg når ein arbeider ved ein mindre ambassade
får ein mange varierte oppgåver. Ein får gjera meir, og får også
meir ansvar, seier Frode.
Han er nøgd med utdanninga frå Sam.pol., og synest
innhaldet i hovudoppgåva er relevant for jobben han har i dag.
Men han er ikkje sikker på om han hadde teke hovudfag om
han skulle valt om igjen i dag. Eigentleg hadde han tenkt å forska
vidare,men fekk ikkje stipend. I staden vart det altså utanrikstenesta
og tre års-kontrakt i Bosnia. Og snart snakkar han
språket flytande?
Det er veldig vanskeleg. Sju kasus og alt er uregelmessig.
Men eg går på språkkurs, og det går framover i alle fall, seier
Frode.
|

Bosnia-Hercegovina
er eitt land som etter krigen og Dayton-avtalen består av
to delar (entitetar); ein bosniak-kroatisk føderasjon og
ein serbisk republikk som er om lag like store. Dei to
delane har eigne administrasjonar og byråkrati på fleire
nivå, men Bosnia vert framleis styrt av det internasjonale
samfunnet, representert ved det såkalle OHR
(Office of the High Representative), som skal iverksetja
dei sivile delane av Dayton-avtalen.
OHR koordinerer
arbeidet til fleire FN-organisasjonar, EU, SFOR,
Verdsbanken og Osce m.fl. Bosnia har hatt fleire val
etter krigen, men oppslutnaden om dei politiske institusjonane
er dårleg.
Meir info på www.ohr.int.
|
|