Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå opplysingstida/romantikken til mellomkrigstida

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Emnet består av ei rekke litterære hovudverk og eit utval sentrale litteraturteoretiske tekstar frå opplysningstida/romantikken til mellomkrigstida. Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.


ALLV113 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • gode kunnskapar i den eldre litteraturen frå opplysningstida/romantikken til mellomkrigstida.
  • god kjennskap til teoretiske problemfelt i den eldre litteraturen

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • på eit grunnleggjande nivå fortolke og samanlikne viktige verk og forfattarar i litteraturen opplysningstida/romantikken til mellomkrigstida.
  • gjere greie for kjenneteikn ved litteraturteori og estetikk i tida frå mellomalderen/renessansen til opplysningstida/romantikken

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
  • leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Studiepoengsreduksjon

 Overlapp ALLV103 10 studiepoeng

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal halde eit munnleg innlegg i samband med kollokvia. Innlegget må innleverast skriftleg (5-7 sider) og godkjennast av kollokvieleiar før ein kan gå opp til eksamen.

Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mitt UiB eller blir opplyst ved instituttet.

Vurderingsformer

 6-timars skuleeksamen.

Karakterskala

 Karakterskala A - F.

Litteraturliste

 Emnet består av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay og eldre litteraturteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretiske tekstar.

Emneevaluering

 Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    20.11.2017, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    06.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen