
Ingine Strømsøyen (frå venstre), Ingrid Drange og Elinore Bjørk diskuterer korleis dei skal tolke og forstå geologiske data frå havbotnen i Nordsjøen.
|
Det de må gjere no, er å opne dette programmet og sjå korleis det virkar, seier Jonny Hesthammer til studentane sine.
Vi er på eit kursrom i Allégaten som har datamaskiner, dvd, surroundanlegg og ein storskjerm der vi akkurat no ser det virtuelle kontorlandskapet som er grensesnittet for lågaregradskurset i seismisk tolking.
Jonny Hesthammer har nett slutta i Statoil for å vere fulltidsprofessor ved Institutt for den faste jords fysikk. Han teiknar den velkjende læringspyramiden på tavla på pauserommet.
Sit du på ei førelesing, så viser målingar at du i snitt berre hugsar fem prosent av det du har høyrt
Det berykta kurset i seismisk tolking framstår i heilt ny drakt dette semesteret. I staden for pensumliste og store papirark med seismogram, får studentane ei datamaskin og ei liste med læringsmål. På det virtuelle kontoret får dei ei oppgåve av "sjefen". Dagens oppgåve går ut på å tolke seismiske linjer frå eit område i den nordlege Nordsjøen, lage ein geologisk modell, skrive ei geologisk historie for området, vurdere sjansane for å hente ut olje frå området og dokumentere konklusjonane i ein rapport.
- Vi jobbar med reelle data og reelle problemstillingar. For å løyse oppgåvene, kan studentane leite fram litteratur i det virtuelle biblioteket, eller gå gjennom ulike e-læringsmodular, eller dei kan tinge førelesingar. Eg held førelesingar berre dersom studentane ber om det, forklarer Hesthammer.
Med nokre museklikk viser han korleis ein kan opne døra til "biblioteket" og velje ein e-læringsmodul for å lære meir om eit bestemt emne, som magnetisme eller "Use and abuse of seismic data". Modulane er utvikla av studentar i samarbeid med faglærarar.
Frå og med sommaren 2001 har 25 studentar fått sommarjobb kvart år med å fornye lærematerial ved å gjere det tilgjengeleg interaktivt i Power Point. På den måten får studentane betalt for å jobbe med faget sitt, samstundes som undervisninga og lærematerialet blir fornya, forklarer Hesthammer. Modulane varer frå tjue til seksti minutt og kan brukast individuelt eller som delar av eit større kurs, som i dette tilfellet. Produksjonen av modulane er finansiert av Statoil, og involverer studentar og faglærarar frå dei fire universiteta og Høgskolen i Stavanger.
Slik kurset er lagt opp, har studentane heilt og fullt ansvar for si eiga læring. Alt læringsmateriale er tilgjengeleg, men dei må sjølve vurdere korleis dei vil bruke det.
Studentane får ingenting gratis. Tek dei ikkje initiativ, skjer det heller ingenting. Det er ein ny og krevjande situasjon for dei. Eg fungerer meir som rettleiar enn som sjef, seier Hesthammer. Studentane er komne fram til den same konklusjonen: Undervisinga er krevjande, men lærerik.
Alle kurs blir betre viss ein gjer litt meir ut av det enn berre å ha førelesingar. Reelle problemstillingar og gode verktøy for visualisering er spesielt bra i geologi som er eit slikt visuelt fag, meiner Ingrid Drange. Men ho vedgår at undervisingsforma tek mykje tid.
Det er arbeidskrevjande, og no når alle fag skal få mappeevaluering, kan det bli veldig mykje viss dei enkelte faglærarane ikkje begrensar seg. Spesielt her på mat.-nat. som har så mange småfag.
|