Nr 1 - 1997

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Åleine med barn i velferdsstaten

Haldningane i samfunnet til åleinemødre har blitt meir negative. Sidan 1980-talet har ein krevd at dei einslege mødrene i størst mogleg grad må klare seg sjølve.

Tekst: Kristin Bergitte Hauge

I avhandlinga si for den samfunnsvitskaplege doktorgraden kastar sosiologen Liv Johanne Syltevik lys over det å vere åleinemor i velferdsstaten.

– Rolla som åleinemor har endra seg i takt med utviklinga – norsk velferdspolitikk har gått fra ei relasjonell til ei individualistisk forståing av åleinemoderskapet. Å ta imot hjelp frå det offentlege er ikkje lenger sett på som legitimt, seier Syltevik.

Frå seksualmoral til trygdemoral

I avhandlinga undersøkjer sosiologen tilhøvet mellom kvinner og velferdsstaten med utgangspunkt i åleinemødre sin posisjon som sosialklientar, omsorgs- og lønsarbeidare. Ho meiner haldningane til åleinemødre er meir negative enn tidlegare.

– På 60- og 70-talet var idealet at alle som trong hjelp skulle få det. I stortingsdabattar var omsorgsarbeidet sett på som ein relasjon mellom mor og barn, der mora måtte sette omsynet til barnet framfor eigne behov. Sidan 80-talet har ein kravd at dei einslege mødrene i størst mogleg grad må klare seg sjølv. I dag nemnes ikkje omsorgsarbeid lenger eksplisitt i dei offentlege utgreiingane, Dette arbeidet er noko mødrene må gjere på fritida, og omsorgsarbeidet sjåast ikkje lenger på som ei hindring for åleinemora. Ein kan si at ting har endra seg til det betre ved at ein fokuserer mindre på at det er umoralsk å få born utanfor ekteskapet. Det er ikkje lenger ein stor skam å vere einsleg mor. Til dømes er det få kvinner som adopterer bort barn samanliknat med 60-talet. Men på ein annan måte er det likevel vanskelegare no, fordi ein i større grad må bere ansvaret sjølv. Det å ta imot hjelp frå det offentlege oppfattast som negativt.

Berre ei saksmappe?

På midten av 80-talet arbeidde Syltevik ved eit sosialkontor i Trondheim. Dette var tida då sosialhjelpkurva i Noreg steig til himmels, og ho fekk i oppgåve å gjere ein lokal kartleggjing for å finne årsaker til kvifor folk mottok sosialhjelp.

– Då eg gjekk gjennom saksmappene for å fylle ut skjema for kartlegginga, fann eg at det verkelege livet ikkje lot seg formidle gjennom standardiserte skjema. Kartet stemde rett og slett ikkje overeins med terrenget. Eg vart og oppteken av korleis og kvifor folk har bruk for sosialhjelp i perioder, og fann ut at ein livsløporientering var nyttig for å seie noko om desse "kritiske punkta" i livet. Åleinemødre var av dei som kom dårlegast ut i kartlegginga, og difor vart eg interessert i denne gruppa. Dei har og hatt den dårlegaste inntektsutviklinga på 70-, 80-, og 90-talet. Sjølv om fleirtalet av dei einslege mødrene på eit gitt tidspunkt klarar seg utan trygd eller sosialhjelp, er sjansen for å trenge slik hjelp større enn for nokon annan familietype, seier Syltevik.

Ho meinte dermed at det var behov for ein studie som undersøkjer korleis einslege mødre definerer situasjonen sin og tilhøvet sitt til velferdsstaten. I avhandlinga kallar ho dette den velferdsstatlege dimensjonen av åleinemoderskapet.

– Åleinemødre har eit ambivalent tilhøve til sosialkontoret. Sjølv om mødrene her får informasjon, støtte og pengar, vert situasjonen deira samstundes omdefinert under møtet. Når dei kjem til sosialkontoret står dei andlet til andlet med den offentlege politikken. Dei må fortelje om det private livet sitt, og forsvare personlege saker som til dømes kvifor dei brukar pengar på røyk og kvifor dei fekk born nummer tre. Frå å vere personar vert dei til saker og klientar. Denne opplevinga av stigmatisering er ei av sidene ved kontakten med sosialkontoret, seier Syltevik.

– Åleinemødrene føler dette som ubehageleg og ønskjer at reglane var enklare. Men samstundes er dei opptekne av at hjelpa skal gjevast på eit rettvist grunnlag for at dei kan halde på sjølvrespekten sin. Det varierer korleis dei ser på møtet med sosialkontoret. Nokre opplever dette som eit nederlag, andre ikkje. Å søkje hjelp hos det offentlege er som oftast siste utveg, og ein tek vanlegvis kontakt først når det verkeleg er krise. Dette er eit problem, sidan sosialkontora har fleire veker med ventetid på saksbehandlinga og ikkje er innstilte på å gje akutt hjelp.

Kommunikasjonsproblem

– Dei tilsette ved sosialkontora er på den eine sida frustrerte over å skape klientar, og føler det er vanskeleg å redusere åleinemora til klient for å tilpasse ho til regelverket som gjeld. Kontora er relativt dårleg bemanna. Dei tilsette har eit ønskje om å hjelpe menneske i vanskelege situasjonar, men opplever på ei anna side at mangel på tid og pengar samt eit stivbeint regelverk gjer at dei ikkje maktar å setje desse ideala ut i livet. Behandlinga av saker varierar frå saksbehandlar til saksbehandlar. Sjølv om reglane følgjes, utøvast skjønn og individuell vurdering. Åleinemødrene oppfattar difor saksbehandlinga som vilkårleg, lunefull og personavhengig, fortel Syltevik.

Metodisk har sosiologen nytta ustrukturerte samtaler over eit tema som var fastsatt på førehand med åleinemødre og tilsette ved sosialkontora. Vidare har ho brukt innhaldsanalyse av referat frå stortingsdebattar og offentlege utgriingar.

– Det har vore spanande å gå inn i ein offentleg institusjon som har så mykje å seie for klientane sitt daglegliv, og undersøkje korleis den offentlege politikken finn sitt uttrykk. Å sjå åleinemødrene, sosialkontora og politikken i samanheng har fått fram nye dimensjonar. I byrjinga av prosjektet hadde eg kontakt med sosialkontor som tok opp resultata til diskusjon. Dette resulterte i endra haldningar hos dei tilsette, seier ho og trur avhandlinga kan bidra til å betre forståinga mellom dei to gruppene.

Ikkje fiendebilder

Sosiologen er ikkje einig i at media har gitt eit einsidig og stereotypt bilete av åleinemødrene og deira situasjon.

– Einslege mødre har i somme tilfeller vore framstilte som kvardagsheltar. Biletet er meir nyansert enn tidlegare. Men eg må medgje at dei vert framstilte som ei meir homogen gruppe enn dei verkeleg er, seier Syltevik.

– Sjølv om dei einslege mødrene har eineomsorga for eit eller fleire barn felles, er dette langt ifrå ei homogen gruppe. Gruppa er meir samansett enn nokon gong. Dette heng saman med den generelle samfunnsutviklinga, der det er mykje større skilnad på kvinner enn før. No har mange utdanning og godt betalt arbeid, medan andre ikkje har utdanning og jobb og dermed lite pengar.

 

 

Frå cand.mag til dr.polit.

Då Liv Johanne Syltevik disputerte i desember, var dette ei spesiell hending. Sosiologen har nemleg gått direkte frå cand.mag og sosionomutdanning til doktorgradavhandling og disputas, og dermed "hoppa over" hovudfag. Ved SV-fakultetet kjenner dei berre til hennar tilfelle.Dei siste åra har dessutan reglane vore strengare, og det er ikkje lenger mogleg å ta doktorgrad utan å gå vegen om hovudfag.

 

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen