|
Lenge hadde forfallet herja Munthehuset, og det
såg mørkt ut for framtida til den ein gong så
staselege bygningen. Men etter at ihuga kunst- og kulturinteresserte
fleire stader i landet hadde slege alarm,vart det i den siste
tiårsbolken gjennomført ein vellukka bergingsaksjon,
og på sjølvaste Kulturminnedagen 21. september i
år, stod huset fram nyrestaurert og i bortimot full glans
og prakt.
Då møtte 250 personar fram til Ope
Hus-tilskipinga i Kroken.
Dagen før, hadde eit førtitals spesielt
inviterte kunna sjå og gleda seg over kor fint Munthehuset
er blitt: folk frå den manggreinte Muntheætta, Luster
herad, ulike stiftingar, Universitetet i Bergen, Bergen Museum
og andre institusjonar og einskildpersonar som har gått
saman om å vøla og gjenskapa Munthehuset.
Kultursenter på 1800-talet
Dette eineståande huset, meir enn 200 år
gamalt, har spela ei sentral rolle i norsk kunst- og kulturliv
og nasjonsbygging i det førre hundreåret. Det var
møtestad for forskarar, geografar og ikkje minst for Noregs
fremste kunstmålarar i den nasjonalromantiske perioden i
første halvdelen av 1800-talet. Her vanka Johannes Flintoe,
Joachim Frick og her møttest Adolph Tidemand og Hans Gude
for fyrste gong. Johan C. Dahl hadde Munthehuset som base for
fleire turar i den storfelte naturen, m.a.til Jostedalsbreen,
Skjolden og Fortun. Resultatet vart ei rad fine blyantteikningar
som seinare var grunnlag for fleire av målarstykka til meisteren.
Det var også her i Ytre Kroken Dahl traff
den unge Thomas Fearnley og fekk han med til Dresden. I Munthehuset
og Ytre Kroken fann våre fremste kunstnarar den gongen inspirasjon
i samveret med kvarandre og i møtet med eit mektig landskap.
Storgard i mellomalderen
Ytre Kroken er ein av dei norske storgardane som
er kjende frå mellomalderen. Frå 1700-talet og fram
til 1884 høyrde garden til Munthefamilien. Gerhard Munthe
(1795-1876), offiser, historikar og kartograf, var fødd
på slektsgarden i Ytre Kroken og var i mange år sjølve
krumtappen i det rike kulturlivet som utvikla seg der i store
delar av 1800-talet. I Christiania var han meddirektør
for «Tegne- og Kunstskolen» for Nationalgalleriet og
direktør for Kunstforeningen. Han slo seg ned på
slektsgarden for godt i 1841. Etter at Muntheætta selde
huset for 113 år sidan, har bygningen vore nytta til ymist.
Til 1957 var her husmorskule; seinare har staden stått tom
og aude og i forfall.
Og det var eit heller deprimerande syn som møtte
journalist og forfattar Wibeke Knagenhjelm då ho i 1986
laga ein reportasje om eigedomen i Sogn og Fjordane Magasin:
«Jeg hadde lest så meget om Kroken,
jeg hadde drømt om det spennende, fruktbare stedet som
sto så sentralt i kulturlivet. Lenge før Munthenes
tid, var det et historisk sus over stedet ... Det hadde vært
sete for mektige slekter, for spennende begivenheter og er en
del av vår rikshistorie.
Sommeren 1986 sto jeg foran et «spøkelseshus»,
dører hang og slang på rustne hengsler, noen vinduer
var knust og tettet igjen med tilfeldig materiale- inne i de store
rommene var det spredt landbruksmaskiner, ganske fillete møbler,
sleder og husgeråd av tvilsom verdi...
Dette var det som var igjen av det blomstrende
kultursentrum Kroken.»
Knagenhjelm appellerte til kulturpolitikarar og
andre og tok til orde for å «restaurere Kroken til
et nytt blomstrende liv og gi det den plass i fylkets og rikets
kulturhistorie som det fortjener».
Kunstlaget i Luster med leiar Maalfrid Kjørlaug
tok opp hansken og sette i gang med restaureringsarbeidet, med
støtte frå Fortidsminneforeningen og andre. «Munthehusets
Venner» vart skipa. Fortgang i saka vart det då den
allsidige filosofen Arild Haaland ved Universitetet i Bergen tok
eit initiativ overfor eigarane av Munthehusest, Luster kommune,
private gjevarar, ulike fondsstyre og idealistar. Dette initiativet
førde til ein intensjonsavtale om å skipa ei stifting,
og ta til med eit konkret restaureringsarbeid for å stoppa
forfallet. Haaland har med eigne hender utført mykje av
tømrar- og snikkararbeidet for å få huset i
stand.
Meir pengar trengst
Til no er to millionar kroner sette inn i restaureringa
av huset,men det trenst framleis ein god del midlar for å
få huset i fullgod stand. Pengar til arbeidet har kome frå
Luster kommune, Stiftelsen Uni, Kavli almennyttige fond, Stiftelsen
Sat Sapienti, Stiftelsen Sat sapienti, Stiftelsen Fritt Ord og
Universitetetet i Bergen.
Grunneigaren, Nils Kroken har vederlagsfritt gjeve
huset til Stiftelsen Munthehuset.
Arbeidet med restaureringa av Munthehuset er organisert gjennom
ei stifting, «Stiftelsen Munthehuset i Ytre Kroken».
Desse med i styret for stiftinga: leiar Siri Munthe som er representant
for familien Munthe, professor Svein Indrelid frå Universitetet
i Bergen. museumsdirektør Aage Engesæther frå
Sogn Folkemuseum De Heibergske Samlinger, Nils Kroken for
grunneigar og kultursjef Erling Bjørnetun for Luster kommune.
Triveleg og festleg
Her skal bygdefolk, kunstnarar og vitskapsfolk
has det triveleg og festleg, sa ei oppglødd Siri Munthe,
leiar for Stiftelsen Munthehuset, då huset vart synt fram
20. september.
Og professor Svein Indrelid ved Universitetet i
Bergen fortel at det er nett slik huset er tenkt brukt:
Det er særs gledeleg, det som har hendt: frå
å vera eit hus i forfall har Munthehuset på kort tid
utvikla seg til ei fin bestestove for Luster. For Universitetet
i Bergen og Bergen Museum kan det vera aktuelt å nytta huset
til representasjonsføremål, kurs, seminar og styremøte
for universitetet og museet. Indrelid legg til at dei ved restaureringsarbeidet
har avdekt tak-målarstykke som fagfolk meiner er av stor
antikvarisk interesse.
På markeringa 20. september overrekte kontorsjef
Hilde Hvidsten Bretvin 25 000 kroner og Universitetet i Bergens
historie. Frå Bergen Museum bar professor Svein Indrelid
og direktør Kåre Hesjedal fram to museumsstykke som
deposita: Målarstykket «Fuglefjell» av bergensmålaren
Tycho C. Jæger, som var ein av dei kunstnarane som vitja
Munthehuset i glansdagane, og ein trefigur utskoren sosm krigar,
som har vore prydnad på kiste eller skap. Den har høyrt
til Muntheætta sin første representant i Noreg, Ludvig
Hansen Munthe, som var biskop i Bergen 1636-49.
|