Politikk og forvalting
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | Nei |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse
Læringsutbyte
Studenten har etter kurset tileigna seg innsikt i organiseringa av og verkemåten til dei viktigaste formelle institusjonane i det norske politisk-administrative systemet som storting, regjering, sentralforvaltning og kommunale styringsorgan samt internasjonale styringsorgan, til dømes EU. Vidare har studenten fått innsikt i korleis politikk vert påverka, både i vedtaks- og iverksettingsfasen. Dette føreset ei forståing av dei roller som profesjonar, interesseorganisasjonar og borgarar speler. Studenten kan også vurdere heilskapen i det politiske system sett frå ulike demokratiperspektiv og med vekt på den enkelte borgaren sine ulike roller og føresetnader.
Kontaktinformasjon
post@aorg.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust og vår. Fom. haust 2012 kun haust.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Ope
Mål og innhald
Føremålet med kurset er å gi ei innføring i organiseringa og verkemåten til dei sentrale institusjonane i det norske politisk-administrative systemet. Fokus vert retta mot korleis politiske og administrative strukturar og prosessar på nasjonalt, regionalt, lokalt og overnasjonalt nivå påverkar utforminga av og innhaldet i offentlege tiltak.
Kurset gir kunnskap om storting, regjering, sentralforvaltning, fylkeskommunale og kommunale styringsorgan. Forholdet mellom aktørar og grupperingar i samfunnet og det politisk-administrative styringsverket er også sentrale tema. Særleg vil det bli fokusert på den rolla interesseorganisasjonar og profesjonar spelar, og på forholdet mellom forvaltninga og den enkelte borgar.
Læringsutbyte/resultat
Studenten har etter kurset tileigna seg innsikt i organiseringa av og verkemåten til dei viktigaste formelle institusjonane i det norske politisk-administrative systemet som storting, regjering, sentralforvaltning og kommunale styringsorgan samt internasjonale styringsorgan, til dømes EU. Vidare har studenten fått innsikt i korleis politikk vert påverka, både i vedtaks- og iverksettingsfasen. Dette føreset ei forståing av dei roller som profesjonar, interesseorganisasjonar og borgarar speler. Studenten kan også vurdere heilskapen i det politiske system sett frå ulike demokratiperspektiv og med vekt på den enkelte borgaren sine ulike roller og føresetnader.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Fagleg overlapp
Nei
Undervisning og omfang
Førelesingar og seminar
Ei førelesning og ei seminarsamling
10-14 veker
Det vert omkring 12- 16 førelesingar og 8 - 12 seminarsamlinger
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emne vert evaluert kvart 3. studieår.
Kontaktinformasjon
post@aorg.uib.no