|
Vi finn heile nazi-ideologien uttrykt i desse underhaldningsfilmane,
seier Gerhard Schonenberner. Han er tysk filmhistorikar og har
i mange år arbeidd spesielt med nazistiske propagandafilmar.
Under eit universitetsseminar i Bergen i mars viste han fleire
av dei mest kjende underhaldningsfilmane som blei produserte av
Hitler-Tyskland. Desse filmane skulle dyrke fram eit positivt
sjølvbilete hos tyskarane, samt legitimere og forsterke
den negative oppfatninga av fienden.
Det nazi-skapte nasjonalsosialistiske verdsbiletet mana til nasjonal
solidaritet og ekskludering av interessemotsetnader mellom dei
sosiale klassane. Kinoane blei ei viktig brikke i arbeidet med
å halde oppe einsrettinga. Nazistane satsa på å
auke kinobesøket gjennom å etablere bygdekinoar og
organisere syningar på skular, fabrikkar, militærleirar
og i ulike organisasjonar. Og dei lukkast særs bra.
I 1933 hadde Tyskland 244 millioner kinobesøk årleg.
I 1942 passerte besøket ein milliard. Både dei vekentlege
filmavisene og dei meir underhaldande spelefilmane fylte folket
sitt behov for informasjon og underhaldning, seier Schonenberner.
Full kontroll
Etter at nazistane tok over makta i januar 1933 tok det ikkje
lang tid før den tyske filmindustrien blei underlagt politisk
kontroll. Propagandaminister Joseph Goebbels såg tidleg
kva sjansar einsretting ved hjelp av propagandafilm kunne gi,
og blei snart leiar for eit eige ministerium som skulle ha ansvar
for propagandaverksemda. Dette innebar total kontroll over såvel
idear og manus som sjølve redigeringa - og Goebbels sjølv
styrde det meste av prosessen. Mange filmfolk blei sparka av rasemessige
omsyn, og fleire blei nøydde til å røme frå
landet.
Samstundes oppretta nazistane ei nasjonal kredittordning for
filmproduksjon og slo saman fleire filmselskap til det statskontrollerte
UFA-selskapet. Dette førte til at nazistane snart hadde
økonomisk kontroll over filmindustrien. Seinare kom óg
distribusjonsordninga og ein stor del av kinoane under regjeringa
si kontroll. Allereie i 1933 kom underhaldningsfilmen Hitlerjunge
Quex (Hitlerguten Kvikk) med klar appell til ungdommen. Filmen
syner korleis tenåringen Heini bryt med dei usympatiske
og drikkfeldige kommunistane, og heller velger å følgje
dei sunne, flinke og disiplinerte ungdomane i Hitlerjugend. Når
kommunistane hemner seg og drep Heini, får han døy
heroisk i armane på nazi-kameratane. Filmen blei svært
populær og viktig for rekrutteringa til nazistane sine ungdomsrørsler.
Underhaldning med bodskap
Dei første nazistiske filmane blei både
kunstnariske og kommersielle fiaskoar. Kinopublikumet reagerte
negativt på den sterke politiske misjoneringa, så
Goebbels såg tidleg at det ideologiske bodskapet måtte
skjulast på ein meir sofistikert måte. Han satsa på
få og dyre filmprosjekt der rollene var gjort av kjende
stjerner. Dei sensurerte avisene ga automatisk filmane gode kritikkar,
og dei fekk prisar av det nazistiske regimet. Filmane blei derfor
godt besøkte og sett opp i dei fleste landa som var okkupert
av Tyskland, seier Schoneneberner.
Han har studert fleire hundre filmar som blei produserte under
nazistisk kontroll, og har funne ei rekkje likskapstrekk.
Sentralt i ideologien stod det sosial-demagogiske
omgrepet Volksgemeinschaft, som legitimerte kampen for
tysk overherredømme over andre folk og rasar. Filmane spelar
på element som kamp mot kommunisme og arbeidarrøyrsle,
militære leiarideal for samfunnet som heilskap, oppløysing
av parlamentarisk demokrati og at det var naudsynt med krig for
å nå dei nazistiske måla. Samstundes blei den
irrasjonelle ideen om at den tyske rasen som herrefolk måtte
hjelpe naturen med å utrydde det stygge, svake og lågarståande
menneske for å oppfylle ein slags vulgær-darwinisme,
understreka gjennom historiske epos eller liknande.
Eit fellestrekk ved filmane er at dei ofte handlar om omskrivne
historiske hendingar, som blir nytta til å byggje opp under
nazistane si politiske linje.
Vekslande fiendar
Etter at krigen starta i 1939 blei fiendebiletet i filmanene
endra. Då Storbritannia kom med krigserklæringa same
haust, fekk landet rolla som erkefiende, og blei tema for storfilmen
Ohm Krüger (Onkel Krüger) frå 1941.
Dette er eit klart døme på korleis den utanrikspolitiske
situasjonen blir avspegla i spelefilmproduksjonen. Britane hadde
i mange tyske filmar vore framstilt som tapre, ærlege, riddarlege
og rettvise. Då regjeringa braut med Hitler sin ekspansjons-
og rustningspolitikk, blei dette biletet med ett endra. I Ohm
Krüger står Hitler fram som ein føregangsmann
i kampen mot imperialisme og britisk undertrykking av dei sørafrikanske
boerane. Britane blir karakteriserte som herskesjuke og grusomme,
medan nazi-regimet blir dei sanne forsvararane av dei svake og
forfulgde, seier Schonenberner.
Seinare i krigen fekk
denne strategien nærast absurde utslag. Etter slaget ved
Stalingrad i 1943, då krigen i realiteten var tapt, sette
Goebbels i gong med produksjonen av filmen Kolberg. "Hitler
og Goebbels må ha vore fengsla av ideen om at filmen var
meir nyttig for dei enn til dømes å vinne eit slag
i Russland", sa regissør Veit Harlan i eit intervju før
han døyde i 1965. Byen Kolberg hadde i 1806 kjempa i eit
år mot Napoleon sin hær. Sjølv om tyskarane
til slutt tapte slaget, hadde innbyggjarane overlevd. Goebbels
såg dette som ein parallell til utviklinga av krigen, og
ville nytte historia til å styrke det tyske folket sin moral.
Filmen hadde eit budsjett på over 8,5 millionar riksmark,
og innspelinga varte heilt fram til slutten av 1944. Då
hadde heile 187 000 soldatar vore haldne vekk frå fronten
i fleire månader for å medverke som statistar i filmen.
10 000 uniformar blei spesialsydde for filmen og fleire hundre
jernbanevogner med salt som skulle illudere snø blei køyrde
inn på filmsettet. Då filmen blei ferdig i 1945 var
det vanskeleg å få sett han opp, fordi mange kinoar
var okkuperte av dei allierte eller bomba i filler.
Den vakre krigen
Jo lengre krigen varte, jo mindre blei han skildra på
film. I filmen Stukas frå 1941 er det dei tyske bombeflygarane
som blir dyrka som heltar. Dei er staute, lojale og positive.
Fienden blir gjort om til objekt for sportslege bombekonkurransar.
Der tyske flygarar fell i kamp, blir det framheva kor bra det
er å døy for fedrelandet sitt. Seinare blei sjølve
krigen erstatta med historiske filmar som legitimerte kvifor fienden
måtte nedkjempast, seier Gerhard Schonenberner.
Fleire filmar frå 1933 til 1941 inneheld antisemittiske
bodskap, men først i 1939 blei dette det eksplisitte og
sentrale temaet i fleire filmar. I Jud Süss frå
1940 blir Leon Feuchtwangers roman forvrengd til å framstå
som eit prov på at jødane er onde og evige syndebukkar.
Jøden Joseph Süss-Oppenheimer blei på 1700-talet
hertug Karl Alexander av Württemberg sin finansrådgjevar.
Han fekk i oppgåve å skaffe pengar til å dekka
hertugen si gjeld. Sjølv om han greide dette blei han utsett
for eit komplott og dømd til døden ved hengjing.
I filmen blir Süss framstilt som ein maktsjuk snyltar som
utnyttar tyskarane til jødane sin fordel. Det heile bygger
opp om å rettferdiggjere utryddinga av jødar.
Dette viser at fiendebiletet var nært knytta til
nazistane sine taktiske behov og kan omtrent nyttast direkte til
å tidfeste filmane, seier Schonenberner.
Ikkje forelda
Propagandafilmane til Hitler-Tyskland blir i dag lagra under
strenge sikringstiltak. Skal filmane visast offentleg, krevst
det at dei skal.nyttast i ein seriøs samanheng. Det er
kjent at det sirkulerer kopiar av filmane i nynazistiske miljø
i Europa, og filmane har vore viste under ulike arrangement.
Propaganda kan berre motkjempast med informasjon. Eg har
vore med under oppbygginga av eit museum og kompetansesenter for
krigshistorie i Berlin. Her har vi óg ei pedagogisk avdeling
som skreddarsyr seminar for ulike yrkesgrupper, lærarar,
elevar og studentar. Her spelar bruk av multimedia ei sentral
rolle. Eg trur dette kan gjere folk meir medvetne til å
innta ei kritisk haldning til ulike bodskap - ikkje minst på
bakgrunn av erfaringa frå borgarkrigen i det tidlegare Jugoslavia.
Dette er eit godt døme på at propaganda framleis
kan nyttast med hell, sjølv i det "moderne" Europa, seier
Schoenberner.
|