Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Praksis i arbeidslivet

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Praktikantopphaldet skal bidra til å utvikla den faglege kunnskapen til studentane i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verta meir medvitne om eiga yrkesrolle og om korleis det er å arbeida ved bedrifter/institusjonar der utdanninga er relevant.

Innhald

Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den bedrifta/institusjonen dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante for deira faglege kompetanse og arbeidsstaden sine behov. Arbeidsoppgåvene til den enkelte student vil verta konkretiserte i ein kontrakt mellom studenten og den enkelte institusjon/bedrift.

Sjå informasjon om dei ulike bedriftene/institusjonane som deltek i emnet her: http://www.uib.no/ahkr/45357/ahkr201-%E2%80%93-praksisemne-ved-ahkr

Læringsutbyte

Kunnskapar

Gjennom praksisopphaldet har kandidaten tileigna seg erfaringar og kunnskapar relevante for den bedrifta/institusjonen han har praksisopphald ved, og dei arbeidsoppgåvene han blir sett til. Kandidaten har kunnskap om korleis bedrifter/institusjonar organiserer arbeidet sitt, og relaterer faglege spørsmål til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.

Ferdigheiter

Kandidaten kan nytta fagleg kunnskap i ein praktisk arbeidssituasjon og reflektera over dei val som vert gjorde.

Generell kompetanse
Kandidaten kan planleggja og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe. Kandidaten kan utveksla synspunkt og erfaringar om fagleg verksemd og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis og kan også reflektera over eiga rolle i arbeidssituasjonen.

Krav til forkunnskapar

-Minst 60 studiepoeng i eitt av faga det vert undervist i ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet har eit eige opptak, og har plass til inntil 10 studentar. Alle studentar med studierett ved HF kan søkja om opptak.

Søknadsprosedyre

Ein søkjer på eige skjema som kan lastast ned frå AHKRs nettsider.

Søknaden skal mellom anna innehalda ein motivasjonstekst som saman med karakterar og studieprogresjon vil verte vurdert i opptaksprosessen. Det kan og verte aktuelt å kalla søkjarar inn til intervju.

Søknadsfrist

1. november for opptak i følgjande semester.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Form: Seminar og individuell rettleiing

Tal veker: om lag 16 veker

Ved semesterstart vert det halde oppstartsseminar med fokus på å førebu studentane på praksis, der ein viktig del er å gjera studentane medvitne om sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. På oppstartsseminaret vil også deltakande bedrifter/institusjonar presentera seg og dei tilbod dei har til studentane.

Studentane får rettleiing både frå bedrifta/institusjonen og frå Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Kvar student får minimum ein individuell rettleiingstime på instituttet, i tillegg til minst fire fellessamlingar der ein drøftar arbeidet ved institusjonane/bedriftene og innsendte utkast til praksisrapportar. Studentane skal i ein praksisrapport greia ut om, og om mogeleg dokumentera, arbeidsoppgåvene sine, drøfta sin eigen kompetanse i forhold til praksisen og reflektera over praksissemesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må ha oppfylt følgjande arbeidskrav:

- Deltaking på oppstartsseminaret

- Om lag 200 timars praksisperiode i ein godkjend institusjon/bedrift etter ein kontrakt inngått mellom student, AHKR og institusjonen/bedrifta.

- Kommentera skriftleg minst tre andre studentar sine praksisrapportar


Obligatoriske arbeidskrav er gjeldande i to semester inkludert undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ein praksisrapport med ein justerande munnleg eksamen. Det skriftlege eksamensarbeidet (praksisrapporten) skal vere på om lag 5000 ord.

Karakterskala

I vurderinga av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F (der F er stryk)

Litteraturliste

Det vert utarbeidd ei litteraturliste på om lag 600 sider.

Emneevaluering

Det vil verta arrangert eit evalueringsseminar i slutten av semesteret.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Praksisrapport og justerande munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Praksisrapport

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen