Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Allmenn litteraturvitkap: Moderne litteratur og litteraturteori

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

 Emnet består av litterære hovudverk og eit større utval av sentrale litteraturteoretiske tekstar frå mellomkrigstida fram til i dag. Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk og innføringar i den moderne litteraturteorien inngår òg i studiet.

ALLV114 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • gode kunnskapar i den nyare litteraturen og litteraturteorien frå mellomkrigstida og til i dag. opplysningstida/romantikken til mellomkrigstida.
  • god kjennskap til teoretiske problemfelt i den nyare litteraturen

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • på eit grunnleggjande nivå fortolke og samanlikne viktige verk og forfattarar i litteraturen den nyare litteraturen og litteraturteorien frå mellomkrigstida og til i dag.
  • gjere greie for kjenneteikn ved den nyare litteraturen og litteraturteorien frå mellomkrigstida og til i dag.

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
  • leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Studiepoengsreduksjon

 Overlapp ALLV104 10 studiepoeng

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Studentane skal skrive ei obligatorisk øvingsoppgåve, som dei får tilbakemelding på. Øvingsoppgåva blir då grunnlag for ei semesteroppgåve

Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mitt UiB eller blir opplyst ved instituttet.

Vurderingsformer

 Skriftleg semesteroppgåve på 3000-3500 ord og munnleg eksamen.

Oppgåva skal leverast til oppsett frist på slutten av semesteret. Til munnleg eksamen kan ein bli eksaminert i heile pensum.

Kandidaten må greie begge eksamensdelane i same semester. Kvar del tel 50% av den samla karakteren.

Karakterskala

 Karakterskala A - F.

Litteraturliste

 Pensumet er samansett av et større utval av litteraturteoretiske tekstar, av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay.

Emneevaluering

 Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve og munnleg eksamen

    Innleveringsfrist
    21.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    07.11.2017
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Oppgåve

      Innleveringsfrist
      21.11.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen