Av ASBJØRN LEIRVÅG
Noreg importerer årleg store mengder akvariefisk og andre
kaldtvass-artar
til utandørs i hage- og parkdammar. Fisken er friteken frå
forbodet mot import av levande organismer fordi han er meint å
haldast i
lukka vatnsystem. Mykje tyder likevel på at importert prydfisk er
ei
undervurdert smittekjelde for sjukdommar i villfaunaen.
- Den antatt viktigaste
spreiingsvegen for smitteberande organismer er knytt til prydfiskhald i hage-
og parkdammar. Desse er opne vatnsystem fordi fugl og rovdyr i dei fleste tilfellene
har fri tilgang til dammane. Dei kan derfor bidra til spreiing av både
planter, dyr og parasittar. I tilfelle der dammen er bunden direkte saman med
vassdrag eller avløpsrøyr til andre vasskjelder, utgjer rømming
ei viss fare for det akvatiske miljøet, seier forskar Arne Levsen ved
Zoologisk institutt ved Universitetet i Bergen (bildet til høyre).
Han er førebels den einaste i fagmiljøet i Noreg som har gripe
tak problema omkring import av prydfisk.
- Hos importert prydfisk har me funne ei rekkje parasittar som kan tenkjast å bli introdusert til den norske akvatiske villfaunaen. Døme her er ulike haptormark, bendelmark og krepsdyr.
I ei fersk undersøking gjort for Landbruksdepartementet har Levsen funne urovekkjande funn. Over 40 ulike infektive organismar er påvist på nyimportert prydfisk og karper.
Øydelegg fiskefaunaen
I dag har oppdrettsnæringa strenge krav til utslepp og forureining, men det finst ingen spesielle krav til zoobutikkar og andre som sel importert prydfisk.
- Både daud fisk og fleire tonn med transportvatn frå fjerne strøk vert årleg sleppt rett ut i kloakken. Sjølv om reinseanlegg kan redusere risikoen for spreiing, er det ikkje tvil om at dette utgjer ei viktig smittekjelde.
I tillegg kjem all akvariefisken som eigarane av akvaria set ut i vatn og vassdrag for å bli kvitt fisken på ein enkel måte. Det viser seg at fisken har ei utruleg evne til å tilpasse seg dei lokale tilhøva.
- I Genesaretsjøen og Jordanelva i Israel er det til dømes oppdaga pirajafisk, ein art som til vanleg berre finst i Sør-Amerika, seier Arne Levsen. - Lokale fiskarar fekk piraja i garna, og dette skapte frykt mellom folk som badar i innsjøen. Dette syner at vi må ta problemet på alvor, fordi framande arter kan vere med på å øydeleggje den naturlege fiskefaunaen i innsjøar og tilstøytande elvar.
- Vi har for tida prioritert dei sju mest selde prydfiskslaga, og får desse direkte importert frå Singapore. For å gje sikker påvising av eincella parasittar og monogene gjellemark, held me fisken levande før disseksjonen i åtskilte kammer.
Gullfisk er på verdsbasis ein av dei mest populære og utbreidde prydfiskartane, men óg ein kjend vert for parasittar. I Noreg er gullfisk-varianten "slørhale" ein av dei mest etterspurde akvariefiskeslaga. Både i Storbritannia, Sentral-Europa og Nord-Amerika syner dokumenterte funn at både gullfisk og karpe har introdusert parasittar som har gjort skade på oppdretts- og frittlevande fiskeslag.
- Storbritannia har klimatisk og geografisk like tilhøve som oss. I Noreg nyttar styresmaktene føre-var-prinsippet i naturforvaltninga, og det tilseier at me bør ta problema på alvor, seier Levsen.
Mesteparten av prydfisken blir importert frå Søraust-Asia. Resten kjem frå Sør-Amerika, Sentral-Europa og Afrika. Eit av hovudproblema i akvariebransjen er at mykje fisk går tapt fordi intensive driftstilhøve fremjer både oppblomstring og spreiing av infektive organismer.
