Hjem

Utdanning

Masteremne

Litteraturvitskapleg grunnkurs

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ALLV301 tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar. I tillegg omfattar emnet ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med framdriftsplan, som er grunnlag for tildeling av rettleiar. 

ALLV301 er eit praktisk innføringskurs som skal munne ut i ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med framdriftsplan. Studenten skal òg løyse frå to til tre oppgåver som til saman utgjer ei mappe.

Læringsutbyte

Studenten vil lære å utarbeide relevante problemstillingar og meistre arbeidsmetodar som trengst for å jobbe sjølvstendig med eit lengre litteraturfagleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert som seminarsamlingar, men omfattar også gruppearbeid, eigne arbeid, felles og individuell rettleiing. Normalt omfang er omlag 30 undervisningstimar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen vert det kravd at studenten har teke del i minst 75 prosent av undervisninga i emnet ALLV301 og i dei aktivitetane som undervisninga omfattar.
Kursdeltaking blir godkjent av kursleiar.

Vurderingsformer

ALLV301 skal munne ut i ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med arbeidsplan (inntil 8 sider). I tillegg skal studenten løyse frå to til tre oppgåver som til saman utgjer ei mappe.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått.

Litteraturliste

Pensum er sett saman av ei tekstsamling (kompendium) m.a. av tidlegare godkjende prosjektskisser, utdrag frå tidlegare godkjende hovud/masteroppgåver, kortprosatekstar, dikt, og anna skjønnlitterært og/eller essayistisk tekstmaterial. I tillegg består pensum av eitt romanverk, eitt drama, og eit utval dikt på 20 sider. Endeleg omfattar pensum ei innføringsbok i det å skrive masteroppgåve. Det vil også bli vist til eit utval tekstar som eksemplifiserer ulike former for litteraturvitskapeleg praksis.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg oppgåve

    Innleveringsfrist
    17.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    03.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen