|
Hans Skjervheim er ein omstridt tenkjar fordi han set i tvil
sosialvitskapane sine rettesnorer om prediksjon og kontroll i
studiet av mennesket. Når samfunnsdeltakarane vert studerte
som einingar i mål/middel-relasjonar, endar dei opp som
brikker i ulike maktspel og sluttar å vera personar. Han
krev at menneska vert tekne på alvor istadenfor at stadig
meir herredømmekunnskap vert samla opp. "Det synest vere
like viktig heilt enkelt å forstå mennesket som å
vere i stand til å kontrollera det", skriv han[1].
Kva dreier Skjervheim si alvorlege forståing seg om?
Skriftene hans syner fram ein mann som brukar heile livet sitt
til å omgrepsfesta mennesket fagfilosofisk, moralsk og personleg.
Ved ein særprega vilje til samsvar mellom kvardagsliv og
teoretisk lære utvikla han ein humanisme som skilte seg
kraftig frå 1950-åras målrasjonelle nyttetenkjing.
Eg vil presentera nokre samanhengar i Skjervheim sitt livsverk
som truleg var med på å motivera det eksistensfilosofiske
standpunktet hans.
Anerkjenninga av andre
Men er det rett å hevda at Skjervheim har berre eitt filosofisk
standpunkt? Han har jo vore ein mangfaldig meiningsbrytar gjennom
over tredve år, og ein skulle tru han måtte justera
perspektivet sitt på bakgrunn av dei stadige endringane
i samfunnsdebatten?
Nei, seier dei som kjenner han, Skjervheim har ein filosofisk
grunn som er stødig nok til å brukast mot
alle som ikkje skjønar mennesket. Han var i strid med positivistar
på 50-talet, psykologar på 60-talet, marxistar på
70-talet og universitetsadministrasjonar på 80-talet; og
stridlynnet hans var motivert av uro over den farlege forenklinga
av menneska som objektiveringa, instrumentaliteten og føremålsrasjonaliteten
var og er. Han påpekte dei alvorlege misforståingane
som slike tenkjemåtar inneheld fordi dei forklarer
mennesket, og denne motviljen kunne han berre ha på bakgrunn
av eit syn han meinte var rett.
Men dersom Skjervheim aldri skifta grunnsyn tyder vel det på
at han hadde ei sterk tiltru til perspektivet sitt? At humanismen
hans kanskje var ei overtyding og eit livssyn like mykje som ein
teoretisk metode til å byggja argument med?
Etter å ha nærlese nokre sentrale skrifter og samtalt
med nære vener av han vil eg halda fram at det fremste fundamentet
for tenkjinga hans er intersubjektiviteten. Det filosofiske
føremålet hans er å gjera ei systematisk utleggjing
av det refleksive forholdet mellom menneska, det offentlege engasjementet
er å polemisera mot at symmetrien mellom menneska vert redusert
til ein formell storleik i samfunnsteoriane og det praktisk-politiske
livet, og hans moralske imperativ er at likskapen mellom menneska
faktisk må takast til følgje. For det er ikkje nok
å erkjenna intersubjektiviteten, skriv han ein stad, den
må anerkjennast[2].
Det primære fenomenet
Den eksistensfilosofiske posisjonen han legg fram i magisteravhandlinga
Objektivismen og studiet av mennesket (1959) og i essayet
"Oppleving og eksistens" (1957) syner at tenkjemåten hans
er nærare dagleglivsforståinga av tilveret enn dei
fleste andre teoriar om mennesket er, trass i at orda han brukar
stundom kan vera framandarta. I avhandlinga sitt niande kapittel,
"Det gløymde temaet: intersubjektiviteten", skriv han at
"analysen av intersubjektiviteten kan ikkje byrja med å
gå ut frå at det primære fenomenet er at vi
opphavleg er framande for kvarandre, og at problemet dermed består
i å byggja bru mellom oss. Brua, intersubjektiviteten, Mitsein,
er det primære fenomenet, og å vera ein framand er
ikkje mangel på bru, men ein defisient modus av å
vera med andre". Intersubjektivitet er såleis ein dugleik.
Ifølge Jon Hellesnes er Skjerheim sitt originale bidrag
til filosofien at han gjev forrang til den språkeleg formidla
kommunikasjonsfellesskapen, og på den måten deltek
i brotet med subjektfilosofien frå Descartes og frametter.
Den tradisjonelle dualismen inneber at det menneskelege tilveret
er fråskilt i polane kropp og tenkjing, og ei systematisk
gjennomføring av denne tanken opnar for å handsama
mennesket som ein ting blant andre ting i den utstrakte verda.
Men dette kan ikkje vera tilfelle, hevdar Skjervheim; erfaringa
av eit "Du" kan aldri løysast opp i erfaringa av eit reint
"det", livet går ikkje opp i ei ting-forståing.
Mitsein
Han forkastar det dualistiske menneskesynet til fordel for ei
ei skildring av tilveret som byrjar med Martin Heidegger sitt
nyord in-der-Welt-Sein; vere-i-verda, og seier at måten
me er i verda på er Mitsein; medvere. Eit subjekt
isolert frå verda er ein abstraksjon, og det menneskelege
tilveret må difor finnast før denne abstraksjonen
og før alle kausale tankegangar, skriv han, for før
me kan tenkja i årsak/verknad-relasjonar må me ha
ei verd som gjer slike tolkingar av ymse fenomen moglege. Skjervheim
er med andre ord ikkje viljug til å byggja humanismen sin
på ein abstraksjon, han vil byggja stødigare.
Oftare enn han brukar ordet subjekt brukar han ordet medvit,
og med hjelp frå Edmund Husserl skriv han at medvitet alltid
er medvit om noko. Når me tenkjer tenkjer me alltid
på noko, og når me ser ser me alltid noko. "Med andre
ord, objektreferansen høyrer med til medvitet sin natur",
skriv Skjervheim i "Oppleving og eksistens", "Medvitet er ikkje
å oppfatta som ein serie tilstandar i ein ting kalla subjekt,
det er vårt forhold til den verda me lever i. Eller meir
nøyaktig og rettare, medvitet er det forholdet som gjer
at vi har ei verd. Ein ser korleis det ut frå dette vert
eit skinnproblem om ein spør korleis subjektet når
ut til dei ytre tinga, det treng ikkje nå ut fordi det er
der heile tida". Mennesket er altså eit forhold som heile
tida er til dei andre menneska og omgjevnaden elles.
Er det meiningsfullt å plassera Skjervheim inn i hans
eigen modell og påstå at han berre kunne tenkja den
ut fordi han levde den? Er han eit døme på samsvar
mellom liv og lære? Og i så fall; kva erfaringar i
hans eigne livsforhold sette igang denne tenkjemåten?
Skjervheim sitt mot- og medvit
Wigdis Espeland, som kjenner Skjervheim frå mange års
samliv, fortel at då han drog til Oslo kort etter krigen
ville han studera sosiologi. Han var mellom anna med å laga
spørjeundersøkingar blant fabrikkarbeidarar, men
kom fort fram til at statistikk ikkje var ein god metode åvitskapleggjera
folk sine livsvilkår etter, for arbeidarane tykte ofte spørsmåla
var så dumme at dei nekta å svara, og Skjervheim sjølv
var utan tru på at problema i det levde livet kunne fangast
opp ved dei forklaringsmodellane som rådde i sosiologien.
Så han vende seg til filosofien, der Arne Næss og
hans Oslo-skule var einerådande på slutten av 40-talet.
Hans sa alltid at det var krevjande å vera
student hjå Næss fordi dei støtt fekk faglege
utfordringar som dei måtte svara på, fortel Espeland.
Å overvinna Næss i intellektuelle basketak
var ikkje lett for ein bygdegut frå Vestlandet, så
Hans måtte skjerpa seg mykje, mykje meir enn kva som er
vanleg for studentar, ikkje minst fordi han etterkvart vart stadig
meir usamd med dei leiande figurane i rørsla.
Denne perioden på byrjinga av 50-talet må ha verka
som ein propell i den åndelege utviklinga hans. I føreordet
til magisteravhandlinga si skriv Skjervheim at dei objektivistiske
teoriane om mennesket som han kritiserer eingong var hans eigne,
og at dette arbeidet er ei frigjering frå ein tenkjemåte
han i si tid fann sympatisk. Difor kan tonen stundom vera noko
kvass, skriv han. Skjervheim hadde alltid ei sterk tru på
sitt eige vit, seier Espeland, og den motstanden han utvikla gjorde
han stadig sikrare på sitt eige standpunkt. Ikkje minst
gjorde dei lange studiereisene i Tyskland, der han fordjupa seg
i fenomenologi og klassikarar frå filosofihistoria, mykje
for å stadfesta og utvika det eksistensfilosofiske grunnsynet.
På spørsmål om kva som kom fyrst av interessa
for fenomenologi og mishaget mot objektivismen, svarar medstudenten
og kameraten Asbjørn Aarnes at innsikta mot positivismen
hadde Skjervheim frå fyrste stund, den måtte berre
byggast ut og festast i ord."Eg ser det ikkje på deira vis
og eg seier det ikkje på deira vis", sa Skjervheim ein gong.
"Bjelken i sitt eige auga ser ein ikkje, for det er den ein ser
med", skreiv han i "Oppleving og eksistens". Problemet med det
motsette synet var støtt det same: Ei systematisk forklaring
på mennesket med metodar henta frå naturfaga, og ein
påfølgande fare for praktisk misbruk av teoriane.
Faktumforklaringar
Han må difor ha skapt seg ein posisjon utifrå ei
sakleg usemje med ein annan posisjon, objektivismen i samtida
har vore med på å gjera Skjervheim til intersubjektivist.
Vegen mellom desse standpunkta er lang, men kan synleggjerast
med eit argument frå essayet "Faktum og fridom" (1960).
Objektivismen krev at vitskaparen må halda seg til det
faktiske, elles vil tanken koma på viddene. Men kva er så
eit "factum", spør Skjervheim, og svarer at det er ei perfektum
passiv-form av det latinske verbet "facere", som tyder å
gjera. Eit faktum er altså gjort ferdig ("fait accompli"),
og når mennesket vert oppfatta som faktum kan me ikkje omgjerast.
Men denne fatalismen er ikkje total, for den gjeld berre dei andre
enn forskaren. Forskaren avklarer korleis mennesket er for å
gjera noko med det, men gjer dermed mennesket teoretisk og faktisk
framand for seg sjølv.
"Det er nå mogleg å gjera nøyaktig greie
for skilnaden mellom positivismen og eksistensfilosofien", held
Skjervheim fram, "Eksistensfilosofien gjer heilt eksplisitt at
vi alle er både eit factum og eit faciens.
Vi er både ferdig fortid og aktiv nåtid". Han seier
også at når me talar om mennesket må me bruka
verba i alle bøyingane, og såleis vert både
forskaren og kvardagsmennesket sin situasjon i verda at me ikkje
kan vera upartiske og tidlause tilskodarar, men er tidsbundne
og endelege deltakarar i historia. Den einskilde har ei evne til
å forstå seg sjølv som objektivisten gløymer
i iveren etter å forstå korleis menneska fungerer,
men Skjervheim gløymer den ikkje, han gjer situasjonsforståinga
til hovudsaka.
For menneska er ikkje det me er uavhengig av teoriane me måtte
ha om mennesket, dei vert 'innskrivne' i medvitet. "For eit stykke
papir er det uvesentleg om vi på det skriv ned teoriar frå
kjemien" seier han i "Psykologien og mennesket si sjølvfortolking"
(1963), medan "teoriar om mennesket er sjølv eit konstituerande
element i det mennesket er".
Sjølvforståinga
Skytset hans mot objektivismen stammar altså frå
ei overtyding om at den kommunikative respekten for medmennesket
ikkje må utelatast i det vitskaplege forsøket på
å forstå mennesket. Skjervheim utførte sin
Mitsein i ein anerkjennande modus, for å følgja
hans eigen omgrepsbruk, og krevde det same av alle vitskaparane
om mennesket. Intersubjektiviteten må ikkje hindrast i å
utfalda seg på den rette måten.
Mennesket har ein løyndom som filosofen
og forskaren må ha distanse til, seier Asbjørn Aarnes.
- Nemleg at det forstår seg sjølv og
tek stilling til seg sjølv. Det finst eit likeverd mellom
spørsmålsstillaren og -svararen som blant andre legevitskapen,
psykologien, pedagogikken og den praktiske politikken undergrev,
sjølv om dei har det som ideal. Likeverdet kan berre oppretthaldast
ved ikkje-inngriping. Skjervheim var klar på dette punktet:
Mennesket sin løyndom er truga av objektivismen, men dei
må ikkje få gjera innbrot!
I "Psykologien og mennesket si sjølvfortolking" siterer
Skjervheim eit kjent sitat frå Kierkegaard: "Selvet er et
Forhold, der forholder sig til sig selv, eller er det i Forholdet,
at Forholdet forholder sig til sig selv". Denne sjølvfortolkinga
er ikkje noko utvendig i forhold til kva mennesket er, den er
konstituerande. "Mennesket er på ein viss måte
si sjølvfortolking". Men frå naturen si side er ikkje
dette forholdet fastlagt. "Vi er frie på dette punktet,
vi ikkje berre kan, men må velja vårt
forhold, vår holdning til tilværet". Den grunnleggande
måten å gjera dette på er gjennom Mitsein,
det er gjennom kommunikasjonen med andre ein kan forstå
seg sjølv. Men på grunn av sjølvforståinga
vert vilkåret for vellukka intersubjektivitet moralsk, for
me må velga måten å omgåast medmenneska
på, og det er råd å velga feil.
Livsvisdom
Er det skjønnmåling å gjera Skjervheim sjølv
til eit døme på den måten ein må gå
fram på for å skjøna menneska på rette
måten? Er han ein eksistens- og moralfilosof som legg fram
teoriar åleine, eller er han ein som attpåtil praktiserte
dei? Var det kanskje slik at han var tvungen til å praktisera
tankane sine før han kunne oppdaga og omgrepsfesta dei?
Ein kan jo berre tenkja gjennom erfaringane sine,
understrekar Wigdis Espeland.
Utan å vilja
fortolka heile personen, utan å vilja gjera Hans til eit
produkt av miljøet sitt, vil eg hevda at oppveksten i Myrkdalen
var det fundamentet han tenkte utifrå. Han vaks ikkje opp
på ein stein, han kom frå ein jovial heim der både
mora og faren var intellektuelle og diskuterande. Han fekk leva
ut det som var viktig for han, og forventa å verta møtt
med forståing og opne sinn då han reiste ut, seier
Espeland.
Korkje Jon Hellesnes eller Asbjørn Aarnes legg skjul
på at Skjervheim møtte mykje motstand i Oslo og seinare.
Synspunkta hans var ikkje stovereine i den empiriske rørsla,
og han kjente seg fagleg og menneskeleg framand for mykje av det
som skjedde. Overgangen frå heimestaden må ha vore
eit sjokk, men i høgste grad eit kreativt og utvidande
eitt, for i møte med synspunkt han meinte måtte vera
feil fekk han utvikla den humanismen han meinte var rett.
"Ein må sjølv vera filosof før ein
kan byrja å fortolka andre, men som oftast vert ein
filosof ved å byrja å fortolka andre. Tilsynelatande
føreligg her ein sirkel", skriv Skjervheim i "Den eigne
refleksjonen og fortolkinga av andre" (1964), "Det som det gjeld
om, er ikkje å koma ut av denne sirkelen, for det er umogleg,
men å vera i han på rette måten".
1 Objektivismen og studiet av
mennesket, 1974, s.39. Opprinneleg utgjeven på engelsk
i 1959.
2 "Føreord", i Deltakar
og tilskodar og andre essays, 1996, s.43. Alle sitata frå
essays er henta frå denne samlinga.
|