Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Allmenn litteraturvitskap: Litterært særemne

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Undervisningssemester

Vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ALLV 202 gir studenten fordjupande innsikt i eit problemområde. Gjennom studiet får studenten ein grundig forståing av eit avgrensa felt i allmenn litteraturvitskap. Instituttet tilbyr kvart semester undervising i minst eitt fordjupingstema. Tema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • grundige kunnskapar om eit avgrensa felt eller emne innanfor eit problemområde

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar
  • demonstrere ferdigheiter i å analysere litterære verk, posisjonere forskingslitteraturen litteraturvitskapleg
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • aktualisere og problematisere eit litterært problemområde slik at det kan kome til nytte i ulike faglege samanhengar
  • demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ALLV111-114.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Vurderingsformer

Studenten vel ei av følgjande to vurderingsformer:

  • 6 timars skuleeksamen

eller

  • Prøveforelesing på om lag 30 minutt med tema oppgitt 7 dagar før prøveforelesinga

Ein vel vurderingsform når ein melder seg opp til emnet. Det er ikkje mogeleg å endre vurderingsform etter at oppmeldingsfristen har gått ut.

Karakterskala

Karakterskala A - F

Litteraturliste

Pensum i det litterære særområdet omfattar ca. åtte verk. Av desse skal to vere av teoretisk karakter og minst seks skal vere skjønnlitterære. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk. Dei litterære verka skal om mogeleg lesast på originalspråket.

Instituttet gjer normal framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prøveforelesing

    Trekkfrist
    09.10.2017
  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    23.11.2017, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    09.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen