|
Bodskapen i avhandlinga er i første rekke retta mot forskarane.
Ho er oppteken av at ein ikkje skal rekne noko som sjølvsagt
når ein forskar- korkje i forståinga av kjønn
eller makt .
Nøytralisering av kjønn
Kvifor ein slik tittel. Flyt det så mykje?
Tittelen skal skape undring slik at ein spør: Går
det an å tenkje om kjønn som noko som er konstruert
og ikkje berre noko som ein er?
Er det ikkje eit paradoks at du snakkar om "flytande"
kjønn samstundes som du vil ha forskarane til å sjå
på korleis kjønn verkar inn på organisasjonane.
Då må ein vel ha eit bilete av mannleg og kvinneleg
på førehand?
Før ein skal studere organisasjonar, må
ein spørje seg: "Med kva omgrep vil eg skildre fenomena
leiarskap, og kva tyding har kjønn her? Korleis er dette
bygt inn i dei omgrepa eg sjølv nyttar om leiarskap og
organisasjonar? Eg freistar også å seie noko om korleis
ein skal undersøke dette. Gjer ein ikkje det, risikerer
ein berre å ta med seg dei kulturelt legitime tydingane
av kjønn inn i forskinga om leiarskap.
No er ikkje rollene lenger gjevne, det skal det forhandlast
om kva det skal føre med seg å vere kvinne eller
mann på kvar stad, påpeiker Folgerø Johannessen.
Førebels er det kvinner som har vert mest opptekne
av å forhandle seg fram til ei kjønnsnøytral
rolle. Vi vil til dømes ikkje verte vurdert som kvinne,
men som gode eller dårlege leiarar. Menn har ikkje trengt
ei slik nøytralisering, fordi det mannlege har vore sett
som det allmenne, seier ho, og understrekar at det sjølvsagt
ikkje flyt heilt i makttilhøva mellom kjønna.
Tilhøva mellom kjønna er i endring, men
det som held fram, er ein slags maskulin dominans og maskulin
logikk. Det kunne eg ikkje seie, dersom eg ikkje hadde eit klårt
omgrep på kva som er mannleg og kvinneleg og som legg premissa
for tydinga av kjønn.
Kvinneleg og mannleg
Kva er kvinneleg og mannleg? For Folgerø Johannessen ville
det vere for snevert å definere kvinneleg som skjult underordning,
eller å hevde at det typisk kvinnelege er å få
det ikkje likeverdige til å sjå likeverdig ut, slik
nokre forskarar har gjort. Ho vil heller dekonstruere, det vil seie
å sjå på korleis det å vere mann og det
og vere kvinne vert definert i det einskilde tilfellet.
Eg freister å utvikle ei forståing av både
kjønn og makt som noko flytande når det er kopla
saman. Då kan ein korkje definere kjønn på
ein eintydig måte, eller sjå bort frå makt.
Ho peiker på at noko kan få "kjønn" i ein
spesiell samanheng, til dømes kan det som andre stader
vert oppfatta som positive kvinnelege eigenskapar, verte "kvinneaktig"
og negativt for ein mann i nokre miljø. Her ser ho eit
samband til den mannlege homofobien, som definerer grensene for
kva menn kan gjere og ikkje gjere. Då kan ein mann godt
ha såkalla kvinnelege eigenskapar, men innanfor ei ramme
av det mannlege, seier Folgerø Johannessen.
Legg ikkje homofobien også band på kvinner i organisasjonen?
Positiv kvinneleg og positiv mannleg har heteroseksualiteten
som klangbotn det er det som avgjer om ei kvinne er ei
kvinne og ein mann ein mann. Kvifor er det så sjølvsagt
at det er negativt å seie om ei kvinneleg leiar at ho er
som eit mannfolk? Kvifor er det ikkje eit kompliment? Det må
vere fordi det er eit så sterkt kulturelt påbod om
å vere sitt kjønn. Det er så vanleg at vi ikkje
tenkjer over det.
"Dramatisering av inkonsistens"
Folgerø Johannessen peiker på at organisasjonsforskarane
ikkje lenger tør setje likskapsteikn mellom leiareigenskapar
og mannlege eigenskapar, slik dei gjorde i 60-åra. No vert
kjønn tvert imot nøytralisert, noko ein må unngå
og som kan skape konflikt i organisasjonen. Samstundes vert mjukare,
meir kvinnelege eigenskapar trekte fram som positive. Kvinnene vert
"ein ubrukt ressurs", påpeiker ho.
Eg ser dette som ein del av det eg kallar "dramatisering
av inkonsistens". Det vil seie at organisasjonen freistar å
leve opp til motstridande normer og krav frå omgjevnadane,
og syne fram at dei klarer det. Tenk deg til dømes ein
offentleg eller privat organisasjon som har sterke krav på
seg til effektivisering og rasjonalisering. Dette vert kopla til
krav om godt leiarskap, noko som fører til eit hardare
liv for dei som jobbar der. Når det samstundes vert stilt
krav til å vere meir kvinnevenleg, kan dette samsvare dårleg
med kravet om effektivisering. Korleis kan ein i ein slik situasjon
innføre fleksible arbeidstidsordningar, eller tilsette
kvinner når dei kanskje får fleire barn og vert rusk
i maskineriet? Ein kan dramatisere denne inkonsistensen; fokusere
på og syne fram kvinnelege leiarar som både symboliserer
effektivitet og dei kvinnelege, mjuke eigenskapane.
Ikkje grundige nok
Du seier at også kvinneforskarar ser på organisasjonar
som kjønnsnøytrale, samstundes som dei snakkar om
kjønnsspesifikke, kvinnelege eigenskapar?
Ja, og eg meiner at ein ikkje har gjort jobben grundig
nok. Dersom vi seier at organisasjonane ikkje er kjønnsnøytrale,
må vi forklare korleis dei er kjønnsprega.
Kvinneforskarane har også vore for lite opptekne av korleis
makt og dominans er bygd inn i det allmenne; i omgrepa, modellane
og tenkinga kring organisasjonar.
I avhandlinga di kan ein få inntrykk av at du kritiserer
kvinneforskinga for å underbygge stereotypiar gjennom å
skilje ut det spesifikt kvinnelege?
Eg seier at det er ein ganske stor fare for det, og slik
har den norske kvinneforskinga vorte stereotypisert. Men den norske
kvinneforskinga er tvert imot svært lite idealiserande og
typologiserande på slike kvinnelege eigenskaper. Problemet
er at berre ved å skildre kvinner, vil ein stadfeste kulturen
sine kodar om kvinner og om kjønn som ulikskap.
Ikkje berre individplan
Folgerø Johannessen kritiserer også sitt eige fag,
psykologien. Ho meiner ein her altfor einsidig har studert kjønn
som ein eigenskap ved individet:
Det vert håplaust ikkje å ta omsyn til kulturelle
tyingar av kjønn, særleg når ein ser på
leiarskap og organisasjonar, der dei har ein så klår
maskulin leiarsymbolikk.
Korkje psykologar eller andre forskarar har vore så opptekne
av kvinnelege leiarar som populære faglitteraturen. No har
Folgerø Johannessen slutta seg til dei få som har
gått nærare inn og sett kritisk på desse bøkene:
Kvinne-leiar-litteraturen "kjøpar" heile det tradisjonelle
synet på leiarskap, at det er dei personlege eigenskapane
som tel, anten du er kvinne eller mann. Dette er heilt i tråd
med dei nykonservative strøymingane.
Nokre hevdar at dersom ein får inn fleire kvinner
i organisasjonar, så vil ein kunne endre dei innafrå.
Andre hevdar at einskilde kvinner ikkje kan endre noko, fordi
heile systemet er gjennomsyra av mannleg makt.
Eg er samd i at mannleg makt gjennomsyrer organisasjonane,
men ikkje i at dei ikkje kan endrast. Kanskje nettopp det at kvinner
går opp i systemet, kan "forstyrre" og føre til endringar
i makttilhøva mellom kvinner og menn. Kvinner i min generasjon
er alt " forstyrra" - vi er ikkje så sikre på at kjønn
tyder det same som før. Eg trur slike "forstyrringar" er
viktige, men då må ikkje kvinner halde fram med å
kreve av kvarandre at dei skal vere så "kvinnelege"!
|