|
Dette er eit døme på at Bergensmiljøet
har stor tillit i det internasjonale filosofsamfunnet, seier Kjell
S. Johannessen, som har hovudansvar for konferansen saman med
Tore Nordenstam.
Dei to professorane ved Filosofisk institutt har vore sentrale
i etableringa av Wittgenstein-arkivet i Bergen. Symposiet i Kirchberg
har utgangspunkt nettopp i navnet og forskinga til Ludwig Wittgenstein.
Eit ganske stort utval av leiande filosofar i verda deltek på
årets utgave av konferansen.
Wittgenstein-symposiet blir arrangert for attende gang i år.
Det er det austerrikske Ludwig Wittgenstein-selskapet som står
bak konferansen i Kirchberg, som ikkje er tilfeldig valgt som
vertsstad.
Kirchberg er ein liten landsby, nøyaktig ti mil
rett sør for Wien, og den er valt som konferansestad fordi
den ligg midt mellom to landsbyar der Wittgenstein praktiserte
som skolelærar på tjue-talet, opplyser Johannessen.
Universitetet i Bergen har markert seg som eit av sentra i Wittgenstein-forskinga
i verda. Wittgenstein-arkivet har vore sentralt i så måte.
Arkivet si hovudoppgåve er å omsetje filosofens handskrevne
materiale til maskinformat. Det vil lette all internasjonal forsking
på området enormt. Wittgenstein-arkivet blei i 1993
evaluert av ein internasjonal komite, og fekk då særskilt
rosande omtale. Særleg dataprogramvara som er utvikla til
å søke i arkivet med, vekte oppsikt. På symposiet
i sommar skal det vere ein eigen workshop som tek for seg arkivet.
Bidraga til dei inviterte innleiiarane skal redigarast av Johannessen
og Nordenstam etter konferansen. Eit utval av dei skal bli gitt
ut i den kjente skriftserien til det austerrikske Wittgenstein-selskapet,
seier Kjell S. Johannessen, som innrømmer at det av og
til har vore slitsamt med all organiseringa, når brevveksling,
telefonering og faxing har tatt heile arbeidsveker.
|