Organisasjonsteori
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust/Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse
Læringsutbyte
Studentane skal ha tileigna seg kunnskap om omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar. Dei skal også ha god kunnskap om ulike typar organisasjonar og kunne vite kva slags leiarskap som er mest sannsynleg i kvar av typane.
Studentane skal kunne gjere ein elementær klassifisering og analyse av organisasjonar og kunne finna ut av korleis den kulturelle og samfunnsmessige konteksten verkar inn på organisering og leiarskap.
Kontaktinformasjon
post@aorg.uib.no
Undervisningssemester
Haust/Vår
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Ope emne
Mål og innhald
Den verda vi lever i er gjennomorganisert - vi lever og døyr i meir eller mindre formelle organisasjonar. Å kunne analysere ulike organisasjonsmønstre og -prosessar er grunnleggjande for å kunne forstå korleis avgjerder fattast og korleis vi påverkast og påverkar som enkeltborgarar, konsumentar og som grupper. Innanfor ein statsvitskapleg ramme vert organisering ein viktig forklaringsfaktor for korleis samfunnet styrast og dermed eit viktig studieobjekt. I økonomisk samanheng er organisasjonsutforming viktig for effektivitet og nyskaping og kulturelle og religiøse strømmingar uttrykkjast gjennom organisasjonar.
Kurset skal gi oversikt over grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar og gi innsikt i korleis organisasjonsteoriar kan tene som reiskap for å kunne analysere offentlege så vel som private organisasjonar. Ein skal øvast i å bruke ulike innfallsvinklar til analysane og kunne vise kritisk sans og sjølvstende i val av omgrep og metodar.
Emne for kurset vil mellom andre vere følgjande:
- Korleis fungerer byråkrati og kva er dei samfunnsmessige føresetnadene for byråkratisering?
- Kva kjenneteiknar ekspertorganisasjonar og organisasjonar som gir rom for entreprenøreigenskapar?
- Kva slags muligheiter og avgrensingar ligg i organisering i grupper og såkalla team?
- Korleis skiljar offentleg sektor seg frå privat sektor når det gjeld oppgåver, organisasjonsformer, leiing og ytre arbeidsføresetnader?
- Korleis kan ulike måtar å organisere på fremje bestemte formål og gruppeinteresser og stenge andre ute?
- Korleis kan vi forstå den såkalla postmoderne verden med nettverk, virtuelle organisasjonar og sosiale medier i organisasjonsteoretisk samanheng?
- Kva slags former for leiing kan ein identifisere og korleis samverkar leiingsformer med organisasjonstypar, sektoreigenskapar og eigenskapar ved nasjonale kulturar?
Kurset gir ein oversikt over moderne og postmoderne perspektiv på organisasjonar. Cases og dømetilfang blir henta frå ulike samfunnsfelt og arbeidslivsområde. Kurset er organisert ut frå følgjande temainndeling: Del 1: Introduksjon til studiet av organisasjonar, med presentasjon av "klassiske" idear om organisering og ein oversikt over ulike analysemodellar. Del 2: Presentasjon av sentrale organisasjonsteoretiske omgrep og prosessar. Det vert lagt særleg vekt på ulike styrings - og leiingsformer. Del 3: Sentrale problemstillingar og tema i studiet av organisasjonar med vekt på kultur, samfunn og offentleg sektor som kontekst for teori, organisasjonsformer og handling.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal ha tileigna seg kunnskap om omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar. Dei skal også ha god kunnskap om ulike typar organisasjonar og kunne vite kva slags leiarskap som er mest sannsynleg i kvar av typane.
Studentane skal kunne gjere ein elementær klassifisering og analyse av organisasjonar og kunne finna ut av korleis den kulturelle og samfunnsmessige konteksten verkar inn på organisering og leiarskap.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Undervisning og omfang
Førelesningar og seminargrupper
Obligatoriske arbeidskrav
Gruppeoppgåve. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Heimeeksamen og fire timar skuleeksamen.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emne vert evaluert kvart 3. studieår.
Kontaktinformasjon
post@aorg.uib.no