Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Studentane skal gjennom kurset tileigne seg kunnskap om sentrale grunntema i faget. Det vil bli lagt vekt på å få fram:

  • grunntema i samfunnsvitskapleg teori og særtrekk ved administrasjon og organisasjonsvitskap i skjeringsfeltet mellom organisasjon/administrasjonsforsking og statsvitskap.
  • korleis analysemåtane i faget artar seg på ulike utvalde empiriske og tematiske nedslagsfelt
  • sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon
  • oppbygging og verkemåte til sentrale politisk-administrative institusjonar
  • vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag for faget

Gjennom introduksjon av sentrale faglege tema skal studentane øvast opp til å bruke organisasjon og organisering som forklaringsfaktor i analyse av forskingsresultat frå empiriske undersøkingar av sektorar i offentleg politikk.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Gjera greie for grunntema i samfunnsvitenskapelig og særleg statsvitenskapeleg teori.
  • Gi ei oversikt over sentrale perspektiv i faget i skjeringsfeltet mellom organisasjonsforkning og statsvitenskap
  • Gjera greie for det sentrale vitskapsteoretiske og metodiske fundamentet for faget.
  • Gi ei oversikt over sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon.
  • Gjere greie for norske politiske og administrative institusjonar.

Ferdigheiter

  • Bruke teoriar om politikk og administrasjon til å analysere politisk-administrative institusjonar.

Generell Kompetanse

  • Kunna skrive faglege tekstar som reflekterer hovudprinsippp for akademisk skriving.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Ope emne.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar. Det vert omkring 20 førelesningar og 12 seminarsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar (minimum 75 %) og ei skriftleg gruppeoppgåve 2500 ord ( +/- 10 %) . Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Arbeidsoppgåvene og oppmøte må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Gruppeoppgåve med utgangspunkt i eit empirisk døme.
  • 4 timar skriftleg eksamen

Dei to vurderingane tel 50% kvar av sluttkarakter.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Full faglig overlapp og fullstendig poengreduksjon i forhold til AORG100B og AORG100

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: AORG100A, AORG100B, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT100, SOS100A, SOS100B, EUR101, POLECON100 . Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emne vert evaluert kvart 3. studieår.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@aorg.uib.noStudierettleiar@aorg.uib.no

Studierettleiar@aorg.uib.no

Tlf 55 58 21 54 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen og gruppeoppgåve

    Trekkfrist
    09.11.2017
    • Eksamensdel: Gruppeoppgåve

      Innleveringsfrist
      23.11.2017, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skuleeksamen

      Dato
      28.11.2017, 09:00
      Varigheit
      4 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen