Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Allmenn litteraturvitskap Litteraturteoretisk særemne

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Undervisningssemester

Vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ALLV 201 gir studenten fordjupande innsikt i ei litteraturteoretisk retning, eit litteraturteoretisk forfatterskap eller problemområde. Gjennom studiet får studenten ei grundig forståing for eit avgrensa felt i allmenn litteraturvitskap. Instituttet tilbyr kvart semester undervising i minst eitt fordjupingstema. Tema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • grundige kunnskapar om eit avgrensa felt eller emne innanfor litteraturvitskapleg teori

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar
  • demonstrere ferdigheiter i å analysere litteraturteori, posisjonere forskingslitteraturen litteraturvitskapleg
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid

Generell kompetanse

Studenten kan

  • aktualisere og problematisere litteraturteori slik at den kan komme til nytte i ulike andre faglege samanhengar
  • demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

ALLV111-114

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Studenten vel ei av følgjande to vurderingsformer:

  • 6 timars skuleeksamen

eller

  • prøveforelesing på om lag 30 minutt med tema oppgitt 7 dagar før prøveforelesinga

Ein vel vurderingsform når ein melder seg opp til emnet. Det er ikkje mogeleg å endre vurderingsform etter at oppmeldingsfristen har gått ut.

Karakterskala

Karakterskala A - F

Litteraturliste

Pensum i det litteraturteoretiske særområdet omfattar ca. åtte verk. Av desse skal to verk (eller tekstutval) vere litterære tekstar og minst seks skal vere teoretiske. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk. Dei litterære verka skal om mogleg lesast på originalspråket.

Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prøveforelesing

    Trekkfrist
    24.11.2017
  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    08.12.2017, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    24.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen