Nr 3 - 1995

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Sambu vanleg i norsk mellomalder

Tretti prosent av alle par levde truleg som sambuarar i det norske mellomaldersamfunnet.
– Å feire bryllaup var for dei som hadde råd. Det er viktig å forstå kor mykje det verkeleg kosta for å forstå kvifor det var så få som gifta seg , seier Inger Holtan, som har skrive hovudfagsoppgave i historie om emnet.

Tekst: Asbjørn Leirvåg  Foto: Per Anders Todal

I mellomalderen var ekteskapet ein svært lovregulert institusjon. Det var særs detaljerte reglar for korleis ein skulle inngå ekteskap. Først kom festarmålet - deretter giftarmålet.

– Det var svært få som hadde råd til å feire bryllaup. For arbeidsfolk og jordarbeidarar tok det opptil 15-20 år å tene det som det kosta å gifte seg. Det er klart at dei ikkje gjorde det. Dei flytta berre saman, og då blei ekteskapet fullbyrda. Dersom ein ikkje hadde samtykket på førehand og dei likevel låg saman, blei det sett på som hor. Derfor var det viktig, spesielt for kvinna, at ho hadde samtykke først, seier Holtan, som presiserer:

– Frillevnad bygde på kjærleik.Ved å flytte saman kunne ein velje den partnaren ein ville ha. Dei som derimot gifta seg kunne ikkje la kjærleiken få styre valet. Då var det foreldra og familiane som avgjorde ut ifrå økonomi og liknande.

Ny kunnskap

Samanlikna med annan forskning gjort på området, har Inger Holtankome fram til andre resultat ved å nytte seg av andre kjelder.

– Tidlegare forskning seier at frillelevnad avtar fram mot 1300-talet. Dei tok utgangspunkt i sagamateriale; islendingesaga, ættesaga, biskopsaga og kongesaga. Fordi desse kjeldene mest skildrar overklassa, har eg sett på diplommateriale som omhandlar meir vanlege folk. Eg fant ut at frillelevnad tvert i mot aukar i denne perioden.

Frillevnad førte til eit aukande antall lover som skulle stanse uvesenet. Kyrkja reagerte, men det var mest på papiret. I praksis ville ho i liten grad å stoppe sambuarskapen. Det var ganske lett å finne ut at mange levde i frilleforhold. Dei fleste av prestane som skulle leve i sølibat, hadde friller. Alle barn som ikkje var ektefødte kunne dei ta bøter for.

– Korleis kontrollerte biskopane kva prestane gjorde?

Nokre biskopar utmerka seg som spesielt strenge, og skulle prøve å ta det vonde ved rota. Biskop Arne av Bergen frå rundt år 1300 og biskop Håkon nokre tiår seinare forsøkte å handheve dette strengt. Det er berre i desse to periodane ein har døme på at det er nokon som prøvde å stoppe sambuarskapen. Dei avsette mellom anna presten på Os og på Birkeland i Fana. Biskop Arne reiste i 1308 rundt på visitas til Nordfjord, Sunnfjord og Hardanger. I Nordfjord kom han til det som no heiter Gloppen. Der var det fem kyrkjer. Samtlige prestar bodde saman med friller. Biskopen vart sint og sendte ut brev om at alle fekk 14 dagar på seg til å sende frå seg frillene. Dei andre fekk advarsel og vart seinare suspenderte. Når eg seinare prøvde å spore dei opp, viste det seg at alle framleis var i stillinga 10-15 år seinare. Påverkanden biskopen hadde over områda lengst unna var altså liten, han styrte berre når han var på vitjing.

Ekteskap for dei få

– Korleis såg eit typisk ekteskap ut på denne tida?

Det var to personar som hadde råd til å gifte seg. Det vil seie at foreldra til kvinna hadde råd å gje ho ei medgift. Mannen måtte gje kvinna ei tilgåve av tilsvarande storleik. I Gulatingslova står det at den minste giftingsgåva er på 12 øyrar. Det svarar til fem og ein halv kyr, eller som 27 sauer eller geiter. Det var ganske store verdiar, og nok til at mange ikkje hadde råd til å gifte seg. Ganske mange bønder som eigde jord, hadde ikkje så store verdiar at dei kunne gje ei kvinne giftingsgåve. Mannen skulle tross alt og sitte igjen med noko som berre var hans. I ekteskapet var det kvinna som disponerte medgifta heimefrå og giftingsgåva frå mannen, men det var mannen som forvalta det for ho. Dersom mannen døyde og ho vart enke, kunne ho krevje sin verdi løyst ut i frå buet. Det skulle sikre kvinna si økonomiske stilling.

– Var praksisen den same i heile Noreg?

Dette var nokså likt over heile Europa, men det var ulike reguleringar av ekteskapet. For det fyrste var det mange dager i året det ikkje var lov å inngå ekteskap. Det står mellom anna i Frostatingslova at ein ikkje kunne gifte seg ni veker før påske, tre veker før jul, tre veker før St.Hans og på ein av dei mange messsedagane. I tillegg kunne ikkje mannen gifte seg før det gjekk mot jordovertaking. Når levealderen låg rundt 55 år, var brudgommen som regel 25 år eller eldre. Gjennomsnitleg giftealder for kvinner var rundt 23 år.

– Var det mogleg å skilje seg?

I følgje dei eldste lovene, Gulatingslova og Frostatingslova, var det lov å skilje seg. Då kunne mannen berre seie foran vitne at han og kona var enige om det. Grunnane kunne vere ulike. Dersom ein mann slo kona si meir enn tre gonger i nærvær av vitne, kunne ho gå frå han og ta med seg sin eignelut. Dersom mannen ikkje var "dugande" og ikkje greide tilfredsstille kvinna, då var det og rekna som skilsmissegrunn.

Men over ein hundreårsperiode frå1150-1250 kjem Kyrkja inn og stadfesta si stilling. Då vart all skilsmisse i dei fleste tilfeller ulovleg. Partane kunne berre få separere seg, men dei kunne då ikkje gifte seg på nytt. Ekteskapet vart sett på som eit sakramente og ei pakt andsynes Gud. Kor gjennomført dette var i praksis, veit ein lite om.

I tillegg til alder og økonomiske forhold, var og slektskap viktig for val av partnar.

Opphavleg gjekk slektskapet tilbake til sjuande ledd, men vart seinare gjort om til femte ledd. Det var likevel vanleg at folk som var i nær slekt gifta seg med kvarandre. I små bygder hadde dei ikkje mange naboar. Det skulle godt gjerast å finne ein som ein ikkje var i slekt med. Innavl var difor svært utbredt. I høgmellomalderen meinte ein at det viktigaste med ekteskapet var å avle barn.

Holtan har best kjeldedekning frå Vestlandet, men reknar med at frillevnad var vanleg i heile landet. Erik Gullnes har funnet ut at halvparten av prestestanden hadde friller. 30 prosent av parforholda rundt år 1300 var frilleforhold. Truleg var dette langt høgare.

–Korleis kunne prestane krevje inn bøter når dei sjølv levde saman med friller?

–Det gjekk faktisk veldig greit, for som regel var det berre prestane som hadde råd til å betale bøtene for dei uektefødte barna. Dei fattige som ikkje råd til å gifte seg, kunne heller ikkje reknast å ha råd til å betale bøtene. Dei fekk truslar om at dersom dei ikkje gifta seg, fekk dei ikkje komme til kyrkja til påske eller at dei blei nekta den siste olja o.l. Men dette var berre tomme truslar. Fordi det var stor mangel på prestar i denne tida, såg paven og den katolske kyrkja ikkje på det med så strenge auge.

Protitusjon i byane

– Hor har alltid vore forbudt, også i følgje dei gamle norske lovene. Frillelevnad er greit, men ekteskap er rekna som det beste. Det å kalle folk med skjelsord som horebukk og liknande var alvorleg som anklage. Dersom det viste seg å vere feil, måtte den som hadde slengd ut påstanden, bøte for det. Det var ei stor skam, fortel Holtan.

Det er mest i Bergen ein snakkar om prostitusjon på den tida. Byen hadde eit stort mannsoverskot både i Kyrkja, klostra og hos hanseatane på Bryggen. Rundt 1250 begynte hanseatane å overvintre. Då var det rundt 1000 mann her heile tida som ikkje hadde lov å gifte seg. Dette skapte ein stort marknad for prostitusjon.

–Det var ein sterk framvekst av badehus. Nokre låg der Fløybana startar i dag. Opphavleg vart dei bygde for at dei fattige skulle få betre hygiene, men prostitusjonen blomstra stort her. Dei hadde faste kundar som betalte for eit halvår om gongen. I tillegg fantes det reine bordellar som det var mange av. Desse kjeldene er frå 1500-talet. Korvidt ein kan trekke desse tilbake til 1300-talet er uvisst.

Ei skatteliste frå 1521 teiknar opp kva skatt som fattige kvinner rundt Vågen har betalt. Det er påfallande mange hus der det berre bur kvinner. Mange av dei grove tilnavn som "Fise-Klinke", "Magge-fem fingre i røven" og liknande. Det er heilt klart at dei bur på bordell og driv si verksemd der. Lista syner at mange av dei tente ganske bra på verksemda. Biskopen sjølv var der stadig vekk, og også andre geistlige var storforbrukarar av prostituerte, seier Inger Holtan.

 

 

Inger Holtan

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen