Hjem

Utdanning

Masteremne

Litteraturvitskapleg særemne II

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.

ALLV304 er eit litteraturfagleg spesialiseringsemne som blir valt ut frå dei kurstilboda som fagmiljøet har til ei kvar tid på 200- og 300-nivå. Det omfattar litterære tekstar og litteraturfagleg relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema.

Det er også mogleg å byggje opp sine eigne særemne i samråd med faglærar. ALLV304 kan erstattast av KVIK203, KVIK204 eller RET206 dersom desse ikkje allereie inngår som ein del av studenten sin bachelorgrad.

Læringsutbyte

Studenten lærer å reflektere over litteraturvitskaplege problemstillingar og arbeide sjølvstendig med desse.

Krav til forkunnskapar

Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman omlag 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mitt UiB eller blir opplyste ved instituttet.

Vurderingsformer

ALLV304 blir vurdert på basis av enten ein 7 dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord), eller ein munnleg prøveforelesing med emne oppgitt 7 dagar før prøveforelesinga (ca. 30 minutts lengd).

For ALLV302, 303 og 304 gjeld det at éin (og berre éin) av desse eksamenane skal avleggjast som prøveforelesing.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Pensum i ALLV304 skal bli sett saman av ca åtte verk omkring eit nærare avgrensa og litteraturfagleg relevant emne. Av dei åtte verka skal minst to vere litterære og minst to teoretiske. Tema kan konsentrerast om ein litteraturhistorisk periode, ein litterær tradisjon, ein genre, ein forfattarskap, eit tema, eit motiv eller ei teoretisk problemstilling. Pensum må ikkje liggje for tett opp til det som er tema for masteroppgåva, og skal normalt ikkje omfatte verk eller tekstar som ein har lagt opp ved tidlegare universitetseksamenar.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prøveforelesing

    Trekkfrist
    03.11.2017
  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    24.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    03.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen