uib-magasinet
Les om:
Natur

Helse
Språk / Kultur Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings-
områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

Ugle

 

 

Verkelegheita gjennom bilete

– Ei drøfting av pressefoto, røntgenbilete og datamodellar

Tekst: Lars Nyre

Kva forhold finst mellom eit bilete og verkelegheita som vert avbilda? Dette spørsmålet er nært knytt til eit anna: Kva ferdigheiter krevst hjå sjåaren for å forstå biletet? Eit vêrkart krev ei anna sjåing enn eit CD-omslag, fordi det presenterer verkelegheita på ein annan måte. I denne samverknaden mellom biletteknologien og sjåaren sine ferdigheiter vert det skapt kunnskap om verda. Forholdet er altså produktivt.

Kva er ein biletteknologi? Heilt generelt er "teknologi" eit system av reiskapar og framgangsmåtar for å bearbeida eit råstoff til ei ny form. Biletteknologiar bearbeider sitt mangfaldige råstoff til visuelle presentasjonar. Nyheitsfotografi, røntgenbilete og datamodellerte vêrkart stammar frå tre openbert forskjellige råstoff og bearbeidingsprosessar.

Filosofen Don Ihde seier at gjennom avbildingsprosessar vert utvalde aspekt ved verda presentert utifrå visse føremål som biletet skal tena i samfunnet.

– Livet byr på mange synsvinklar, og kvar biletteknologi gjer teknisk bruk av verda sin multiperspektivitet. Folk flest veit at eit bilete ikkje er nøytralt i forhold til verkelegheita, men er ein rekonstruksjon som krev ulike grader av kultur- eller fagkunnskap. Somme bilete kan ikkje eingong sjåast, dei må "lesast" fordi dei er så visuelt komplekse i forhold til motivet sitt.

Biletteknologiane er kunnskapskanalar som overskrid skriftspråket ved å visa fram. Pressefoto syner fram andlet og hendingar i nyheitsbiletet, røntgenbilete skapar innsikt i kroppen sine funksjonar og dysfunksjonar, medan datamodellar reknar ut og presenterer oversiktlege prognosar f.eks. om omslag i vêret. Eikvar biletform rekonstruerer verkelegheita visuelt, i ulike former for likskap. Dei ulike biletteknologiane har nødvendigvis ei kreativ innverking på folk si verkelegheitsforståing.

Kva er eit bilete?

– Biletet er ein truverdig appell til vår visuelle persepsjon, seier Don Ihde.

– Det er ikkje ein kopi av verkelegheita, det er ein teknisk rekonstruksjon som er innramma på papir, skjerm eller andre overflater. Vanleg fotografi byggjer på likskap med motivet, medan nokre biletformer presenterer ting me ellers ikkje kan sjå, til dømes røntgen og mikroskopi. Istadenfor synleg likskap må slike former baserast på ein tillært, anerkjent og konvensjonell likskap, ei samforståing som garanterer felles syn på verkelegheita.

Utan negative meirtydingar kallar Ihde bilete for manipulative inngrep. Dei er metodar for visuell utforsking som forminskar eller forstørrar, som endrar fargane og djupna, som rammar inn og frys fast noko pågåande.

– Slik lydar kan sjåast som kurver i eit diagram, kan biletet gjera innsida av pasienten sin tjukktarm tilgjengeleg for legen. Bileta grip inn i verkelegheita vår og forandrar den. Historisk har endringa vore frå passiv gjengjeving til stadig meir aktiv konstruksjon av visuelle verkelegheitsfelt, og det finst mykje kunnskap som ville vore vanskeleg å etablera på andre måtar enn ved biletteknologiar.

Kunnskapen som bilete skapar i oss menneske er av minst to typar: Den tekniske ferdigheita som trengst for å produsera bilete, og den visuelle erfaringsbakgrunnen som trengst for å forstå bilete. Don Ihde hevdar at jo meir aktiv biletkonstruksjonen er, jo meir spesialkunnskap krevst det av sjåaren. Some biletformer kan berre forståast av ekspertar; folk som kjenner kunnskapsfeltet og produksjonsprosessen i detalj. I motsetnad kan kven som helst forstå eit bilete av smilande menneske.

– All sjåing har kulturelle føringar, men ein kikkert er relativt lite språkleg, og vanlege fotografi krev berre elementær verdserfaring og litt menneskekunnskap. Sjølv om det er uklokt å laga definitive skilje mellom biletteknologiar, finst det minst to grupper: Dei mest perseptuelle som baserer seg på likskap med motivet, og dei mest hermeneutiske som baserer seg på kunnskap om motivet.

Skarpe blikk i svart/kvitt

Medisinsk røntgen er openbert ein teknologi som kviler på kunnskap både om motivet og framstillingsmåten. Kva grunnkunnskapar trengst for å forstå eit typisk røntgenbilete?

Røntgenlege Markus Hordvik ved Haukeland sjukehus forklarar at røntgenstrålar gjennomlyser objekt som er plasserte mot ein bakgrunn av strålingsfølsom film, og gjev på denne måten avtrykk av variasjonar i konsistensen til objektet. Denne typen bilete gjev oss tilgang til kunnskap me ellers måtte ha demontert, øydelagt eller drept motivet for å leggja augene på.

– For å forstå røntgenbilete må ei ha utvikla ein skarp persepsjon av gråtonar, for me brukar berre negativar i arbeidet vårt. Avbildinga vert kvitare jo meir kompakt stoffet er, til dømes absorberer bein mest all strålinga. Vev med ulike samansetjingar viser att som gråtonar, medan luft viser att i svart fordi filmen vert sterkt bestråla.

På røntgenavdelingar er hovudaktiviteten å leita etter sjukdom, skadar og misdanningar i menneskekroppen. Legane veit kva dei skal leita etter på bakgrunn av kliniske opplysningar. Dei lagar biletseriar av den aktuelle delen av kroppen, og analyserer seg fram til ei diagnose.

– Det er vanskeleg å setja eksakte mål på dei opplysningane me får frå røntgenbileta. Legen må ha blikk for detaljar. Ein felt i lunga er `litt for stort' til å verka friskt, eit anna parti `litt tynnare enn forventa'. Legen kjem fram til ein diagnose utifrå kva avvik som finst frå normaltilstanden til ein pasient av denne typen. Alt er basert på legen si erfaring. Kroppen krev heldigvis ikkje matematisk presisjon for å kunna lækjast, seier Hordvik.

Kva forhold til verkelegheita har røntgenbiletet? Denne teknologien fotograferer tvers gjennom gjenstandar, og presenterer såleis samansetjinga og bevegelsane i eit aspekt ved verkelegheita som er snublande nær oss, men vanlegvis er usynleg. Medisinske røntgenbilete står i eit svært direkte forhold til folk si verkelegheit når funksjonsfeila dei avslører vert opererte på, og eit liv vert redda.

Bilete av kultur- og samfunnsliv

Tradisjonell fotografering registrerer lysoverflater, og på grunn av dette indeksikalske forholdet til verkelegheita vert det ofte sagt at "eit bilete kan ikkje lyga". Ser me difor reine og skjære sanninga når me ser eit fotografi?

– Nei, seier Don Ihde, for fotografen sitt valg av motiv er ei tolking, og tekniske val skapar ein komposisjon, ein fargetone og ein tekstur som igjen skapar ulike stemningar i sjåaren. Men pressefotoet er meir perseptuelt og mindre hermeneutisk enn både røntgen og datamodellering.

Føremålet med konvensjonell fotografering er ikkje på nokon måte så funksjonelt og målretta som røntgenstråling. Røntgen krev motivet plassert inn i utstyret, medan fotografen kan jakta på motiv som ikkje har sagt seg einig i å bli fotografert. Biletet av til dømes ei sportshending formidlar menneskelege situasjonar, og er sosialt der biletet av ein sprukken menisk er klinisk.

