Nr 2 - 1995

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Skremmande mange fornminne tapte for alltid

– Kvart år går det tapt bortimot 50 førhistoriske gravminne i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Me må rekna med at dersom me ikkje maktar å snu denne utviklinga, vil etterkomarane våre ikkje lenger ha att synlege minne om dei eldste forfedrane sine. Dette seier professor i arkeologi Svein Indrelid ved Bergen Museum.

Tekst: Einar Ådland  Foto: Magnus Vabø

Den siste mannsalderen har nære på 1200 gravhaugar og gravrøyser blitt øydelagde og rydda bort på Vestlandet. Mykje tyder på at tilhøva er like ille i resten av landet. Vernestyresmaktene har ikkje vore i stand til å hindra det.

Frå venstre: Forskingsassistent i arkeologi Knut Andreas Bergsvik, fylkesarkeolog Tore Bjørgo, professor i arkeologi Svein Indrelid, fylkeskonservator Gerd Bolstad og førstekonsulent Ronny Skaar, Hordaland fylkeskommune.

– Dette er skremmande, seier Indrelid, og får full støtte av fylkeskonservator Gerd Bolstad og fylkesarkeolog Tore Bjørgo i Hordaland. Situasjonen kjennest alarmerande for dei som har fagleg ansvar og står for forvaltinga av kulturminna våre, og problemet vart aktualisert og sett på spissen då førstestatsadvokat i Økokrim, Jørn Holme nyleg gjekk inn for at bønder og andre som medvite øydelegg fortidsminne i alvorlege tilfelle risikererer opp til seks års fengsel. Økokrim meiner miljøsyndarar har sloppe for lett hittil, og Holme nemner medviten graving i gravhaugar som døme på lovbrot som bør føra til fengsel.

– Me er glade for at Økokrim tek dette opp no. Det er eit paradoks at Noreg, som har strenge straffer for faunakriminalitet t.d. og som har mellom dei strengaste lovene i verda for vern av fornminne (Lov om kulturminner av 9. juni 1978), samstundes gjer det så utruleg lett for dei som bryt desse lovene. Forklaringa må vera at politiet og påtalemakta tek for lett på dette. Alt for ofte ser me at slike saker blir lagt bort.

Dessutan er sjansen liten for at eit brotsverk av dette slaget skal bli oppdaga. Det skjer som oftast når arkeologane er på synfaring, og det kan gå lang tid mellom slike vitjingar.

Men når politiet får ei melding om skadeverk på ein gravhaug eller eit anna fornminne, burde det vera heller enkelt – gjennom etterforsking – å få slått fast kva som har skjedd. Difor er det gledeleg at Økokrim no i samarbeid med Riksantikvaren lagar ei handbok om retningsliner for korleis ein skal gå fram i saker som denne. Boka skal styrkja politiet sin kompetanse på dette feltet.

Spor etter menneske

Kvifor er det ille når fornminne går tapt?

– Fordi viktige, autentiske delar av soga vår blir fjerna for godt. Fornminna er spor etter menneske som levde her for svært lenge sidan. Det er stort sett berre fornminna som kan hjelpa oss med innsikt i denne fjerne fortida. Buplassar, hustufter, gravhaugar og bergkunst ber kunnskap i seg – eit slag løynd kunnskap som kan finnast og tolkast. På det viset kan bitar av den gamle soga setjast saman. Fornminna har både kunnskapsverde og opplevingsverde. Er me ikkje varsame nok, kan me koma til å øydeleggja denne kunnskapen for all framtid, meiner Tore Bjørgo, Gerd Bolstad og Svein Indrelid.

Er det vankunne eller vond vilje som ligg til grunn for øydelegging av fornminne?

– I ein del tilfelle er det medviten, vond handling. Men stort sett er det nok skort på kunnskap som gjer utslaget. Folk veit rett og slett ikkje nok om desse ting. Bønder og andre grunneigarar ser ofte svært praktisk på dette. Dei treng dyrka mark eller kanskje plass til ein garasje. Somme bønder synest det er vanskeleg å driva rasjonelt jordbruk i område med mange gravhaugar og andre fornminne. Typisk nok har tapet av fornminna akselert dei siste 40-50 åra, etter kvart som mekaniseringa av landbruket har skote fart og kravet til effektivitet har auka. Det kan heller ikkje vera tvil om at somme sider ved turismen representerer eit trugsmål mot den eldste delen av kulturarven.

Lokalsamfunna må med

Korleis kan ein få betre styring med utviklinga?

– Røynslene viser at styresmaktene ikkje åleine maktar å verna fornminna. Dei lokale styresmaktene og bygdefolket må ta sin tørn og aktivt verna mot skade og øydelegging. Dessutan trengst det opplysningsarbeid i stort omfang i samfunnet i det heile.

Det var grunnen til at Historisk museum, no ein del av Bergen Museum ved Universitetet i Bergen, sette i verk eit prøveprosjekt i 1990-91 i Ølen kommune i Hordaland, der siktemålet var var å få til konkrete tiltak. Ein vona å få til eit betre fornminnevern enn det som hadde vore til då. Røynslene frå Ølen kommune har til no vore så positive at me meiner tilsvarande tiltak fortener å bli prøvde også i andre kommunar.

