Hjem

Utdanning

Masteremne

Historieformidling etter mastergrad

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeAHKR392
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Post-master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Gjennom studiet vil studentane få betre kjennskap til ulike formidlingsformer i historie, og aktuelle problemstillingar som reiser seg i møtet mellom historie som forskingsfag og behov og forståingshorisontar i samfunnet.

Studentane skal tileigne seg teoretisk kunnskap knytt til historiebruken i samfunnet, øve opp praktiske ferdigheiter i historieformidling og bli i stand til å kritisk reflektere over eiga og andre si historieformidling.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studentane kjenner til relevante teoretiske tilnærmingar til historieformidling som fenomen, og kva utfordringar ein som historikar står overfor når det gjeld å formidle ein fagleg bodskap til eit breiare publikum. Dei kjenner til ulike formidlingsformer i historie, og dei spesifikke utfordringar desse står overfor.

Ferdigheiter

Studentane er i stand til å vurdere og analysere ulike former for historieformidling ut frå ein teoretisk ståstad, og er også i stand til å kunne utvikle og kritisk reflektere rundt eiga historieformidling.

Generell kompetanse

Studentane har kompetanse på å vurdere og analysere ulike former for historieformidling, og å sjølv formidle eit faglig tema til eit breiare publikum.

Krav til forkunnskapar

Mastergrad

Tilrådde forkunnskapar

Mastergrad i historie

Studiepoengsreduksjon

HIS308

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som har fullført mastergrad i historie, med unntak av studentar som allereie har tatt HIS308, og som har studierett ved UiB. Studentar med fullført mastergrad i arkeologi, kulturvitskap, religionsvitskap eller region og regionalisering kan søke om opptak.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt som førelesningar, seminar og besøk ved ulike verksemder som driv med historieformidling

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Inntil to seminarframlegg

Vurderingsformer

Vurderinga består av to delar: ei mappevurdering og ein munnleg eksamen.

Mappa skal innehalde tre tekstar som blir vekta likt. To av tekstane skal formidle eit historiefagleg tema til eit breidare publikum. Sjangrar kan vera ein populærhistorisk artikkel, ein aviskronikk, eit intervju, ein leksikonartikkel eller ein læreboktekst. I særlege tilfelle kan andre sjangrar nyttast etter avtale med faglærar. Tekstane må vera av ulike sjangrar, og minst ein av dei må ha eit tema knytt til studenten si masteroppgåve. Det må klart gå fram i kva samanheng tekstane er tenkt publiserte. Tekstane skal ikkje overlappe kvarandre tematisk.

Den tredje teksten skal vera ein analyse av ein «case» kor historie vert formidla, f.eks. eit minnesmerke, ei museumsutstilling, ein film/tv-serie eller ei bokutgjeving. Analysen skal bygge på relevante perspektiv frå pensum, og ha eit omfang på minst 1500 ord. Val av «case» gjerast i samråd med faglærar.

Totalt skal mappa ha eit omfang på 4000-5000 ord, og får ein samla karakter frå A-F der F er stryk.

Den munnlege prøva diskuterer mappetekstane og kan justere karakteren på mappa. Den munnlege prøva kan maksimalt endre karakteren med éin bokstavkarakter. Mappa må vera greidd for å kunne gå opp til munnleg eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister med pensum på om lag 600 sider. I tillegg utarbeider studentane eit sjølvvalt pensum på om lag 600 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no