Hjem

Utdanning

Masteremne

Forskingsfordjupning etter mastergrad

Studienivå (studiesyklus)

Post master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Element som inngår i emnet er:

- å bli kjend med vitskapleg publisering,i tidsskrift

- å få trening i å gi og motta tilbakemeldingar til og på vitskaplege artiklar, såkalla fagfellevurdering

- på basis av masteroppgåva å produsere ein vitskapleg artikkel som er så gjennomarbeidd at han kan sendast inn til eit vitskapleg tidsskrift (nivå 1 eller 2). Studenten skal i eit vedlegg til artikkelen kort presentere tidsskriftet og gjere greie for tidsskriftet si tematiske orientering

- på basis av masteroppgåva å lage ein konferansepresentasjon

- å arbeide med søknadar til eit forskingsprosjekt

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har avanserte kunnskapar om vitskaplege publiseringsorgan, publiseringspraksis, skriveprosess og fagfellevurdering av artiklar og søknader.

Ferdigheter

Studenten kan skrive ein vitskapleg artikkel og ein forskingssøknad, har erfaring i å gi og motta fagfellevurdering og i å førebu og presentere eit eige paper i ein konferansesamanheng.

Generell kompetanse

Studenten kan ordlegge seg klart, tydeleg og målfokusert, strukturere tankane sine og komme med kritisk tilbakemelding til andre sitt arbeid.

Krav til forkunnskapar

Mastergrad i arkeologi, historie, kulturvitskap, religionsvitskap eller region og regionalisering, med karakteren A eller B på masteroppgåva.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med mastergrad og ein gyldig studierett ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i form av førelesingar og seminar, normalt minimum 3 dobbeltimar førelesing og 5 seminarsamlingar der studentane får øving i konferansepresentasjon og arbeidet med tekstane omtalt under «Mål og innhald». I tillegg vert det tilbydd individuell rettleiing etter behov og ressursar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Deltaking på seminarsamlingar (minst 75 prosent)

- Godkjend fagfellevurdering av medstudentars artiklar

- Kommentering av medstudentar sine presentasjonar og søknadar.

Vurderingsformer

Vurderinga er sett saman av to delar:

1) Vitskapleg artikkel som er så gjennomarbeidd at han er klar til å bli sendt inn til eit vitskapleg tidsskrift.

2) Munnleg eksamen der studenten får høve til å diskutere skriveprosessen og val av kjelder og tilnærmingsmåte.

Begge eksamensdelar må avleggjast i same semester, og begge må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Litteraturliste

Pensum omfattar ein eller fleire bøker om akademisk skriving/publisering og eit utval av 5 artiklar som nyleg har blitt publiserte i fleire relevante vitskaplege tidsskrift. Det vert og forventa at studentane les og kommenterer kvarandre sine arbeid.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Vitskapleg artikkel og munnleg eksamen

    Innleveringsfrist
    01.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    17.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen