Lyngheiene på Lygra blir heimstaden for eit senter som skal verne og fortelje om dette særeigne og tradisjonsrike kulturlandskapet. På Lyngheisenteret blir bøndene nøkkelpersonar i eit kunnskapssenter om tradisjonsrike driftsmetodar.
Botanikkprofessor Peter Emil Kaland ved Universitetet i Bergen har i mange år kjempa for å realisere senteret. Alt no er drifta igang, og om tre år kan Kaland presentere eit ferdig informasjonssenter som omfattar fem gardsbruk i full drift.
Lyngheiene var for nokre hundre år sidan den dominerande landskapsforma langs Europa-kysten, frå Spania til Noreg. Området på Lygra er eit av få gjenverande døme på dette, og er eit av dei nasjonalt prioriterte områda for kulturlandskap. Internasjonalt er det óg stor interesse for senteret.
Lyngheisenteret, som vart presentert i eit fjernsynsprogram på NRK i mars, vil koste omlag 35 millioner kroner.
Klimaet i vår del av verda er grunnleggjande ustabilt. Det har forskarar ved Geologisk instiutt ved Universitetet i Bergen funne ut. Resultata vart publiserte i ein artikkel i tidsskriftet Nature i mars.
Ein har lenge visst at havsirkulasjonen i Norskehavet og innlandsisen i Nordeuropa varierte sterkt under den siste istida. Stipendiat Torben Fronval og professor Eystein Jansen har nyleg publisert resultat som syner at ustabiliteten i klimaet vårt har påverka både lufttemperaturen, isdekke og havstraumane langt mot nord. Dessutan syner Fronval og Jansen at desse variasjonane heng saman i eit tydeleg mønster.
Universitetet i Bergen har fleire miljø med fagleg tyngde innan klimaforsking. Mellom anna kom nyleg forskingsskipet Håkon Mosby tilbake frå tokt i Grønlandshavet. Under leiing av professor Ola M. Johannessen ved Geofysisk Institutt har ein forska på korleis karbonopptaket i havet kan påverke klimaet i framtida.
Eit viktig bidrag i arbeidet med å fjerne årsakene til mobbing. Slik blir boka Mobbing og harde personkonflikter omtala. Fire tilsette ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen, Ståle Einarsen, Bjørn Inge Raknes, Stig Berge Matthiesen og Odd H. Hellesø, står som forfattarar av boka.
Dei har på grunnlag av ei rekkje forskningsrapportar skrive eit omfattande dokumentasjonsverk. Mellom tala som blir presentert i boka, viser det seg at 38 prosent har opplevd mobbing på arbeidsplassen, og 18 prosentkjenner det som ei alvorleg belasting i det daglege arbeidet.
Forfattarane slår fast at mobbing er eit alvorleg arbeidsmiljøproblem, og boka er blitt tilrådd som god hjelp handtering av konfliktar.
Professor Knut-Inge Klepp ved HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen er blitt tildelt det ameikanske Society of Behavioural medicine Young Investigator Award for 1995.
Klepp er professor i forebyggende helsearbeid i utviklingsland. Han var med på å starte Nasjonalforeningens senter for forsking om helsefremmende arbeid, miljø og livsstil (HEMIL-senteret) i 1988. Han var ansatt ved Senter for internasjonal helse, UiB, i perioden 1991-1994. Der hadde han det faglige ansvaret, og senere lederansvaret, for det tanzaniansk-norske AIDS-prosjektet.
Som forsker har Klepp hatt et fokus på utvikling og endring av helserelaterte vaner hos barn, ungdom og unge voksne. Han har spesielt bidratt til utforming og evaluering av helseundervisning basert på sosialpsykologisk teori for atferdendring.
Klepp tok doktorgraden (Ph.D.) i Behavioral Epidemiology ved Universitetet i Minnesota i 1987.
Dr. med Arne Tjølsen fekk Meltzer-prisen for yngre forskarar 1994. Tjølsen har forska på korleis vi oppfattar smerte. Han tok imot prisen på 50.000 kroner på den årlege Meltzer-middagen 8. mars.
Arne Tjølsen si forsking har vekt stor internasjonal interesse. Han har synt at metodar som tidligare har vore sentrale i registrering av smerter, kan ha store feilkilder om ikkje målesituasjonen og metodene vert kontrollerte godt nok. Arbeidet til Tjølsen gjer at det no blir stilt kritiske spørsmål til studiar der slike metodar vert brukte. Tjølsen har sjølv bygd opp ein metode som no utviklast for å kunne studere korleis enkeltceller i nervesystemet verkar på smerteoppfattinga vår.
Tjølsen sine studiar spenner frå mekanismar på cellenivå til studiar av åtferd. Han har mellom anna undersøkt stoffet paracetamol, og funne ut at verknaden av dette medikamentet er lokalisert til ryggmargen. Dette er ny kunnskap innan smerteforskinga.
Tjølsen er 35 år gammal, og han disputerte for den medisinske doktorgraden i 1991. Han er idag tilsett som førsteamanuensis ved Fysiologisk institutt ved Universitetet i Bergen.
Meltzerfondet deler ut 5,6 millionar kroner til den faglege verksemda ved universitetet i år. 85 studentar har fått kvart sitt stipend på 10.000 kroner. Aldri før har det vore delt ut så mykje frå fondet.
Kjell Roger Soleim er mannen som har blitt forskingsleiar ved Senter for humanistisk kvinneforsking ved Universitetet i Bergen. Det er første gongen senteret har ein mannleg leiar.
I fjor vår var Soleim ferdig med doktorgraden sin om kjønnsperspektiv knytta til subjektet i vitskapen. Dét har òg vore tema for seminarrekkja ved senteret i vår. Ønsket om eit tverrfagleg kvinneforskingssenter er den fremste målsetjinga for Soleim. Og arbeidet for dette er allereie godt i gang. Ei rekkje kvinnelege forskarar ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet i Bergen har engasjert seg for å få etablert eit slikt senter.
Latterliggjorte eller seriøst granskende, kontaktannonsene har gjennom snart 25 år avspeilt hva slags kvaliteter nordmenn legger til grunn for et godt kjæresteforhold. Hilde Kjerland ved Institutt for kunsthistorie og kulturvitenskap ved Universitetet i Bergen ønsker å komme i kontakt med mennesker som har gode eller dårlige erfaringer fra kontaktannonsemarkedet.
Hennes hovedfagsoppgave i folkloristikk sammenlikner annonser fra Dagbladet-spalten "Noen som passer for meg?" som startet i 1971 og fram til idag. Hennes hovedinntrykk så langt er at annonsene tidligere var ærligere og hadde et mer personlig preg .
Det er mange alternativer for dem som vil prøve kontaktannonsens vei mot den store kjærligheten. Men nøl ikke. Bladet "Fjell og vidde" sine annonser har for eksempel en ventetid på nesten ett år.
Private bistandsorganisasjoner har ry på seg for å drive mer effektivt og grasrotorientert, og mindre byråkratisk u-hjelp enn staten. Dette er en myte, påviser forsker Terje Tvedt ved Senter for utviklingsstudier i en undersøkelse.
Tvedt tar til orde for at organisasjoner som Redd Barna, Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp trenger til fornyelse. På oppdrag fra Utenriksdepartementet har han sammen med 20 forskere fra seks land vurdert arbeidet til norske frivillige organisasjoner siden de startet med bistandsarbeid i 1963.
Tvedt kritiserer organisasjonene for å satse på for store prosjekter og ha for lite kompetanse på mottakerlandenes behov og forutsetninger. Organisasjonene bør skaffe seg spesialkompetanse og satse mer på nettverksarbeid, er noen av konklusjonene i utredningen.
I 1994 fikk de private organisasjonene nærmere 1,5 millioner kroner fra staten til bistandsarbeid.
22. februar var ein merkjedag i historia til bergensstudentane. Då vart Det akademiske kvarter, studentanes eige hus, opna. Kronprins Haakon Magnus sto for den formelle opninga, godt støtta av rektor Ole Didrik Lærum og universitetsdirektør Kåre Rommetveit. Studentane sjølve hjelpte til med fakkeltog i regntunge gater og fylte opp dei mange lokala i huset heile opningshelga, i fire dagar til ende. Dermed er eit tungskrive kapittel i soga om studentmiljøet i Bergen avslutta.
I vekene før opninga var det debatt og mykje tvil om skjenkeløyve frå bystyret og om kronprinsen si deltaking på opninga. Gemyttane roa seg raskt idet kranane vart opna, og så langt har Kvarteret, som huset vert kalla, vore ein suksess. Lokala er flittig nytta av studentar som deltek på debattar, musikkøvingar, i organisasjonar eller vanleg uteliv. I nabohuset til Det akademiske kvarter har dei fleste aktive studentforeningane fått nye kontor.
Den nye universitetsloven har forsøkt å ivareta allmenne krav om høyere kvinneandel i vitenskaplige stillinger. Muligens kom det derfor som en overraskelse på Lagtinget da kvinner i Kollegiet og Kollegierådet ved Universitetet i Bergen protesterte mot en av de klareste "kvinne-paragrafene" i lovforslaget.
Det var en formulering om at begge kjønn skal være representerte blant sakkyndige i ansettelseskomiteer til vitenskaplige stillinger som skapte debatt i forkant av Odelstingets behandling av loven. Lagtinget hadde fjernet forbeholdet "så vidt mulig" fra det opprinnelige forslaget. Kvinnerepresentantene i de sentrale styringsorganene ved UiB reagerte sterkt på dette, under henvisning til at flere fag ikke har nok kvinner ansatt til å oppfylle kravet i formuleringen. Skulle for eksempel de tre kvinnelige jusprofessorene i landet bli nødt til å tilbringe det meste av tiden sin til å sitte i ansettelseskomiteer?
Til tross for skarpe protester og opslag i media, tok ikke Odelstinget kvinnenes protest til følge. Dermed har universitetsloven en formulering som i prinsippet støtter kampen for flere kvinner blant vitenskaplige ansatte. Men hvordan vil den arte seg i praksis?
24.169 unge studiesøkende var innom "Utdanning-95" i Arenum i Solheimsviken 22. - 25. februar på jakt etter gode tips og råd til utforming av sin egen utdanning og fremtid. Det rekordhøye besøkstallet viser behovet de unge har for god informasjon og veiledning i dagens jungel av studietilbud og utdanningsveier.
Det var Universitetet i Bergen som tok initiativet til den første utdanningsmessen i 1993. Siden har den blitt et årlig tiltak med stadig flere utstillere og besøkende.
"Skogen av muligheter" var i år tema for Universitetets stand. Den fokuserte det brede studietilbudet, muligheten for å kombinere fag og de vide yrkesmulighetene en universitetsutdanning åpner for. Studieveilederne, som svarte villig vekk på alle mulige spørsmål under messen, fikk mange godord fra de besøkende.
Sannsynlegvis hugsar du "Folk i form til OL", kampanjen som skulle gjere oss til eit mosjonerande folk fram til OL på Lillehammer. Men du lot deg truleg ikkje påverke så mykje av kampanjen slik at du oftare fann fram trimklede og joggesko.
Dette viser tal frå sluttrapporten for prosjekt "Folk i form til OL", skriven av Leif Edvard Aarø ved HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen og Yngvar Ommundsen ved Noregs Idrettshøgskule.
Dei to slår fast at kampanjen i første rekkje verka positivt på våre haldningar til trim og mosjon. I ei stor spørjeundersøking svarar halvparten at dei vart meir medvitne om verdien av enkel mosjon, og kvar femte nordmann seier at han vart inspirert til å mosjonere. Undersøkinga syner frå 1990 til 1994 likevel inga tydeleg auke i talet på folk som var fysisk aktive på fritida si. Men til dømes er det mange fleire som syklar til jobb no enn før. Dei under 30 er minst påverka av kampanjen. Akademikarane er på fritida klart meir fysisk aktive enn dei som ikkje har utdanning ut over folkeskulen.
"Folk i form til OL" var ein særs synleg kampanje. 80% svarar at dei kjenner til han. Kampanjen la vekt på å samarbeide med eksisterande organisasjonar innan idretts- og friluftsliv og med ulike offentlege etatar. Kontakten med idrettslivet er ei mogleg årsak til at folk på landsbygda er særleg medvitne på kampanjen og bodskapen i han.