Fotograf Helge Sunde i Bergens Tidende (BT) meiner likevel at pressefotoet fyrst og fremst er dokumentasjon av det som skjer, ikkje noko skapt av fotografen.

– Det gode nyheitsbiletet er umogleg å planlegga. Det kan vera ein plutseleg menneskeleg situasjon, ein katastrofe eller ei naturhending. Fotografen kan læra seg kvar og når gode situasjonar kan oppstå, men må ha tolmod til å venta. Biletet vert oftast best når ein minst ventar det. Eg tek omkring 40 - 50 bilete på eit typisk oppdrag, for det beste motivet er ofte ikkje råd å sjå før etterpå.

Kva eigenskapar treng pressefotografen for å ta eit godt nyheitsbilete?

– Fotografen treng redeligheit, svarar Helge Sunde.

– I BT manipulerer me aldri meininga i eit nyheitsbilete, korkje ved å tilrettelegga motivet eller ved å endra biletet digitalt. Fargar vert friska opp på desken, og biletet vert beskjært, men dette kvalifiserer ikkje til verkelegheitsforvrenging. Fotografen må dessutan ha evna til å gjera biletet symbolsk for hendinga det avbildar.

Kva kunnskapar treng avislesaren for å forstå at biletet er godt?

– Bileta som særpregar Bergens Tidende krev ein del regional og lokal sakkunnskap. Eg trur hovudkravet til lesaren er å ha følgt med i nyheitsbiletet ei stund. For ein utanforståande vil eit foto av politimeister i Bergen, Rolf B. Wegner, vera bilete av kven som helst slags politimeister, og biletet vil missa symbolikken sin. Eg forventar at folk kjenner att Wegner, og at ikkje oppfattar dette som ei tilfeldig patrulje, men som fyrste dag på jobb etter bråket rundt rådmannsaka. Biletet antyder noko som står i stil med verkelegheita: at Wegner var på godfot med byborgarane denne dagen.

Pressefotoet er såleis ein politisk og kulturelt relevant dokumentasjon frå verkelegheita. Fotografen må saman med journalisten ha tilstrekkeleg samfunnskompetanse til å velga ut ein "representativ" dagsorden frå den komplekse verkelegheita. Denne biletteknologien har ein kommenterande funksjon i samfunnet.

Toppen av informasjonsfjellet

Datamodellering er i likskap med røntgen ein biletteknologi der sjåaren treng kunnskap både om motivet og framstillingsprosessen, men i motsetnad til røntgen og pressefoto er ikkje forholdet til verkelegheita indeksikalsk. Biletet er ein digital illustrasjon som kviler på ei stor mengd av faktisk informasjon, ikkje på ein direkte relasjon.

Meteorologar lagar modellar av vêrforhold med kolossale dimensjonar. Det finst topografiske likskapstrekk med verkelegheita i mange bilete, medan den faglege informasjonen består av vasstemperaturar, vindstyrkar, trykk- og temperaturskifte i avgrensa område av atmosfæren. Vêrforholda er i kontinuerleg og kompleks endring, og modellane er tilrettelagte så desse endringsprosessane kan presenterast.

– Våre bilete er enten animasjon eller biletseriar som vert skrivne ut, seier Paul Skeie, som er stipendiat ved Geofysisk institutt, UiB.

– Biletmaterialet vert produsert på "talknusarar" blant anna i Trondheim, og presentert på våre lokale maskiner. Me arbeider med vêrsimuleringar for ein tidsperiode ein stad på kloden, slik Dagsrevyen i forenkla form gjer med sine satelittbilete over Noreg. Eg arbeider ikkje med vêrprognosar, men simulerer ulike vêrfenomen på bakgrunn av data frå eit globalt nettverk for vêrobservasjon.

Slik informasjonsbehandling og biletskaping er altså basert på verkelegheita, men spelar med den for å skapa meir kunnskap. Skeie viser fram ein simulasjon av vêrforhold ved Spitsbergen basert på data frå januar 1997. Avhengig av kva informasjon som er programmert inn, kan han presentera vindretningar og vindstyrke, temperaturforhold i luft og vatn, fordeling av trykk og fuktigheit, pluss dei geografiske forholda i området.

– Eg kan fjerna all topografi på Svalbard, og identifisera kva effekt fjella har på atmosfæren i dette området. Eg kan presentera kva som helst slags kombinasjon av meteorologiske fakta om dette området. Føremålet er å kunna generalisera, å demonstrera samanhengar og naturlover i vêrforholda, seier Paul Skeie.

Slike bilete er fulle av meteorologisk koda informasjon. Berre den fagutdanna kan sjå prosessane som er avmerka til dømes ved forholdet mellom vindstyrke og luftfuktigheit, og kan køyra modellen i hovudet sitt. Me andre ser nok det same som meteorologen, men forstår langt mindre av informasjonen.

Bilete tolkar verkelegheita

På eksperimentstadiet i utviklinga av ein teknologi finst det gjerne ulike framgangsmåtar. Vanlegvis vert visse prosedyrar dominerande, og vert mekaniserte i teknisk utstyr med ulike grader av automatisering. Mange er uvitande om korleis eit fotoapparat faktisk fungerer, men kan likevel bruka det utan vanskar.

Kva betyr dei handverksmessige prosedyrane for biletet sitt forhold til verkelegheita? Roger Strand, som er stipendiat ved Senter for vitskapsteori, understrekar at utstyret operasjonaliserer verkelegheita. Forskjellige typar film er kjenslevare for ulike lysspekter, og røntgenteknologien viser fram motivet annleis enn eit mikroskop. I visse forstandar fortolkar alle visualiseringsteknikkar verkelegheita.

– Tolkinga byrjar allereie ved valet av prosedyrar og fokus blant alle dei tekniske og strategiske moglegheitene som finst, for gjennom desse vala oppstår vår tilgang til motivet. Denne fundamentale prosedyren kan kallast stabilisering. Kor avvgjerande denne prosessen er kjem tydlegare til syne når det ikkje er nokon enkel korrespondanse mellom motivet og biletet. Folk kan vurdera vanlege fotografi mot verkelegheita, men kan ikkje vurdera eit røntgenbilete av kneet mot skjelettdelene inni kneet. Dei biletformene som stabiliserer usynlege motiv har eit fastare grep om sjåaren si forståing, og krev difor meir kunnskap for ikkje å verta misforståtte.

Men kva med sanninga? Er det uråd for eit bilete å visa verda slik den faktisk er? Er verkelegheita relativ til teknologien som syner den fram?

– Nei, seier Roger Strand.

– Mitt poeng er at me ikkje må gløyma dei konstruksjonane som er involverte i framstillinga av det me kallar verkeleg. Av og til er forholdet enkelt. Enten kjem bussen til rett tid eller ikkje. Men uansett vil presentasjonen føregå ifølge visse strategiar og prosedyrar. Til dømes har ikkje begrepet "kroppshøgd" noko presist innhald før det er operasjonalisert, dersom folk skulle stå "slik dei pleier" istadenfor "med rett rygg" ville dei fleste vore fleire centimeter lågare.

– Folk treng ei kjensle av at vårt bilete av verda er sannferdig, ellers vert både forsking og daglegliv til anarki, seier Strand.

– Men sannferdigheit er somme tider noko enkelt, andre gonger noko svært innfløkt. Jo mindre medvit folk har om dei tekniske prosedyrane, jo lettare vil dei falla for manipulasjonar med verkelegheita.

 

 

 

 

Copyright © 2001 Universitetet i Bergen

Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontakt redakjsonen