- Tidlegare, då dei internasjonale transporttilhøva ikkje var så raske som i dag, fekk ein ei naturleg lengre karantenetid. No gjer flyforsending at fisken er framme seinast eit døgn etter at han vart pakka i produsentlandet. For å spare fraktkostnader, kan det stå opptil 60 fisk per liter vatn. Dette gjev samstundes auka fare for spreiing av smitte, og svinnet er stort på enkelte forsendingar.
Arne Levsen stiller seg undrande til at sjukdommar hos importert akvariefisk til no ikkje har vore prioritert. Innan norsk oppdrettsnæring vert det jamt påvist nye skadeorganismer, og han meiner det er ein tankevekkjar at ein enda ikkje veit kor desse stammar frå.
- Det er kjent at gullfisk og koi-karper kan vere infisert av til dømes virus som er årsak til fiskesjukdommar som er klassifisert som gruppe A-sjukdommar i Noreg. Det vil seie at påviste forekomstar med ein gong må meldast til næraste veterinærstyresmakt for å setje i gong strakstiltak.
Innan lakseoppdrettsnæringa har bakteriesjukdommen furunkulose skapt store problem dei seinare åra. Ei atypisk form av sjukdommen er òg kjend frå mange ulike prydfiskslag.
Forbodet mot import av levande akvatisk organisme byggjer på kunnskapen om at flytting av levande fisk er den viktigaste kjelda til innføring og spreiing av sjukdomsframkallande organismar. Eit velkjent døme er lakseparasitten Gyrodactylus salaris som vart påvist i norske elvar på midten av 70-talet.
- Det er nødvendig å undersøkje fiskeslaga i minst eit år for å kunne registrere skadeorganismar som har sesongvis førekomst. Spesifikk påvising av virus og bakteriar er i tillegg så tid- og ressurskrevjande at vi ikkje har hatt høve til å prioritere dette arbeidet. Håpet er breiast mogleg å dokumentere funn som kan danne grunnlag for styresmaktene sitt arbeid med revisjon av gjeldande regelverk. Innskjerpa importkontroll vil imidlertid bli så kostbart at det neppe er økonomisk forsvarleg, seier Levsen.
Tyskland er Europas leiande importør av akvariefisk, og er derfor retningsgjevande for den europeiske utviklinga. EU legg truleg opp til felles reglar for import og omsetjing av levande fisk. Her vil Tyskland si haldning óg vere avgjerande for Noreg. Gjennom EØS-avtalen er vi forplikta til å ha felles regelverk for import av levande dyr.
- Parasittologisk faggruppe ved Zoologisk institutt ved Universitetet i Bergen er i gang med å byggje opp eit kompetansemiljø for sjukdommar hos importert prydfisk. Det bør vere mogleg å få til eit forskingssamarbeid om sjukdomskontroll av akvariefisk under produksjon og sal.
I Malaysia er ein i ferd med å satse sterkare på prydfiskoppdrett. Det vil óg seie ei sterkare satsing på sjukdomskontroll under produksjonen. Ein eigen karantenestasjon for akvariefisk er nyleg etablert, og to andre er på planleggingsstadiet. Dette er eit signal om at smitteproblema er i ferd med å bli tatt på alvor.
- Noreg har under FN-samarbeidet forplikta seg til å følgje opp vedtaka som vart gjort under Rio-konferansen i 1992. Dette inneber at vi mellom anna skal ta vare på artsmangfaldet i villfaunaen. Ukontrollert omsetjing av levande organismer er ein trussel mot dette.
Levsen ønskjer likevel ikkje å gjere folk som driv med akvarie som hobby til syndebukkar. Til det er grunnlaget for snevert og kunnskapen for låg. Universitetet i Bergen satsar i dag mykje på fiskebiologi. Levsen meiner at dette også bør omfatte forsking på prydfisk.
- Dette er ei stor internasjonal næring, og eit spennande fagfelt fordi mykje framleis er ugjort. I laboratoriesamanheng er prydfisk óg betre egna til studiar enn til dømes laks.