
Eg veit ikkje heilt. Eg veit bare at dette blei endestasjonen i ein heller slapp akademisk karriere det tiåret Norge gikk av skaftet. Det utskjelte åttitalet. Eg stod der i den lysande jappedressen min. Den første candpolit'en i min familie. Eit produkt av utdanningssamfunnet, DU-midlar, velferdsstaten og Bratteli sitt klassehat.(1)
Den fysiske reisa tok til ein augustsøndag i 1979. Eg klatra om bord i M/S Granvin. Atten år og endelig på veg bort frå Odda, denne enkel-v'en av ei bygd som ein gong må ha blitt hogd til av ein hardtslåande og slumsete vigeland.
På veg til bok og lesesalar.
Dollarvegen ut i livet.(2)
Denne usløkkelige tørsten. Denne hungeren etter kunnskap. Eg kunne ikkje vente, eg bobla som ei siderflaske, eg bobla og song, eg skulle sjølv komme til bøkene, eg skulle sjølv reise til kjelda.
Og eg låg der i den trange lugaren og hørte korleis kranane stønna mens dei løfta materialar og kassar og pakkar og koffertar. Ut langs heile Hardangerfjorden stoppa Granvin.
Kranane løfta og lempa. Slik eg skulle laste Platon, Marx, Weber, Durkheim og Sartre om bord så snart eg kom til byen.
Eg var ein av dette landets utvalde søner. Eg hørte korleis den handelsreisande i køya over meg snorka. Trøtt av tunge koffertar og vrange kundar. Trøtt av å reise og trøtt av seg sjølv.
Han var gammal og ferdig.
Eg var atten og splitter ny.
Men kofferten min romma verken shetlandsgensarar, ponchoar i lammeull, fotformsko, dongerijakker med rullings i brystlomma eller buttonar med relevant bodskap (på min stod det bare The Who -- håplaust sjølvsagt!).(4)
Første tabbe.
Verst var den moderne-revisjonistiske sleiken eg hadde lagt meg til. Frisyren min var rett og slett ikkje brukande. På den tida streid ein kvar blond, kort og bakovergreidd sveis mot masselina, marxismen og manifestet.
- Den sveisen din er jævla betenkelig! proklamerte ein kvinnelig veteran. Klar melding ut kom etter tre flasker norsk raudvin, var ikkje til å ta feil av mellom levande lys i kantina på Studentsenteret.
Frisyren min måtte endrast. Den clash-inspirerte, blonde sveisen måtte bort. Men eg tok aldri saksa i eigne hender. Den gongen gikk eg bare laus på dei akademiske disiplinane med ungdommelig entusiasme, folkefiendtlig sveis eller ikkje.
Men eg hugsar at den kvinnelige veteranen frå ein stad inne i raudvinsrusen uttrykte djup uro over min manglande desillusjonisme.
Men å bli eit menneske utan illusjonar er ikkje gjort på eit haustsemester.
Mi tid skulle komme.
Feil frisyre var no ein ting. Verre var at densitrande og skjelvande gleda over å stige inn i kunnskapstempelet fortapte seg merkelig fort.
Eg som hadde slikka meg lykkelig om munnen når eg tenkte på formalisme, retorikk, strukturalisme og dekonstruksjonisme. Snart spytta eg ut desse orda.
Halvt i forakt.
Filosofen og sosiologen Dag Østerberg skriv at han har tvilt på det meste. Han har tvilt på Gud, kristendommen, hæren, ekteskapet og kapitalismen. Men han har aldri tvilt på Universitetet.(5)
Sånn var det ikkje med meg. Bare eit par semester tidligare hadde eg stått med det akademiske borgarbrevet i handa. No tok eg til å tvile alvorlig på Universitas Bergensis.
Det lukta bubo bubo i mosen lang veg.
Utvilsamt ein rovfugl av ordenen strigiformes. Dei djupe augehulene kan i tillegg tyde på at det er ei jordugle (asio flammeus). Men øyrene stemmer ikkje heilt. Då er hornugla (asio otus) nærare. Men hornugla finst sjeldan i Bergen.
Eg meiner at denne logougla må vere ein bubo bubo. Ein hubro. Europas største ugle. Snart femti år gammal. Totalfreda.
Du kjenner universitetetsugla best pa lokkesongen: "ææ-re, ææ-re, ææ-re". Du kjenner henne pa fluktlåta: "oli-oli-oligarki" eller på varsellåta: "ma-ma-ma-makt".
Tradisjonelt er ugla eit symbol på visdom. I Hellas er ugla ein heilag fugl. Ho vernar om kunsten og vitskapen. Men på Vestlandet har ugla alltid vore eit symbol på ulykke.
Her i vest varslar ugla død.
For ein merkelig nattfugl. Ein bubo bubo som flaug sin veg kvar gong du nærma deg henne. Kva var det som ikkje tålte dagens lys? Kvifor dreiv ugla og gjømte seg heile tida? Var det så forsvinnande lite det byttet ho hadde leita seg fram til?
Gjømmespelet var i det minste gjort til eksaktvitskap. Papir, pensumlister, kompendier, kollokvier, framandord, førelesingsrekker og sakprosa. Alt danna ein labyrint. Ei floke. Eit knossospalass.
Alle skitne knep var brukt for å hindre den utanforståande i å finne fram. Her var ei ugle som hadde trukke seg inn i seg sjølv og ville vere i fred. Ho sat med eit bytte som blei gulpa opp og opp og opp igjen.
Men dei små glimta eg fikk av fuglen, overtydde meg om kva universitetsideen hadde skrumpa inn til. Språkspel og profesjonar. Hierarki og posisjonar. Makt og ambisjonar.
Bubo bubo lukta formalin. Bubo bubo var lagt på sprit. For meg stod vitskapen fram som klinisk og deskriptiv. Nesten heilt ute av stand til å halde ut med andre ved si side. Sånn eg såg det, var også vitskapen eit prosjekt for å underminere mennesket.
- Å tru at ein forskar har ansvar ut over det å oppdage, bruke og forklare tyder på ein oppsiktsvekkande gal type mangel på måtehald, sa hydrogenbombas far, Edward Teller.(6)
- Bo bo bee doo, sa sexbomba Marilyn Monroe.(7)
- Det er ingenting som ER sanninga! skreik ein av førelesarane mine i eit uvanlig utbrot av emosjonar. Ja, det må nærmast kallast vitskapserotisk entusiasme.
Det fanst inga sanning. Ingenting er sanninga. Sanninga er ingenting. Eg hadde bladd meg gjennom side etter side i min eigen danningsroman. Bare for å ende opp på denne blanke sida.
Men eg møtte ei ugle utan hjarte. Ei jordmor utan kjensler.
Det kunne gå bra å leve utan svara, utan sanninga. Jo, det var sikkert rett at røynda ikkje kunne proklamerast eller pressast saman til slagord.
Men det gikk ikkje å leve utan fornuftige spørsmål. Meir og meir heldt eg meg borte. Eg skulka og forsvann. Eg ville ikkje gå ut i livet med UiB tatovert i panna.(8)
Morrissey blei min førelesar.
Ettore Scola min tutor.
Francois Truffaut min dekan.
John Fante min professor II. Kinomørket blei min førelesningssal. Boka mitt auditorium. Platespelaren mitt kunnskapstempel.
Endelig fast grunn. Kunsten viste meg alt dette som vitskapen hadde freista å skjule. Kjenslene, forvirringa, uroa, det irrasjonelle, det sanselege, det umulige. Her var nokon som forsøkte å gripe verda.
Eg kunne konkludere:
Universitas Bergensis er ein millimeter!
Kunsten er ei mil!
I don't want to stay
give up education
as a bad mistake (10)
Kaffi og røyk. Lange matpausar. Ein av veteranane på skiftet hadde studert mauren sine rørsler utanfor hytta i Skånevik. Han sa at mauren aldri jobba på helgedagar. Heller ikkje på glidande helgedagar. Fyren visste ikkje korleis det hadde seg, men mauren jobba aldri på helgedagar. Mauren visste definitivt forskjell på helgedag og kvardag.
Alle lo. Men fyren gav seg ikkje. Han samanlikna fenomenet med veteranane på skiftet som visste nøyaktig når dei skulle starte og stoppe tappinga. Dei visste ikkje kvifor. Dei bare visste.
Den skånevikske maurteori held gjerne ikkje mål reint empirisk. Men han fekk meg til å tenke på all kunnskapen som ikkje er akademisk. Denne uartikulerte kunnskapen som eg misunnte skiftarbeidarane. Desse naturlige rørslene, desse enkle handgrepa som fikk væsker til å flyte og duve gjennom rør, renne saman, bli legeringar og krystallar.
Men sjølvproletariseringas tid var forbi, og eg hadde definitivt rosa hender og tusen tommeltottar.
Bestefar min var notbas. Far min møbelhandlar.
Men eg? Kva var eg?
- Lærer du noko der inne i byen? spurte dei.
Eg trøysta meg med Olav H. Hauge: "Når det kjem til stykket, er det / so lite som skal til, og det vesle / har hjarta alltid visst". (11)
Eg legg like mykje av skulda på dei akademiske disiplinane. Denne studenten var bare ein litt under middels vellukka apekatt. Men han hadde fått med seg kva det handla om.
Min tvil til Universitas Bergensis hadde vakse seg høg som fjella rundt Odda. Sjølvsagt tenkte eg at denne tvilen var universitetets baby. Dette er tyngda, forløysinga mi. Eg var ført fram til ein tvil, ein tvil unnfanga av den rasjonelle tanken og den kritiske sansen.
Og mange gongar kom eg i sterk tvil om tvilen. Eg møtte heilstøypte akademikarar. Eg fikk ein professor av kjøt & blod som rettleiar. Eg las gode, spanande artiklar.
Descartes seier at den metodiske tvil vil føre til eit sikkert haldepunkt der tvilen må stanse. Men min tvil var ikkje metodisk. Han var emosjonell og irrasjonell. Eg ville ikkje vere i Newtons verd.
Eg ville heller stige opp i Fellinis lydlause kameravogn, bli ført fram av fire italienarar. Eg ville feie og kretse gjennom lufta mens Fellini påkalte sitt univers. Her var alt falskt. Trea og motorvegane var falske. Månen var ein ballong på ein himmel av nylon. Men det var ikkje ein måne. Det var sjølve Månen.
Alt var ekte.
Så der slutta min karriere som akademisk borgar.
Inne i ein rosa dress.
Eg fikk laud. Eg fikk jappedress.
Eg skreiv anonymt brev til instituttet:
"Eg erklærer at min eksamenskarakter ikkje står i noko rimelig samsvar med min arbeidsinnsats på dette faget. Arbeidet har i grove trekk hatt karakter av sjokoladeeting, opphald på pauserommet, flytting av Fantomet-blad frå den eine sida av pulten til den andre, mandarineting, nye opphald på pauserommet, LP-platekjøp, kinobesøk, stirring ut i lufta osb".
Og så hører det med at eit anna vilkår var knytta til denne tungt symbollada Poco Loco-dressen. Eg fikk han bare dersom eg gikk med han på mitt eige fakultet; Bergen Filmklubb. På den tradisjonelle juletrefesten.
Tiåret var no komme såpass ut av startblokkene at alle på Nygårdshøyden gikk i svart. Ikkje eg.
Eg gikk i rosa.
Eg visste det då. Det var alt eg ville.
Å gå langs vegen som ein vanlig mann.
Eg plystra. Eg song.
I wanna be loved by you alone
Bubo-bubo bee-doo!
1 Bratteli sitt klassehat er veldokumentert (sjå mellom anna Jacobsen, Roy (1995): "Trygve Bratteli - en fortelling") og eit viktig premiss for DNA si sterke satsing på utdanning i etterkrigstida.
2 Fløgstad, Kjartan (1977): "Skipsekspedisjonen" frå romanen "Fyr og flamme", Det Norske Samlaget.
3 Leninhøyden: folkelig og ironisk omgrep for Nygårdshøyden i dei radikale seksti- og syttiåra.
4 Who, The: britisk rockgruppe, mest kjent for generasjonshymna "My Generation" samt eit uvanleg høgt forbruk av instrument og kjemikalier.
5 Østerberg, Dag (1991): "Universitet og vitenskap i dagens samfunn", Samtiden nr 3/91.
6 Teller, Edward (1979): Intervju i Playboy.
7 Monroe, Marilyn (1959): "I Wanna Be Loved By You" frå filmen "Some Like It Hot".
8 Kven hugsar ikkje Stirraren, mannen som blei hjerneoperert av russiske legar? Dei skar ut eit stykke av huda, trekte sårkantane inntil kvarandre og sydde saman. I panna tatoverte dei "Khrustsjovs slave". Etter tre slike operasjonar var pannehuda så stram at mannen ikkje lenger kunne lukke augene.
9 Jo, her er eg kraftig ute å kjøre når det gjeld referansane for Joseph Beuys sitt utsagn. Sorry!
10 Morrissey, Stephen P. (1985): "The Headmaster Ritual" frå Smiths-plata "Meat Is Murder", Warner.
11 Hauge, Olav H. (1980): "Når det kjem til stykket" frå Janglestrå, Det Norske Samlaget.
12 Botta, fotnotens fanatikar, får endelig si eiga fotnote! Den ishockeyinteresserte studenten var ein hund etter fotnotar og skreiv alltid eksamsoppgåver han meinte måtte vere Planken, men han strauk like forbanna.