Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Studentane skal gjennom kurset tileigne seg kunnskap om sentrale grunntema i faget. Det vil bli lagt vekt på å få fram:

  • særtrekk ved den historiske utviklinga av ulike perspektiv i faget, i skjeringsfeltet mellom organisasjon/administrasjonsforsking og statsvitskap/offentleg politikk
  • korleis denne analysemåten artar seg på ulike utvalde empiriske og tematiske nedslagsfelt
  • sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon

Gjennom introduksjon av sentrale faglege tema skal studentane øvast opp til å bruke organisasjon og organisering som forklaringsfaktor i analyse av forskingsresultat frå empiriske undersøkingar av sektorar i offentleg politikk.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Gjere greie for norske politiske og administrative institusjonar.
  • Gi ei oversikt over sentrale perspektiv i faget, som ligg i skjeringsfeltet mellom organisasjonsforskning og statsvitenskap.

Ferdigheiter

  • Bruke teoriar om politikk og organisasjon til å analysere politiske og administrative
  • Gi ei oversikt over sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon.

Generell kompetanse

  • Kunna skrive faglege tekstar som reflekterer hovudprinsippp for akademisk skriving.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Ope emne for alle studentar ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar. Det vert omkring 12-16 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg oppgåve 2500 ord ( +/- 10 %) . Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Full faglig overlapp og fullstendig poengreduksjon i forhold til AORG100A og AORG100

 For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: AORG100A, AORG100B, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT100, SOS100A, SOS100B, EUR101, POLECON100 . Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emne vert evaluert kvart 3. studieår.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@aorg.uib.no

Tlf: 55 58 21 54

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    28.11.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    14.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen