|
Noreg importerer årleg store mengder akvariefisk og andre
kaldtvass-artar til utandørs i hage- og parkdammar. Fisken
er friteken frå forbodet mot import av levande organismer
fordi han er meint å haldast i lukka vatnsystem. Mykje tyder
likevel på at importert prydfisk er ei undervurdert smittekjelde
for sjukdommar i villfaunaen.
Den antatt viktigaste spreiingsvegen for smitteberande
organismer er knytt til prydfiskhald i hage- og parkdammar. Desse
er opne vatnsystem fordi fugl og rovdyr i dei fleste tilfellene
har fri tilgang til dammane. Dei kan derfor bidra til spreiing
av både planter, dyr og parasittar. I tilfelle der dammen
er bunden direkte saman med vassdrag eller avløpsrøyr
til andre vasskjelder, utgjer rømming ei viss fare for
det akvatiske miljøet, seier forskar Arne Levsen ved Zoologisk
institutt ved Universitetet i Bergen. Han er førebels den
einaste i fagmiljøet i Noreg som har gripe tak problema
omkring import av prydfisk.
Hos importert prydfisk har me funne ei rekkje parasittar
som kan tenkjast å bli introdusert til den norske akvatiske
villfaunaen. Døme her er ulike haptormark, bendelmark og
krepsdyr.
I ei fersk undersøking gjort for Landbruksdepartementet
har Levsen funne urovekkjande funn. Over 40 ulike infektive organismar
er påvist på nyimportert prydfisk og karper.
Øydelegg fiskefaunaen
I dag har oppdrettsnæringa strenge krav til utslepp og
forureining, men det finst ingen spesielle krav til zoobutikkar
og andre som sel importert prydfisk.
Både daud fisk og fleire tonn med transportvatn
frå fjerne strøk vert årleg sleppt rett ut
i kloakken. Sjølv om reinseanlegg kan redusere risikoen
for spreiing, er det ikkje tvil om at dette utgjer ei viktig smittekjelde.
I tillegg kjem all akvariefisken som eigarane av akvaria set
ut i vatn og vassdrag for å bli kvitt fisken på ein
enkel måte. Det viser seg at fisken har ei utruleg evne
til å tilpasse seg dei lokale tilhøva.
I Genesaretsjøen og Jordanelva i Israel er det
til dømes oppdaga pirajafisk, ein art som til vanleg berre
finst i Sør-Amerika, seier Arne Levsen. - Lokale fiskarar
fekk piraja i garna, og dette skapte frykt mellom folk som badar
i innsjøen. Dette syner at vi må ta problemet på
alvor, fordi framande arter kan vere med på å øydeleggje
den naturlege fiskefaunaen i innsjøar og tilstøytande
elvar.
Gullfisk med virus
Vi har for tida prioritert dei sju mest selde prydfiskslaga,
og får desse direkte importert frå Singapore. For
å gje sikker påvising av eincella parasittar og monogene
gjellemark, held me fisken levande før disseksjonen i åtskilte
kammer.
Gullfisk er på verdsbasis ein av dei mest populære
og utbreidde prydfiskartane, men óg ein kjend vert for
parasittar. I Noreg er gullfisk-varianten "slørhale" ein
av dei mest etterspurde akvariefiskeslaga. Både i Storbritannia,
Sentral-Europa og Nord-Amerika syner dokumenterte funn at både
gullfisk og karpe har introdusert parasittar som har gjort skade
på oppdretts- og frittlevande fiskeslag.
Storbritannia har klimatisk og geografisk like tilhøve
som oss. I Noreg nyttar styresmaktene føre-var-prinsippet
i naturforvaltninga, og det tilseier at me bør ta problema
på alvor, seier Levsen.
Stort svinn
Mesteparten av prydfisken blir importert frå Søraust-Asia.
Resten kjem frå Sør-Amerika, Sentral-Europa og Afrika.
Eit av hovudproblema i akvariebransjen er at mykje fisk går
tapt fordi intensive driftstilhøve fremjer både oppblomstring
og spreiing av infektive organismer.
Tidlegare, då dei internasjonale transporttilhøva
ikkje var så raske som i dag, fekk ein ei naturleg lengre
karantenetid. No gjer flyforsending at fisken er framme seinast
eit døgn etter at han vart pakka i produsentlandet. For
å spare fraktkostnader, kan det stå opptil 60 fisk
per liter vatn. Dette gjev samstundes auka fare for spreiing av
smitte, og svinnet er stort på enkelte forsendingar.
Ukjent opphav
Arne Levsen stiller seg undrande til at sjukdommar hos importert
akvariefisk til no ikkje har vore prioritert. Innan norsk oppdrettsnæring
vert det jamt påvist nye skadeorganismer, og han meiner
det er ein tankevekkjar at ein enda ikkje veit kor desse stammar
frå.
Det er kjent at gullfisk og koi-karper kan vere infisert
av til dømes virus som er årsak til fiskesjukdommar
som er klassifisert som gruppe A-sjukdommar i Noreg. Det vil seie
at påviste forekomstar med ein gong må meldast til
næraste veterinærstyresmakt for å setje i gong
strakstiltak.
Innan lakseoppdrettsnæringa har bakteriesjukdommen furunkulose
skapt store problem dei seinare åra. Ei atypisk form av
sjukdommen er òg kjend frå mange ulike prydfiskslag.
Regelendringar
Forbodet mot import av levande akvatisk organisme byggjer på
kunnskapen om at flytting av levande fisk er den viktigaste kjelda
til innføring og spreiing av sjukdomsframkallande organismar.
Eit velkjent døme er lakseparasitten Gyrodactylus salaris
som vart påvist i norske elvar på midten av 70-talet.
Det er nødvendig å undersøkje fiskeslaga
i minst eit år for å kunne registrere skadeorganismar
som har sesongvis førekomst. Spesifikk påvising av
virus og bakteriar er i tillegg så tid- og ressurskrevjande
at vi ikkje har hatt høve til å prioritere dette
arbeidet. Håpet er breiast mogleg å dokumentere funn
som kan danne grunnlag for styresmaktene sitt arbeid med revisjon
av gjeldande regelverk. Innskjerpa importkontroll vil imidlertid
bli så kostbart at det neppe er økonomisk forsvarleg,
seier Levsen.
Felles reglar
 |
 |
| Denne svartraen har typiske symptom på
fisketurberkolose. Dette er ein særs vanleg bakteriesjukdom
hos akvariefisk. |
 |
Tyskland er Europas leiande importør av akvariefisk, og
er derfor retningsgjevande for den europeiske utviklinga. EU legg
truleg opp til felles reglar for import og omsetjing av levande
fisk. Her vil Tyskland si haldning óg vere avgjerande for
Noreg. Gjennom EØS-avtalen er vi forplikta til å
ha felles regelverk for import av levande dyr.
Parasittologisk faggruppe ved Zoologisk institutt ved Universitetet
i Bergen er i gang med å byggje opp eit kompetansemiljø
for sjukdommar hos importert prydfisk. Det bør vere mogleg
å få til eit forskingssamarbeid om sjukdomskontroll
av akvariefisk under produksjon og sal.
I Malaysia er ein i ferd med å satse sterkare på
prydfiskoppdrett. Det vil óg seie ei sterkare satsing på
sjukdomskontroll under produksjonen. Ein eigen karantenestasjon
for akvariefisk er nyleg etablert, og to andre er på planleggingsstadiet.
Dette er eit signal om at smitteproblema er i ferd med å
bli tatt på alvor.
Mykje ugjort
Noreg har under FN-samarbeidet forplikta seg til å
følgje opp vedtaka som vart gjort under Rio-konferansen
i 1992. Dette inneber at vi mellom anna skal ta vare på
artsmangfaldet i villfaunaen. Ukontrollert omsetjing av levande
organismer er ein trussel mot dette.
Levsen ønskjer likevel ikkje å gjere folk som driv
med akvarie som hobby til syndebukkar. Til det er grunnlaget for
snevert og kunnskapen for låg. Universitetet i Bergen satsar
i dag mykje på fiskebiologi. Levsen meiner at dette også
bør omfatte forsking på prydfisk.
Dette er ei stor internasjonal næring, og eit spennande
fagfelt fordi mykje framleis er ugjort. I laboratoriesamanheng
er prydfisk óg betre egna til studiar enn til dømes
laks.
|