Gå til innhold
English A A A
Emne AHS311

Tradisjonar i arbeidslivsforskinga

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Krav til forkunnskaper Emnet er ope for alle studentar som er teke opp til eit mastergradsstudium ved UiB.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Læringsmål

Gjennom ein historisk tilnærming skal humanistiske, samfunnsvitskaplege og psykologiske perspektiv på arbeid og arbeidsliv presenterast og problematiserast. Med utgangspunkt i tonegjevande forskingstema, teoriar og metodar vil disiplinane sine særtrekk og likskap bli drøfta. Føremålet er å gje studentane eit grunnlag for kritisk refleksjon kring dei teoretiske og metodologiske føresetnadane for dei ulike tradisjonane i arbeidslivsforskinga.

Fagleg innhald

Emnet skal gje studentane oversikt over og innsikt i sentrale fagtradisjonar i norsk og internasjonal arbeidslivsforsking.

Krav til forkunnskapar

Emnet er ope for alle studentar som er teke opp til eit mastergradsstudium ved UiB.

Læremiddelomtale

Eit pensum på 1000 sider skal presentera sentrale tekstar og vise eit oversyn over humanistiske, samfunnsvitskaplege og psykologiske tradisjonar i arbeidslivsforskinga.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gitt i form av tre samlingar/seminar over tre dagar med førelesningar, gruppearbeid og diskusjon.

Evaluering

Emnet vert evaluert jamneleg

Vurdering / eksamensformer

Studentane skal levere inn, i to eksemplar, ei semesteroppgåve på 10-12 sider. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F.