|
Sakte men sikkert bryt vatnet berget ned, brøyter veg
for frostsprenging og vegetasjon som får steinen til å
smuldra opp. Dermed blir den verdfulle og spennande bergkunsten
også øydelagd. Og det skjer så grundig at arkeologar,
konservatorar, ingeniørar og andre ekspertar frå
Universitetet i Bergen kunne sopa opp bøttevis med
vitra berg i Ausevik då dei for tjue-tretti år sidan
tok til å med å reparera dei skadene vatnet hadde
gjort på dei fine felta med veideristingar frå steinalderen.
Ekspertar i restaurering
Vatnet er årsaka til dei fleste former for oppsmuldring,
seier overingeniør Kirsti Hauge Riisøen ved Konserveringsseksjonen,
Bergen Museum, UiB. Saman med arkeologen, førsteamanuensis
Gro Mandt har ho i mange år arbeidd i felten for å berga
det som bergast kan av den rike bergkunstskatten vår.
Kristen Michelsen, tidlegare førstekonservator ved Historisk
Museum, tileigna seg den nødvendige kunnskapen i restaurering
av denne kunsten gjennom mange års skolering og arbeid i
felten. Hauge Riisøen har lært hos Michelsen og andre,
og er i dag ein av dei få i vårt land som meistrar
dette fagfeltet.
Det kan vera vatn som sildrar ned over bergflata og fører
til langsam vitring i overflata. Dette resulterer i at skilnaden
mellom figurar og berget omkring blir viska ut slik at teikna
blir vanskelege å sjå. Fjellet blir i mange tilfelle
misfarga av jernutfellingar som vatnet fører med seg ut
på berget (jernoksyd). Vatn fører også med
seg næringsstoff som gir grobotn for lav og andre vekstar.
Dette har vi mange eksempel på i Vingen i Nordfjord, der
vi ser at lavet sit svært fast og kan vera vanskeleg å
fjerna med kjemiske og mekaniske middel. Verre er det at ein del
lavarter utviklar syre som løyser opp mineral i steinen.
Vatn trengjer også ned i fjellet, særleg i skiferfjell
("råtaberg") og i porer. Den porøse steinen verkar
då som ein svamp, vatnet sig inn og gir grunnlag for frostsprenging
og framvekst av mikroorganismar som spaltar steinen opp. Analyse
med elektronmikroskop av sandstein i Vingen viste at skaden gjekk
1 cm djupt, viktige mineral var blitt borte gjennom kjemisk vitring,
forklarar Mandt og Hauge Riisøen.
Kjemisk vitring kan gjev ulike utslag. Mineral
blir vaska ut, og resultatet er ein porøs stein der vatn
trengjer inn. I tillegg til misfarging kan vi òg få
omdanning av mineral.
Luftforureining er det funne fleire eksempel på.
Ulike nitrogenoksid kan stimulera lavveksten mange stader. Då
ein bygde ein kunstgjødselfabrikk nær eit bergkunstfelt
ved Fykanvatnet i Nordland i 1950, vart bergskurden overgrodd
med lav i dei neste ti-tjue åra. I Geithidleren, Årsand
i Kvinnherad er der og døme på dette: Dei siste åra
har ein observert at figurane losnar frå underlaget, som
er kalksinter. Ved å studera prøver frå berget
i mikroskop har forskarane observert at kalksinteret er delvis
omdanna til gips, og dette skuldast truleg ulike svoveloksid.
Solvarme kan føra til at fjellet sprekk
opp. I Ausevik er det målt 50 grader Celcius i solsteiken.
Vegetasjonen er også med på å
bryta ned fjellet. Trerøter, eksempelvis furu, er svært
effektive i så måte. Røtene veks ned i sprekkar
og lyfter store steinblokker fleire centimeter. Dette er observert
på fleire bergkunstfelt her i landet. Plantar og tre forsurar
miljøet og gjer berget fuktigare og dermed meir høveleg
for mose, som har vist seg å vera skadeleg for bergskurden.
Trakk og annan slitasje på berget kan vera
nok til at heile flak av helleristingar fell av, dersom overflata
frå før er losna frå underlaget. Særleg
gjeld dette på glimmerskifer og sandstein og andre mjuke
bergarter. Problemet er blitt større med åra, på
grunn av større trafikk i dei aktuelle områda.
Hærverk er eit aukande problem. Fleire felt
er tilgrisa av spraymaling. Denne er svært vanskeleg å
fjerna fordi den trengjer ned i den porøse overflata i
berget.
Drenering
Kva for førebyggjande tiltak er aktuelle?
Ved å halda vatn og vegetasjon borte frå felta,
gjer ein eit viktig førebyggjande arbeid. Vatnet kan leiast
bort ved å grava dreneringsgrøfter, bora renner i
fjellet, tetta alle sårkantar og sprekkar og støypa
igjen dammar der vatn blir ståande. Generelt kan ein seia
at næringsrike bergarter må haldast absolutt frie
for vegetasjon. Dersom tildekking trengst, har vi gode røynsler
med å leggja glasullmatter på berget og deretter dekka
til med steinheller og eit tjukt lag torv øvst. Elles er
det faktisk i denne samanhengen ei viktig oppgåve å
halda ein del av turisttrafikken unna felta. Somme turistar er
ei plage og viser grov uforstand. I dei einskilde kommunane har
administrasjon og politikarar vist god samarbeidsvilje når
det gjeld skjerming av felta mot overdriven trafikk, men turistnæringa
er ikkje like velviljug, held dei to forskarane fram.
Er der gode middel til å reparera skadene og
restaurera bergkunsten?
Det viste seg fort at det fanst ikkje metodar for konservering
av bergkunst eller bergarter nokon stad i verda. Forskinga hadde
i hovudsak konsentrert seg om bygningsstein. Silikon og andre
produkt var dårleg eigna til konservering. Nærast
tilfeldig kom førstekonservator Kristen Michelsen til å
bruka ei blanding av polyvinylacetat og polyetylen for å
forsterka den porøse vitringshuda og for å hindra
vidare oppsmuldring av berget. Metoden er evaluert etter ti års
utprøving i laboratoriet i Bergen og i felten. Det er rekna
med at dette middelet vil vara i alle fall i femti år, og
det vil ikkje skada berget.
Dette restaureringsarbeidet er ganske komplisert og tidkrevjande.
Berget må vera heilt tørt for at konsolideringsmiddelet
skal trengja heilt inn og vera effektivt.
- Kan det byggjast opp eit forskings- og studiemiljø
i bergkunstberging?
Det skulle godt kunna late seg gjera til dømes
ved Universitetet i Bergen, der vi i ei årrekkje har arbeidd
opp ein tverrfagleg kompetanse på området, og dessutan
har andre fag som er naturleg å bruka i denne samanhengen,
først og fremst botanikk og geologi. Det vil og vera ein
fordel å dra nytte av den infrastrukturen og dei fellesteneste
som Bergen Museum og Universitetet i Bergen i det heile har til
rådvelde, seier Kirsti Hauge Riisøen og Gro Mandt.
|