[Forrige] [Neste] [Innhold]

UiB-Magasinet 2/95

Regn frå vest øydelegg bergkunsten

Gjennom tusenvis av år har regnet aust ned i Ausevik i Flora i Sogn og Fjordane, sildra nedover dei skrå bergflatene og fått berget til å leva: frå steinflata og opp gjennom vatnet har det stige fram figurar som er hogde inn i steinen men som ein ikkje har kunna sjå i direkte sollys eller i overskya ver. Men vatnet fører ikkje berre liv med seg.

Av EINAR ÅDLAND

Sakte men sikkert bryt vatnet berget ned, brøyter veg for frostsprenging og vegetasjon som får steinen til å smuldra opp. Dermed blir den verdfulle og spennande bergkunsten også øydelagd. Og det skjer så grundig at arkeologar, konservatorar, ingeniørar og andre ekspertar frå Universitetet i Bergen kunne sopa opp bøttevis med vitra berg i Ausevik då dei for tjue-tretti år sidan tok til å med å reparera dei skadene vatnet hadde gjort på dei fine felta med veideristingar frå steinalderen.


Ekspertar i restaurering

- Vatnet er årsaka til dei fleste former for oppsmuldring, seier overingeniør Kirsti Hauge Riisøen ved Konserveringsseksjonen, Bergen Museum, UiB. Saman med arkeologen, førsteamanuensis Gro Mandt har ho i mange år arbeidd i felten for å berga det som bergast kan av den rike bergkunstskatten vår.

Kristen Michelsen, tidlegare førstekonservator ved Historisk Museum, tileigna seg den nødvendige kunnskapen i restaurering av denne kunsten gjennom mange års skolering og arbeid i felten. Hauge Riisøen har lært hos Michelsen og andre, og er i dag ein av dei få i vårt land som meistrar dette fagfeltet.

- Det kan vera vatn som sildrar ned over bergflata og fører til langsam vitring i overflata. Dette resulterer i at skilnaden mellom figurar og berget omkring blir viska ut slik at teikna blir vanskelege å sjå. Fjellet blir i mange tilfelle misfarga av jernutfellingar som vatnet fører med seg ut på berget (jernoksyd). Vatn fører også med seg næringsstoff som gir grobotn for lav og andre vekstar. Dette har vi mange eksempel på i Vingen i Nordfjord, der vi ser at lavet sit svært fast og kan vera vanskeleg å fjerna med kjemiske og mekaniske middel. Verre er det at ein del lavarter utviklar syre som løyser opp mineral i steinen. Vatn trengjer også ned i fjellet, særleg i skiferfjell ("råtaberg") og i porer. Den porøse steinen verkar då som ein svamp, vatnet sig inn og gir grunnlag for frostsprenging og framvekst av mikroorganismar som spaltar steinen opp. Analyse med elektronmikroskop av sandstein i Vingen viste at skaden gjekk 1 cm djupt, viktige mineral var blitt borte gjennom kjemisk vitring, forklarar Mandt og Hauge Riisøen.

Kjemisk vitring kan gjev ulike utslag. Mineral blir vaska ut, og resultatet er ein porøs stein der vatn trengjer inn. I tillegg til misfarging kan vi òg få omdanning av mineral.

Luftforureining er det funne fleire eksempel på. Ulike nitrogenoksid kan stimulera lavveksten mange stader. Då ein bygde ein kunstgjødselfabrikk nær eit bergkunstfelt ved Fykanvatnet i Nordland i 1950, vart bergskurden overgrodd med lav i dei neste ti-tjue åra. I Geithidleren, Årsand i Kvinnherad er der og døme på dette: Dei siste åra har ein observert at figurane losnar frå underlaget, som er kalksinter. Ved å studera prøver frå berget i mikroskop har forskarane observert at kalksinteret er delvis omdanna til gips, og dette skuldast truleg ulike svoveloksid.

Solvarme kan føra til at fjellet sprekk opp. I Ausevik er det målt 50 grader Celcius i solsteiken.

Vegetasjonen er også med på å bryta ned fjellet. Trerøter, eksempelvis furu, er svært effektive i så måte. Røtene veks ned i sprekkar og lyfter store steinblokker fleire centimeter. Dette er observert på fleire bergkunstfelt her i landet. Plantar og tre forsurar miljøet og gjer berget fuktigare og dermed meir høveleg for mose, som har vist seg å vera skadeleg for bergskurden.

Trakk og annan slitasje på berget kan vera nok til at heile flak av helleristingar fell av, dersom overflata frå før er losna frå underlaget. Særleg gjeld dette på glimmerskifer og sandstein og andre mjuke bergarter. Problemet er blitt større med åra, på grunn av større trafikk i dei aktuelle områda.

Hærverk er eit aukande problem. Fleire felt er tilgrisa av spraymaling. Denne er svært vanskeleg å fjerna fordi den trengjer ned i den porøse overflata i berget.


Drenering

- Kva for førebyggjande tiltak er aktuelle?

- Ved å halda vatn og vegetasjon borte frå felta, gjer ein eit viktig førebyggjande arbeid. Vatnet kan leiast bort ved å grava dreneringsgrøfter, bora renner i fjellet, tetta alle sårkantar og sprekkar og støypa igjen dammar der vatn blir ståande. Generelt kan ein seia at næringsrike bergarter må haldast absolutt frie for vegetasjon. Dersom tildekking trengst, har vi gode røynsler med å leggja glasullmatter på berget og deretter dekka til med steinheller og eit tjukt lag torv øvst. Elles er det faktisk i denne samanhengen ei viktig oppgåve å halda ein del av turisttrafikken unna felta. Somme turistar er ei plage og viser grov uforstand. I dei einskilde kommunane har administrasjon og politikarar vist god samarbeidsvilje når det gjeld skjerming av felta mot overdriven trafikk, men turistnæringa er ikkje like velviljug, held dei to forskarane fram.

- Er der gode middel til å reparera skadene og restaurera bergkunsten?

- Det viste seg fort at det fanst ikkje metodar for konservering av bergkunst eller bergarter nokon stad i verda. Forskinga hadde i hovudsak konsentrert seg om bygningsstein. Silikon og andre produkt var dårleg eigna til konservering. Nærast tilfeldig kom førstekonservator Kristen Michelsen til å bruka ei blanding av polyvinylacetat og polyetylen for å forsterka den porøse vitringshuda og for å hindra vidare oppsmuldring av berget. Metoden er evaluert etter ti års utprøving i laboratoriet i Bergen og i felten. Det er rekna med at dette middelet vil vara i alle fall i femti år, og det vil ikkje skada berget.

Dette restaureringsarbeidet er ganske komplisert og tidkrevjande. Berget må vera heilt tørt for at konsolideringsmiddelet skal trengja heilt inn og vera effektivt.

- Kan det byggjast opp eit forskings- og studiemiljø i bergkunstberging?

- Det skulle godt kunna late seg gjera til dømes ved Universitetet i Bergen, der vi i ei årrekkje har arbeidd opp ein tverrfagleg kompetanse på området, og dessutan har andre fag som er naturleg å bruka i denne samanhengen, først og fremst botanikk og geologi. Det vil og vera ein fordel å dra nytte av den infrastrukturen og dei fellesteneste som Bergen Museum og Universitetet i Bergen i det heile har til rådvelde, seier Kirsti Hauge Riisøen og Gro Mandt.


[Forrige] [Neste] [Innhold]