|
Film er eit ypperleg medium for formidling av antropologisk
forsking. Gjennom dokumentarfilmar kan du nå eit publikum
mange gongar større enn gjennom noko anna medium, seier
sosialantropologen Frode Storås ved Universitetet i Bergen.
Han har nyleg avslutta arbeidet med filmen "Al-Karamah
Human Dignity", som skildrar livet til ei gruppe palestinarar
busette innanfor Israel sine grenser. Utgangspunktet for filmen
var antropolog Moslih Kanaaneh si doktoravhandling (sjå
UiB-Magasinet nr. 3/1996), og Storås og Kanaaneh har samarbeidd
under heile prosessen med filmen.
Vi ønskte å kome eit stykke bak slagorda
i debatten om Israel og palestinarane, og å vise ein del
ting som aldri kjem fram gjennom TV-nyheitene. Ein lågmælt
film om folk sin kvardag kan vere like effektiv som ein bombastisk,
politisk film, seier Storås.
Tillit viktig
Frode Storås meiner den grundige kjennskapen som
Moslih Kanaaneh hadde til området og folket var heilt avgjerande
for resultatet. Ikkje berre stammar Kanaaneh sitt feltarbeid frå
området, men dei fleste personane i filmen er óg
slektningar av han.
Her ligg ein av styrkane til antropologisk film. Når
eit filmprosjekt botnar i eit grundig feltarbeid, og antropologen
har tillit hos dei menneska det handlar om, stiller du med langt
betre grunnlag for å fortelje noko om liva og kulturen deira.
Det blir noko heilt anna enn den "hit and run"-metoden som ofte
pregar fjernsynsinnslag frå andre kulturar.
Denne tilliten inneber óg å halde kontakten med
menneska i filmen etter at filminga er slutt. Palestinarane som
er med i "Al-Karamah" har fått sjå filmen bit for
bit utgjennom redigeringsarbeidet, med høve til å
setje foten ned dersom dei tykte noko var for privat eller politisk
risikabelt til å ta med.
Kamera i kvardagen
Storås og Kanaaneh nytta ikkje noko manus i arbeidet med
"Al-Karamah". Dei filma lokalbefolkninga i ein landsby i dagleglivet
sitt, i arbeid eller småprat over ein kopp kaffe. Langt
på veg er det dermed personane i filmen som driv forteljinga
fram.
Denne arbeidsmåten har sjølvsagt ulempar.
Det blir eit langt meir omfattande redigeringsarbeid i etterkant
enn det ville vore om ein jobba ut frå eit manuskript. Men
ved å berre følgje folk i kvardagen deira og late
kamera gå, kan ein få fram ein langt større
spontanitet i åtferda deira. Etter ei tid blir folk så
vande med kameraet at dei nestan gløymer at det er der,
seier Frode Storås.
I den grad "Al-Karamah" har nokon hovudperson, er det den unge
jenta Samuyie. I filmen fortel ho om livet sitt og draumane sine,
om kvinnesyn og moralreglar i det palestinske samfunnet, og om
familiemedlemmer som har blitt utsette for israelske represaliar
på grunn av det politiske engasjementet sitt.
Eit sentralt tema i "Al-Karamah" er det sterke æresomgrepet
hos palestinarane. Samiyeh fortel i filmen om korleis israelske
agentar nyttar den strenge moralkodeksen mot opposisjonelle, palestinske
familiar. Ved å kompromittere unge, palestinske jenter seksuelt
og filme dette på video, skaffar agentane seg eit pressmiddel
som blir brukt til å nøytralisere heile familiar.
Dette er eit emne vi neppe ville kome over om vi ikkje
hadde bygd opp eit tillitsforhold til lokalbefolkninga over tid,
meiner Storås.
Men nettopp det å kunne take seg god tid i felten,
og å bli kjend med dei du lagar film om, er som regel for
kostbart med eit stort, konvensjonelt fjernsynsteam.
Interesse frå NRK
første omgang skal "Al-Karamah" distribuerast i antropologiske
kretsar. Premieren blir ved det årlege møtet til
Nordic Anthropological Film Association, og til hausten skal flmen
visast ved den prestisjetunge kongressen til American Anthropological
Association. NRK har óg vist interesse for filmen. Tidlegare
har UiB-antropologen Tone Bringa sin film frå Bosnia blitt
vist på NRK1.
Filminga av "Al-Karamah" har Storås sjølv stått
for, saman med fjernsynsfotografen Rolf Larsen. I redigeringsarbeidet
har han samarbeidd med Trygve Tollefsen, som driv det lokale produksjonsselskapet
SOT Film AS i lag med Rolf Scott. SOT Film har saman med Bergen
Museum vore produsent for "Al-Karamah".
Selskapet står dessutan bak produksjon, foto og regi for
eit anna antropologisk filmprosjekt, i samarbeid med Universitetet
i Bergen. Denne filmen byggjer på Edvard Hviding sitt feltarbeid
frå Marovo lagune på Salomonøyane i Stillehavet
(sjå eigen artikkel i dette nummeret), og skal redigerast
i løpet av 1997.
Oppvurdering av film
Filmprosjektet frå Salomonøyane dannar óg
grunnlaget for Trygve Tollefsen si hovudfagsoppgåve ved
Institutt for medievitskap. Han meiner det er fleire grunnar til
at antropologisk film no har fått ein ny og høgare
status.
Tradisjonelt er det den abstrakte og analytiske kunnskapen
som har dominert i antropologien. Film har blitt nedvurdert fordi
det er for konkret og gjerne for popularisert. Men nye interessefelt
innan antropologien, som den sterkare fokuseringa på kroppen,
gjer det naturleg å nytte seg av filmmediet i større
grad. Faget har óg blitt meir orientert mot det konkrete
og spesifikke enn før.
Ei anna, meir banal forklaring på den utvida bruken av
film i antropologien er tilgangen på lett, relativt rimeleg
videoutstyr med fjernsynskvalitet. Dels gjer dette det mulig for
fleire å lage filmproduksjonar, dels blir sjølve
filminga forenkla og mindre personellkrevande.
Formidling og forenkling
Filmmediet har sjølvsagt sine grenser, vedgår
Tollefsen. Skal du koke ned ein heil kultur til ein film
på femti minutt, må du nødvendigvis gjere grove
forenklingar. Men samstundes kan du nå så umåteleg
mange fleire enn ei fagbok eller avhandling kan gjere.
Tollefsen meiner det er noko av ein myte at ein dokumentarfilm
må vere polert, kjapp og underhaldande for å fenge
sjåaren. - Så lenge du har eit spennande emne å
fortelje om, og fortel det på ein OK måte, vil folk
vere interesserte.
Eit av spørsmåla som har vore reist kring antropologisk
film, er kva slag forståing eit vestleg publikum kan ha
av den kulturen dei får presentert på skjermen. Blir
filmen berre vakre og/eller merkelege bilde av uforståelege
handlingar, eller kan ein faktisk formidle noko av kulturen?
Her har film sjølvsagt mange av dei same omsetjingsproblema
som ein opplever når ulike språk møtest. Sjåarane
tolkar jo det dei ser ut frå sin eigen kultur og sine eigne
skjema. Men det er her den antropologiske forståinga og
kunnskapen kan kome inn og hjelpe til med tolkninga. I tillegg
har jo film ein klar fordel framfor språket, ved at du faktisk
kan vise fram det du fortel om. Du kan aldri forklare alt. Men
med film kan du i det minste late folk sjå sjølve.
|