Ein tok sikte på at registreringsresultata frå Ølen skulle leggjast til rette og presenterast slik at dei lett kan brukast i samband med t.d. kommuneplanarbeid eller andre former for plansakshandsaming på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Og ikkje minst viktig: Det var ei klår målsetjing å gje planen ei form som kunne stimulera interessa for lokal historie og lokalt kulturminnevern.

Reint praktisk gjekk ein fram på den måten at alle eksisterande, faste fornminne som ein kjenner til vart verbalskildra og feste på Økonomisk kartverk sine kartblad. Dette tilfanget vart så samla i ein forminneplan som kom i bokform.

Planen vart vel motteken i kommunen. Administrasjonen der har fylgt opp planen, og det framlegget til handlingsplan for fornminnevern som var skissert, vart vedteke i hovudutvalet for kultur i juni 1992. I arbeidet med strategisk næringsplan for Ølen kommune er delar av fornminneplanen vorte satsingstiltak. To av dei vidaregåande skulane i Ølen har fått klassesett av boka.

Opplysingstiltak

– Hordaland fylkekommune, Universitetet i Bergen/Bergen Museum vil samarbeida med kommunane i Hordaland om fleire tiltak for betre vern og stell av kulturminne i fylket. Det er mellom anna utarbeidd ein standard for skilting av kulturminne, og det er sett i verk fleire informasjonstiltak som ledd i dette arbeidet, fortel forskingsassistent Knut Andreas Bergsvik ved Arkeologisk institutt, UiB/Bergen Museum og førstekonsulent Ronny Skaar, Kulturlandsskapssentret i Hordaland fylkeskommune.

– Såleis vart det opna ei utstilling på Bergen Museum med fleire eksempel på skilting og anna informasjonsverksemd innan kulturminnevernet. Det er utstilt opplysningsmontrar og gjenstandar som fortel om utgraving og funn frå Fosnstraumen i Radøy/Austrheim, Skipshelleren i Vaksdal og Halne i Eidfjord og bergkunsten i Kalhagen i Jondal, Salthamaren i Kvam og Bruteigsteinen i Etne. Identiske informasjonstavler er eller blir i nær framtid plasserte på desse stadene. Dette er er ein del av det ålmenne arbeidet med å ta vare på kulturminna.

Informasjonttilak og forskingsformidling er særs viktige sider av kulturminnevernet. Kunnskap om kulturminne og historie i lokalmiljøet og i samfunnet er det beste bidraget til eit betre vern i framtida. I denne samanhengen legg me stor vekt på samarbeid mellom fagmiljøa ved Bergen Museum/Universitetet i Bergen, fylkeskommunen og folk i lokalmiljøet.

Utgjevinga av Kulturhistorisk Vegbok for Hordaland – som vart ein større suksess enn vi våga å vona – for eit par år sidan er ein del av dette opplysingsarbeidet, seier Skaar.

Skjønar ikkje poenget

– Korleis vil omorganiseringa av Riksantikvarembetet og skipinga av Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) verka inn på fornminnevernet?

– Det er vanskeleg å skjøna poenget med desse omorganiseringane. Rolledelinga mellom Riksantikvaren og landsdelsmusea har fungert godt i 90 år, det same har vore tilfellet frå l990,då fylkeskommunane kom med i samarbeidet. Etter dette opplegget har Riksantikvaren hatt ansvaret for forvaltningane av og utgravingane i middelalderbyane, medan dei fem landsdelsmusea (i Bergen, Oslo, Stavanger, Trondheim og Tromsø) har ansvaret for resten av landet. I middelalderbyane (Oslo, Bergen, Tønsberg og Trondheim) har no NIKU teke over oppgåvene.

Riksantikvaren vil truleg i nær framtid få mynde til å dispensera frå kulturminnelova for alle typar automatisk freda kulturminne. Dette frigjevingsmyndet har lansdelsmusea hatt til no. Frå 1990 overtok fylkeskommunane og samisk kulturvern oppgåva som saksførebuarar i første instans i kulturminnevernet. Dessutan har fylkeskommunane ansvaret for at naudsynte arkeologiske registreringar blir gjennomførde – og for stell og sikring av arkeologiske kulturminne. Eit viktig poeng i denne smanhengen er at den nye stiftinga Stiftelsen for naturforskning og kulturminneforskning (som femner om NIKU og NINA) skal ta mot oppdrag frå omverda og utføra desse.

– Desse omleggingane inneber at landsdelsmusea får svekka si stilling monaleg. Dei har alt mist kontrollen over frigjevingsmyndet, og står no i fare for å missa svært mykje av oppdragsverksemda. Det er trass alt landsdelsmusea, som arkeologidelen av Bergen Museum t.d., som har den grunnleggjande ekspertisen, og her er det god kontakt mellom forsking, undervisning og praktisk utøvande arkeologi. No blir mykje av arkeologifaget og -verksemda byråkratisert gjennom Direktorat for kulturminneforvaltning og NIKU. I realiteten blir vi no i større grad enn nokon gong før styrde av politiske og administrative krefter. Det er ikkje bra, sluttar Tore Bjørgo, Gerd Bolstad og Svein Indrelid.

Sistnemnde legg til, som svar på påstandar frå somme hald om at forsking og forvalting må skiljast på dette området for å hindra at bukken passar havresekken: "Me skal ikkje gløyma at bukken må ha litt havre for å overleva!"

 

 

Les mer om dette emnet her:

Regn i frå vest øydelegg bergkunsten

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen