|
Det er lett å forstå kvifor Knut Hamsun vart eit
av dei mest brysame problema for det norske rettsvesenet i 1945.
Saman med Ibsen var han Norges fremste tilskot til verdslitteraturen;
korleis kunne nasjonens kulturelle ære bergast frå
den skamma som ein dom for landssvik ville innebere? Utvegen vart
ein judisiell observasjon som konkluderte med at oldingen under
okkupasjonen leid av "varig svekka sjelsevner", og dermed ikkje
burde gjerast rettsleg ansvarleg for handlingane sine etter straffelovens
[[section]] 86. Derimot vart det med heimel i Landssvikanordninga
av 15. desember 1944 reist erstatningssak mot Hamsun for medlemskapet
hans i Nasjonal Samling. Saka enda med fellande dom etter anke
til Høgsterett.
Sidan den tid har spørsmålet om Knut Hamsuns nazisme
traumatisert det norske kultur- og samfunnslivet. Hamsun kom til
å rokke ved ein særeigen norsk myte om Den Store Diktaren,
som hadde utvikla seg på historisk grunn parallelt med bygginga
av den moderne norske nasjonen. Wergeland og Bjørnson var
med og skapte biletet av Diktaren som herold for norsk sjølvstende
og norsk nasjonal eigenart; og ved Bjørnsons død
gjekk Knut Hamsun meir eller mindre heilhjarta inn i nett denne
rolla.
At han så ettertrykkeleg svikta når det mest galdt,
var kanskje med på å gi myten ein brest alle såkalla
gode nordmenn måtte oppleve som eit åtak på
sjølve samfunnets kulturelle identitet. I denne bresten
kom det til syne eit langt meir urovekkande bilete av kunstnaren
i konflikt med samfunnet, som det har vore vanskeleg å forholde
seg til.
Det betyr sjølvsagt ikkje at diktarens knefall for nazismen
er uvesentleg, 50 år etter frigjeringa. Utfordringa er å
semjast om korleis problemet bør stillast. Var Hamsun nazist?
Formulert så enkelt, har spørsmalet både ei
strafferettsleg og ei politisk-ideologisk side som det er mogleg
å klargjere eit stykke pa veg. Men rettar ein spørsmålet
mot Hamsuns diktekunst, melder det seg ei rad med vanskar.
Det strafferettslege spørsmålet
Hamsun var korkje angivar, profitør eller frontkjempar.
Han bidrog ikkje aktivt til den nazistiske undertrykkingspolitikken
under okkupasjonen. Men fra aprildagane i 1940 og fram til mai
1945 (Hitler-nekrologen) offentleggjorde han omlag 15 opprop og
artiklar i norske og tyske aviser og tidsskrift. Dessutan let
han seg intervjue av den tyskkontrollerte norske radioen ved eitt
høve, og let framføre ei helsing til den internasjonale
pressekongressen i Wien i juni 1943, der han sjølv var
til stades. Det er ikkje tvil om at innhaldet i dei fleste av
artiklane støtta okkupasjonsmakta og Quislings parti. Sjølv
om det eksisterte formildande omstende, er det rimeleg å
tru at ei rettssak om landssvik på eit slikt grunnlag ville
ha ført til fellande dom.
Professor Johs. Andenæs skreiv i ein artikkel i Lov
og rett i 1979: "Hadde han vært 20 eller 30 år
yngre, ville saken ha vært klar: Forræderitiltale
og årelang frihetsstraff. Noe annet ville ha vært
umulig hvis det skulle være likhet for loven. Problemet
lå i alderen."
Difor vart Hamsun dømd for sitt medlemskap i Nasjonal
Samling, og ikkje for landssvik. Fleire juristar har stilt seg
kritiske til det prinsippet om solidarisk erstatningsansvar for
NS-medlemmer som er innhaldet i [[section]] 25 i Landssvikanordninga.
I tillegg kjem at det var ein viss tvil knytt til dommen mot Hamsun.
Diktaren hevda heile tida at han aldri sjølv hadde meldt
seg inn i partiet eller betalt kontingent. Dommen i Grimstad herredsrett
vart avsagt under dissens fra fagdommaren, men vart samrøystes
stadfesta av Høgsterett 1 1/2 år seinare.
Den rettskraftige dommen gir svar på spørsmålet
om Hamsun var nazist eller ei i tydinga "medlem av NS".
Men bade spørsmålet og svaret er reint formelt, og
dreier seg om kva slags tekniske vilkår som må vere
til stades for at ein person skal reknast som medlem av ein politisk
organisasjon. Det brennbare strafferettslege spørsmålet,
nemleg om Hamsun ved sine handlingar under okkupasjonen måtte
reknast som nazist, har vi ikkje noko svar på. Det sytte
den norske rettsmakta sjølv for, ved å dra tilbake
tiltalen om landssvik.
Hamsun som ideolog
For ettertida er det likevel eit anna spørsmål som
tel tyngre: Var Hamsuns protyske engasjement basert på ideologiske
haldningar som vi i dag vil kalle "nazistiske"?
Forholdet mellom ideologi og politikk er komplisert. Ideologiar
ønskjer alltid å framstå med vakre ansikt -
ansikt som kan overtyde ved å forkynne kvar grensene går
mellom godt og vondt, venn og fiende. Kanskje lar nazismen dei
politiske realitetane skine klarare gjennom enn mange andre ideologiar.
Brutaliteten, stigmatiseringa av visse rasar og folkegrupper,
dyrkinga av krigen, kravet om hemn og nasjonal atterreising, var
heilt fra Mein Kampf stygge trekk i nazismens ideologiske
ansikt. Men like viktige var andre og meir positive trekk: fellesskapskjensla,
sansen for naturen og dei naturgitte forholda i økonomi
og moral, kritikken av kapitalismens framandgjerande sider, motstanden
mot politisk og kulturelt forfall.
Hamsuns første opne støtte til Hitlers politikk
stammar fra 1934. Både her og i det famøse åtaket
på Carl von Ossietzky eitt år seinare, er han først
og fremst opptatt av å forsvare Tyskland mot sigerherrane
frå første verdskrigen. Han fører vidare eit
standpunkt som han tok omkring 1910 og heldt fast ved resten av
livet. I Hamsuns politiske mytologi er Tyskland den unge nasjonen
med ungdomens legitime krav på utfalding og utvikling; England
representerer den avfeldige alderdomen som med alle midlar freistar
å halde ungdomen nede. Dette er ikkje berre forstokka idiosynkrasiar.
Liknande tankar vart pa den tida delte av andre, utan at alle
av den grunn vart nazistar.
Men i tillegg utvikla Knut Hamsun eit stadig meir kritisk syn
på samfunnsutviklinga, som førte han over i posisjonar
det er lett å identifisere som reaksjonære. Stikkord
er: antikapitalisme, anti-industrialisme, anti-demokratisme, lengt
tilbake til feudale relasjonar i politikk og moral, idealisering
av naturen, bondeøkonomien og dei "naturlege" banda mellom
menneska og omverda. Slike haldningar finn vi att som trekk i
nazi-ideologiens positive ansikt. Det er rimeleg å
tenkje seg at ei oppleving av "verdifellesskap" var med og forsterka
Hamsuns sympatiar med det politiske eksperimentet som Hitler sette
i gang i 1933.
Derimot er det vanskeleg å finne spor av det vi oppfattar
som dei negative kjernane i nazi-ideologien: rasismen, antisemittismen
og den meir allmenne brutaliteten i menneskesynet. Den amerikanske
Hamsun-forskaren Allen Simpson gjekk i ein artikkel fra 1977 nøye
gjennom både Hamsuns litterære verk og sentrale artiklar
fra okkupasjonsåra. Han konkluderer med at Hamsun var
anti-semitt. Men det er vanskeleg å vere usamd med Sten
Sparre Nilson når han i eit tilsvar peikar på at Simpson
les Hamsun utan nemneverdig sans for kontekstane: Dei slengmerknadene
om jødar som Simpson finn i Hamsuns skrifter, er talemåtar
som var vanlege i første delen av dette hundreåret,
og Simpson overser "at både franskmenn, engelskmenn og japanere
far sine pass påskrevet, og tyskerne blir utsatt for minst
like hard medfart som jødene."
Hamsuns artiklar og opprop fra krigsåra er med eitt unntak
frie for anti-jødiske innslag. Det eine unntaket er ein
stor artikkel publisert pa tysk i februar 1942, der president
Roosevelt blir omtala som "jøde i jødisk teneste".
Det norske originalmanuskriptet til artikkelen er gått tapt;
difor er det ikkje mogleg å fastslå om dei anti-semittiske
formuleringane verkeleg stammar fra Hamsun sjølv, eller
om dei er blitt kynisk tilføya under omsetjinga. Men sikkert
er det at slike formuleringar ikkje er representative for det
vi veit om Hamsuns forhold til jødar og jødespørsmålet.
At Hamsuns reaksjonære haldningar gjorde han blind for
dei politiske realitetane i samtida, kan det ikkje vere tvil om.
Dei bidrar også til å forklare den støtta han
gav til Hitler og Quisling. Men vi har ikkje dermed grunnlag for
å hevde at Hamsun var nazist i ideologisk forstand.
Dikting og fascisme hos Hamsun
Kva så med Hamsuns dikting? Er ikkje den på viktige
punkt uttrykk for liknande reaksjonære haldningar?
Innanfor Hamsun-forskninga finst det ein sterk og viktig ideologikritisk
tradisjon. Den starta med Leo Lowenthals store studie fra 1937,
"Knut Hamsun. Zur Vorgeschichte der autoritaren Ideologie", og
vart gjenoppliva i 1970-åra. Hovudtesen er at forfattarskapen
fra Sult til Ringen sluttet er organisert omkring
ein "seinliberalistisk" ideologi, som er eit uttrykk for småborgarskapets
konfliktfulle oppleving av røyndomen sin og i sin kjerne
lar seg beskrive som ein "underkastingsideologi". Sentralt står
myten om Naturen som småborgarskapets draum om ein fristad
langt borte frå konfliktane i den sosiale røyndomen.
Denne tolkinga har gitt oss eit viktig bidrag til ei meir samanhengande
forståing av sider ved forfattarskapen. Den har sannsynleggjort
at det faktisk finst eit ideologisk mønster som går
gjennom heile verket, og som på vesentlege punkt svarer
til dei "meiningane" Hamsun som artikkelforfattar og polemikar
forkynner, særleg i tida etter 1910. Men er forholdet mellom
ideologi og diktekunst så enkelt hos Hamsun?
La oss sjå litt pa to romanar fra mellomkrigstida, Konerne
ved vandposten (1920) og Landstrykere (1927)
bøker mange har tolka som samfunnskritiske verk med klart
reaksjonært siktemål. Slike element finst, men i forbløffande
liten grad som enkel og grei forkynning.
Som regel er den reaksjonære bodskapen lagt i munnen på
bipersonar, og karakteristisk for dei fleste av dei er at dei
på ein eller annan måte blir offer for romanens ironi.
I Konerne ved vandposten er postmeisteren ein slik biperson;
han målber fleire av polemikaren og moralisten Hamsuns kjepphestar.
Men postmeisteren er ein isolert og livsfjern fantast. Fra å
vere romanens moralske samvit og eit talerør for samfunnskritikken,
går han over til å bli eit ironisk symbol på
ein djupareliggande dissonans i verket: konflikten mellom illusjon
og røyndom, lære og liv. Hovudperson i romanen er
den kastrerte matrosen Oliver Andersen. Dette monstrum av eit
menneske blir oftast tolka som eit grotesk symbol på all
abnormitet og degenerasjon i den "nye tid" Hamsun vender seg så
kritisk mot. Symbolikken har nok sikkert vore i Hamsuns tanke.
Men Oliver Andersen høyrer heime i ein annan samanheng
også, nemleg blant dei mange outsiderfigurane i Hamsuns
forfattarskap. Og den intrikate sympatien som pregar Hamsuns forhold
til outsiderane sine (Sult-helten, Nagel, Glahn, osv), kjem også
til syne i måten han utformar kastratfiguren på. Oliver
er ikkje berre "niding", men også "lykkemann"; og primært
er han eit symbol på den paradoksale rolla fantasien spelar
i menneskelivet. Nettopp fordi han er kastrert tom, uthola
må han byggje seg sitt eige fantasitilvære,
og det er det som opprettheld livskrafta i han.
Det måtte ein annan stor diktar til for å sjå
det som ingen andre var i stand til å sjå da romanen
kom ut: Alt i 1922 understrekar nemleg Thomas Mann at Konerne
ved vandposten djupast sett handlar om kunst, "om kunsten
som kraft til livsopphald, om livet som kunst, kunst som naudhjelp."
Landstrykere er bygt over liknande spenningar. Den ideologiske
forkynninga i romanen rakar rotløysa og vagabonderiet som
dei to landstrykarane Edevart og August representerer. Som motbilete
stiller boka opp den bufaste bondens stabile og trygge liv. Men
romanens dynamikk er knytt til det rotlause livet som den ideologiske
forkynninga gjer åtak mot. Det som fascinerer både
forteljaren og lesaren, er Augusts fabuleringar, landstrykarlivets
eventyrlege fridom, og Edevarts erfaringar av korleis spenninga
mellom illusjon og desillusjon dannar eit grunnvilkår i
menneskets eksistens.
Slike eksempel seier noko viktig om forholdet mellom ideologi
og dikting hos Hamsun. I bøkene hans er ideologiske normer
og mønster til stades som ein nødvendig dimensjon
nødvendig for at tekstens ironi skal kunne
operere. Dei ideologiske og moralske standpunkta som blir kommuniserte,
blir på same tid underminerte. Hamsuns ironisk-rørlege
skrift utfører dermed ein kritikk av sine eigne ideologiar.
Dei situasjonane og figurane som ein umiddelbart tolkar "negativt"
(f.eks. Oliver og August), viser seg ved nærare lesing å
bere i seg "positive" element, først og fremst fordi dei
tematiserer den grunnleggande fascinasjonen i Hamsuns univers
fantasien som kompensasjon og livskraft. I dette perspektivet
må vi også forstå forholdet mellom ideologi
og dikting.
Det finst inga enkel forklaring på Knut Hamsuns pronazistiske
engasjement. Truleg må vi rekne med ei samanfiltring av
personlege idiosynkrasiar, reine tilfelle, psykologiske særheter
og alderdomens mangel på åndeleg fleksibilitet. Det
som gjer diktinga hans genial, er på den andre sida korkje
idyllane eller den fundamentale pessimismen som opptrer side om
side i bøkene hans, men den distanserande rørsla
som høyrer ironien, refleksjonen og underfundigheten til.
Den er i seg sjølv ei motkraft mot all ureflektert
tilslutnad også til totalitære ideologiar.
|